KOMMENTAR:

Den lange valkampen er i gang

Bøker, podkastar og intervju sprett opp som blomar om våren: 2028 er her allereie. 

Publisert

Det er til å stille klokka etter: I vekene etter at presidenten har markert sine første hundre dagar i stolen, begynner kampen for å vere synleg. 

Det kjem mengder av nyheitsbrev, portrettintervju, tale-turnear til partiforsamlingar i Midtvesten, bøker og, ikkje minst, podkastar. På internett kan ein finne time på time med lyd og video der dei som meiner seg å vere Det demokratiske partiet sine sterkaste kort, legg fram kva dei meiner gjekk gale i 2024, og korleis partiet kan byggje seg opp att. 

Dei mange håpefulle stiller inn siktet på våren 2028, når demokratiske veljarar skal avgjere kven som skal representere dei når Donald Trump si tid i presidentstolen kjem til endes. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS