GRÅTT: – Eg vil ikkje bli pressa inn i ein boks enten av dei konservative kristne eller dei som går i ei pride-parade. Eg må få lov å stå midt i nyansane.
Erlend Berge
I skyttargravene ligg konservative kristne og homoaktivistar. I kryssilden står Simon Stisen
MI TRU: Å vera ein konservativ kristen mann som er kjærast med Høgre-toppen Henrik Asheim har gjort Simon Stisen utsett for fordommar frå alle kantar. Men pinsevenen har ikkje kome ut av skåpet berre for å bli pressa inn i ein ny boks.
Denne saken ble først publisert 29. april 2022.
Facebook-profilen til Simon Stisen er full av milepælar. Jobboppdateringar, det fyrste grå håret, vektnedgang, livets fyrste kaffikopp. Men aller flest reaksjonar har eitt innlegg frå mars i år.
Innlegget har han bruka ein månad på å skrive. Kvart ord er nøye valt ut. Han veit at journalistar kjem til å lesa det. Kanskje trekke slutningar han ikkje står inne for. Laga overskrifter som sårar menneske han er glad i.