Eventyret om Mette-Marit og Murakami
KOMMENTAR: At ei kronprinsesse leiar litterære samtalar, er internasjonalt sett oppsiktsvekkande. Mette-Marits meistermøte med den japanske forfattaren Haruki Murakami er med på å skape leselyst.
HJARTE FOR LITTERATUREN: Kronprinsesse Mette-Marit dukkar ofte opp i litterære samanhengar. På Litteraturfestivalen på Lillehammer samtalte ho torsdag ettermiddag med den japanske forfattaren Haruki Murakami.
Cornelius Poppe / NTB
Vi har
eit kongehus som er opptatt av kunst og kultur. Om ei og ei halv veke skal
prinsesse Ingrid Alexandra på besøk til Miniøya i Oslo – barnas eigen musikk-
og aktivitetsfestival. Dronning Sonja er aktuell med ny bok, attpåtil om Sunnmørsalpane.
Og torsdag ettermiddag var det kronprinsesse Mette-Marit som samla både
publikum og presse under Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Kronprinsessa samtalte i Maihaugsalen med ein av favorittforfattarane sine,
japanske Haruki Murakami. Forfattaren som er kjent for bøker som Norwegian
Wood, Kafka på stranden og 1Q84, i tillegg til sakprosaboka Hva
jeg snakker om når jeg snakker om løping, er eit skup for litteraturfestivalen
som i år fyller 30 år.
Skupet
blir ikkje akkurat mindre av at det er Mette-Marit som er samtaleleiaren. At
kongelege driv med slikt, er ikkje noko vi skal ta for gitt eller stille oss
likegyldige til. Kronprinsessa sitt engasjement for litteraturen er verken
påtatt eller strategisk – det er eit ekte og langvarig bankande hjarte for dei
gode bøkene som driv henne.
Bestill abonnement her
KJØP