Verdidebatt

Indiske ekstremistar får hjelp

HINDUNASJONALISME: Med makt tauar indisk politi inn pastorar som vert skulda for å ha lokka, lurt eller truga hinduar til å velja kristen tru. Dette vil den indiske høgsteretten ha meir av.

Pastor Ayush og kameraten Kamal var 9. april midt i kveldsbøna då politiet brasa inn i huset deira i delstaten Uttar Pradesh. Politifolka trampa på biblar. Mobiltelefonane, id-korta og det vesle dei hadde av pengar, vart teke. På politistasjonen vart dei banka til blods.

På dag tre vart dei med makt pressa til å setja fingeravtrykka på eit dokument der dei «tilstod» å ha konvertert folk ved å lokka med pengar. Pastor Ayush fortvilar: Dei som knapt hadde pengar til å klara seg, kvar skulle dei fått pengar til å betala folk for å konvertera?

Etter fem månader som uskuldige i fengsel slapp dei i september mørbanka ut mot kausjon, med juridisk hjelp frå ein organisasjon som gir slikt. Men berre dagar etterpå vart fire andre arresterte.

Johannes Morken

Mange angrep

I delstaten Uttar Pradesh, som i 2020 innførte ei lov som kriminaliserer konvertering, har det vore meir enn 100 slike tilfelle kvart år. Slike lover er innførte i elleve delstatar. Dei vert kalla lover for religionsfridom. Men for både kristne og muslimar er dette alt anna enn fridom. Det meste kan bli stempla som «lokking, luring, truslar eller tvang». Straffene varierer frå eitt til 10 års fengsel.

I fleire delstatar vert lovene nytta av valdelege grupper som påskot for valdsbruk mot pastorar og kyrkjer. Politiet snur altfor ofte ryggen til falske skuldingar.

No har ytterleggåande hindu-nasjonalistar, som vil gjera India til eit land for hinduar, fått hjelp av høgsteretten. Det er eit sjokk for både kristne og muslimar.

Høgsteretten slo 14. november fast, utan prov, at tvangskonverteringar er eit stort problem som kan setja Indias nasjonale tryggleik i fare. Domstolen krev «klart svar» på kva regjeringa vil gjera før dommarane møtest igjen 28. november.

I fleire delstatar vert lovene nytta av valdelege grupper som påskot for valdsbruk mot pastorar og kyrkjer. Politiet snur altfor ofte ryggen til falske skuldingar

Det er frykt for at grunnlova – som garanterer trusfridom – vil verta endra, eller at det vert innført ei nasjonal kriminaliserande lov.

Evangelikale kyrkjeleiarar avviser blankt at kristne lokkar, lurer eller tvingar folk. Den einaste forma for tvangskonvertering dei kjenner til, er hindunasjonalistiske Ghar Wapsi-seremoniar for å konvertera folk tilbake til hinduismen.

Land for hinduar

I fjor sommar samla toppane i den paramilitære hindunasjonalistiske rørsla RSS seg i fjellbyen Chitrakoot på grensa mellom delstatane Madhya Pradesh og Uttar Pradesh. RSS er ein aktiv støttespelar for regjeringa.

Eitt føremål var å lansera ein kampanje med slagord om å frigjera India frå burkaen, symbol på det muslimske samfunnet, og prestane, som symboliserer det kristne samfunnet.

Avisa The Daily Guardian skreiv at kampanjen vil forby alle konverteringar. Det vart varsla press for ei nasjonal lov. Det presset har RSS no fått høgsteretten med på.

Juledag i fjor opplevde indiske kristne 16 dokumenterte valdsangrep. Med ein forsterka nasjonal kampanje styrt av hat mot minoritetane, kan jula i år bli endå verre. Kva vil utanriksminister Anniken Huitfeldt gjera for å åtvara statsminister Narendra Modi mot denne utviklinga?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt