Kva gjer ei handling kyrkjeleg?

GRAVFERD: Må vi alltid synge tre salmar og lese tekster både frå Det gamle testamentet, frå brevlitteraturen og frå evangelia for at ei gravferd skal vere kyrkjeleg?

RITUAL: — Eg trur at rituala både for gravferd og vigsel, for nokre kan verte for grandiose og for fullpakka av både ord og tonar. Det vert rett og slett for mykje av det gode, skriv sokneprest Arne Moltubak.
Publisert Sist oppdatert

«Kirkelig gravferd må være kirkelig» skriv Vårt Land på leiarplass 4. oktober. Ja, kva skulle den elles vere, tenkjer eg.

Inne i avisa vert kapellan Margrete Schmidt Johansen sitert på følgande: «Vi har en fin form på gravferden, som mange kirkesamfunn har henta inspirasjon fra. I det store og det hele fungerer gravferdsritualet i kirka godt.»

Eg er langt på veg einig. Og likevel sit eg att med eit spørsmål som eg trur vi som kyrkje gjer klokt i å reflektere rundt og snakke saman om. For kva er det eigentleg som gjer ei handling kyrkjeleg?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS