I ein kommentar i Vårt Land priser Halvor Nordhaug markeringa av kristenretten på Moster som ein veg inn til trua. Han legg ut om korleis lovverket radikalt endra tankesettet som nordmenn har hatt med seg fram til i dag. Skipet Noreg skifta altso kursen for verdiane her til lands.
Eg motseier dette med formuleringa til rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde, somomtalar innføringa av kristenretten som: «Eit bra forsøk som lukkast med litt, men ikkje meir enn det.»
Nyansane kokar bort i feiringa
Kristenretten var eit kjempesprang for å betra synet på menneskeverdet i Noreg, men nyansane av innføringa kokar bort i feiringa. Eg vil dimed visa fram skuggen av glansbiletet som Nordhaug måler, og syna fram vedtektene som ikkje får like mykje merksemd i markeringa av Moster 2024.
Ein av dei viktigaste verdibaserte endringane frå kristenretten var at ein ikkje skulle bera ut barn for å døy. Skikken var av Snorre knytt til førkristen tid, og endringa kom sannsynlegvis frå den europeisk-kristne kulturen. Likevel kunne ein lata sterkt funksjonsnedsette born døy, utan å unngjelda bota som fylgde. Sunde fortel at dette vart gjort med å leggja barnet i ei grav med ei helle oppå, for so å leggja jord på når det vart stille.
Eg vil visa fram skuggen av glansbiletet som Nordhaug måler
Dette var eit atterljom av «overleving av dei sterkaste»-mentaliteten frå den førkristne tida.
Sjølv på 1200-talet, nokre hundre år seinare, kunne ein endå høyra klangen frå før kristenretten, til dømes i gravgangsordninga. Dette gjekk ut på at dersom sveltande fattigfolk kom på døra og spurde etter mat, skulle ein stappa dei oppi i ei grav til berre ein av dei overlevde. Denne personen skulle ein gje mat til resten av livet deira, altso den som klarte seg best. Sjølv etter fleire mannsaldrar, fanst det endå samfunnsordningar som ikkje samsvara med menneskesynet reflektert i kristenretten.
Eit godt grunnlag
Sjølvsagt, vil arrangørane av Moster 2024 forenkla ganske mykje av denne soga. Mykje av dette var dessutan gjort unna med i Magnus Lagabøte sin landslov frå midten av 1270-talet. Denne lova bygde nemleg vidare på kva kristenretten hadde starta og innlemma mellom anna eit slags fattigvesen. Dette gjorde at dei fattigaste i samfunnet endå kunne få høve til å klara seg.
Kan me endå, med grunnlag i kristenretten, vera so frimodige i trua som Nordhaug seier?
Eg ordlegg meg soleis: Alle dei som har vore i kyrkja på Moster kan vitna om det same; kalkkvite veggar, prega av falma måling i burgunder som manar fram scener i frå Bibelen. For folk som ikkje kunne lesa, var dette eit godt hjelpemiddel. Dei vart måla på 1600-talet, og var ikkje til stades då kristenretten åt Olav endå gjaldt i Noreg. Soleis kom teikningane seinare som eit hjelpsamt påskot til den gamle kyrkja.
På same vis som kyrkja vart betre med dei seinare måleriene, var kristenretten eit godt grunnlag som kunne betrast av Olavs etterkomarar. Soleis, viser dette ikkje berre korleis kristendommen har endra menneskesynet før, men kan i tillegg hjelpa oss sjå korleis me kan byggja vidare dagens verdiar.