Verdidebatt

«Det er på tide å tenkja nytt om skulebibliotek»

SKULEBIBLIOTEK: Når nokre elevar får ei bokkasse og andre får engasjerte bibliotekarar, er det på tide å tenkja nytt om skulebibliotek.

Det er på høg tid at me gjev borna våre eit lovverk som sikrar bemanning og ein høg standard på skulebiblioteka.

I løpet av våren skal Stortinget vedta ei ny opplæringslov. Altså har me sjansen, akkurat no, til å leggja eit godt juridisk grunnlag for ei opplæring for framtida. Og er det noko me veit, er det at framtida treng gode skulebibliotek.

Unge les mindre på fritida enn før. Det er ei utfordring både for enkeltelevar og for samfunnet.

.

Eit ansvar for å utjamna forskjellane

Elevar som fortel at dei ikkje les noko som helst på fritida, skårar langt under gjennomsnittet på Pisa-leseprøva. Dårlege lesarar står svakare i eit samfunn som stiller stadig større krav til leseferdigheiter. Då er det sjokkerande å sjå at skulebiblioteket, som skal gje alle like moglegheiter inn i lesinga, kan vera å få tilgang til ei kasse med bøker to gonger i halvåret.

Tilgang til bøker har ein tydeleg samanheng med prestasjonar i lesing. Elevar som kjem frå heimar med mange bøker, les betre enn elevar frå heimar som har få eller ingen bøker. Her har skulen eit ansvar for å utjamna forskjellane. Skulebiblioteket kan ha ein nøkkelposisjon i dette arbeidet, men då treng skulane pengar og ei lov som fortel dei kva pengane skal brukast på.

Ei kasse med bøker kan ikkje ta omsyn til ein umotivert lesar sine interesser og finna ei bok som passar. Ho kan ikkje sjå elevar som hamnar utanfor det sosiale fellesskapet og søkjer tilflukt i eit trygt biblioteksrom. Så vidt me veit finst det heller ingen bokstablar som lagar undervisningsopplegg med lærarar, underviser i kjeldekritikk eller hjelper elevar med skulearbeid.

Det gjer ein fagutdanna skulebibliotekar.

Elevar som kjem frå heimar med mange bøker, les betre enn elevar frå heimar som har få eller ingen bøker. Her har skulen eit ansvar for å utjamna forskjellane

Sosiale forskjellar

Ein fagutdanna skulebibliotekar og eit inkluderande skulerom fritt for vurdering og hierarki, kan også vera akkurat det som gir barnet den støtta det treng. Slik som hjå bibliotekaren på Sandaker som såg ungguten Abid Raja. Ho let han få det pusterommet og den kreative utforskinga han trengte når han flykta frå ein kaotisk barnevernskvardag. Sånn kan skulebiblioteket ha ein effekt både for fagleg læring, men òg for å ivareta det enkelte barn.

I dag er desse godane berre tilgjengelege for ein del av elevmassen.

Me har ikkje råd til at prinsippet om lik rett til opplæring skal vera overlate til rektorar med knappe rammebudsjett. For det er det som skjer når borna på Breim skule får tilgang til ei bokkasse kvar tredje månad, medan alle klassar på Gamlebyen skole i Oslo besøker skulebiblioteket sitt minst ein time kvar veke.

Ein fagutdanna skulebibliotekar og eit inkluderande skulerom fritt for vurdering og hierarki, kan også vera akkurat det som gir barnet den støtta det treng. Slik som hjå bibliotekaren på Sandaker som såg ungguten Abid Raja

Den eksisterande lova opnar altså for stor variasjon i tolkinga av kva eit skulebibliotek skal vera. Dette fører ikkje berre til store forskjellar mellom bydelar, og mellom ulike delar av landet, det bidreg også til å gjera dei sosiale forskjellane større.

Ein historisk sjanse

Den nye opplæringslova er ein historisk sjanse til å retta opp i lovverket der den gjeldande lova ikkje fungerer. Det er ei fallitterklæring for all satsing på leseferdigheiter, leseglede og kunnskap generelt når regjeringa ikkje grip denne sjansen til å satsa på skulebiblioteka. Difor er det no opp til Stortinget å ta grep for å sikra alle born eit jamgodt bibliotektilbod.

Stortinget kan ikkje nøya seg med å slå fast at alle elevar skal ha tilgang til eit skulebibliotek. Lova må også seia noko om kva eit skulebibliotek skal vera.

Fyrst då kan vi få eit skulebibliotek for framtida.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt