Verdidebatt

Kinas massive press mot tru

TRUSFRIDOM: Forfølginga av religion under president Xi Jinping er den verste sidan kulturrevolusjonen som tok slutt i 1976.

Den modige pastoren Wang Yi forstod tidleg kva Kina var i ferd med å bli under president Xi Jinping. Han sa ifrå. I over fire år har Wang Yi vore bura inne, med ein dom på ni år for «å ha oppmoda til undergraving» av regimet.

Wang Yi leia kyrkja Early Rain i Chengdu, ei av fleire store uregistrerte kyrkjer som blei tolererte av forgjengarane til Xi. Men Xi såg veksten som ein trussel. For fem år sidan tok han i bruk lovverk, bulldosarar og dynamitt.

I januar 2018 blei kyrkja Golden Lampstand i Shanxi-provinsen jamna med jorda. Den 1. februar stramma Xi Jinping til religionslova: Utover året vart fleire store uregistrerte kyrkjer stengde. Dei nekta å bli innlemma i den registrerte kyrkja.

Johannes Morken

Den 9. desember 2018 kom razziaen og arrestasjonane hos Wang Yi i Chengdu. Kyrkja blei stengt. Kampanjen er ikkje slutt.

Dei to siste åra er minst 24 pastorar og andre leiarar i uregistrerte kyrkjer arresterte, minst 17 sit framleis internert. Dei er skulda for «svindel» fordi dei som «ulovlege» kyrkjer tek imot gåver frå folk i kyrkjelyden. Familiar er blitt fortalde at dei arresterte er eit «trugsmål mot den nasjonale tryggleiken», skriv nettmagasinet Bitter Winter.

Riv ned krossar

Også den godkjende, registrerte Tre sjølv-kyrkja har vore under veksande press. Tusenvis av krossar er rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Mange kyrkjer er tvinga til å henga opp portrett av Xi. Også Tre sjølv-kyrkjer er jamna med jorda. Forbodet mot at barn og unge under 18 går i kyrkja eller moskeen, vert handheva. Kyrkjene er blitt mykje meir forsiktige, men mange prøver å driva barne- og ungdomsarbeid i andre lokale. Dei gir ikkje opp evangeliet og les framleis Bibelen i filler.

I mars 2022 stramma Kina inn på religion på internett og gav Tre sjølv-kyrkja nye direktiv. Religiøse leiarar skal studera Xi Jinpings tankar, og dei skal «elska partiet, elska landet og elska sosialismen». Kommunistpartiet vil gjera alt som må til for å «guida det religiøse samfunnet til å støtta leiarskapen i Kinas kommunistparti og det sosialistiske systemet».

President Xi Jinping er redd for at religion sakte vil undergrava partiet og det sekulære verdsbiletet

Kinesisk tyranni

Forfølginga av religion under Xi er den verste sidan kulturrevolusjonen som tok slutt i 1976.

«Tibetanarane og uigurane har lenge vore sett på som ein nasjonal trussel på grunn av territoriale spørsmål. Men eg trudde aldri kommunistpartiet ville utpeika kristendommen som nasjonal tryggingstrussel,» seier Bob Fu i organisasjonen China Aid. Han er intervjua av Kina-aktivisten Benedict Rogers i den ferske boka «China Nexus».

«Sekulær tru»

Xi Jinping er redd for at religion sakte vil undergrava partiet og det sekulære verdsbiletet. I 2019 lanserte Xi ein kampanje for å reinsa partiet, påpeikar den tidlegare australske statsministeren Kevin Rudd i Foreign Affairs. «Målet til Xi er å transformera det kinesiske kommunistpartiet til ei høgkyrkje for ei revitalisert, sekulær tru,» skriv Rudd.

Pastor Wang Yi som sa noko liknande før han blei fengsla, la til: «Krigen mot sjela kan Xi ikkje vinna.»

For norske styresmakter må det vera klart: Fridom frå tyranniet er mykje viktigare enn frihandel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt