Verdidebatt

Når byråkratiet blir livssynsleverandør

LIVSSYN I SKULEN: Korleis kom vi eigentleg dit, at ei som Malin, ein engasjert og oppegåande elev, ei initiativrik jente som i ung alder både akslar ansvar og viser mot, er den som møter byråkratiets rynka bryn?

Som mange andre fekk eg meg sist veke ei ny heltinne. Ho heiter Malin, bur i Sogndal og er 15 år. Det er folk som ho, som no betaler for at vi har akseptert at sekulære livssyn er det nøytrale og normale.

Skulelaget som Malin leier, har altså nekta å bøya av når skulen har stengt døra for samlingar i storefri, dei har brukt kreativitet og fornuft og hatt samlingar i friluft. Malin er eit førebilete, ikkje fordi ho har utretta noko ekstraordinært, men fordi ho berre har halde fram med å uttrykka trua si, trass i motstand. Nettopp ved å gjera det, har ho vist stort mot. Som leiar for det lokale skulelaget, gir ho dessutan ansikt til mange kristne ungdomar som i dagens Noreg blir mistenkjeleggjorde og utsette for motarbeiding av autoritetar og byråkratar. Mens mange ivrig heiar både på russen og mangt slags elevmangfald, står kristne skulelag ofte med lua i handa. Forsikringar frå øvste politiske hald om rom for elevdemokrati og -frivilligheit blir tomme ord for skulelag som møter ei stengt dør og lokalt spesialreglement. Ikkje alle orkar å stå imot som Malin og laget hennar.

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

Byråkratisk bakkemannskap

Kommuneleiinga i Sogndal er truleg ikkje spesiell i norsk samanheng. Det ulne forbodet mot «forkynning» i norsk skule, har bana veg for meir ukritisk å fjerna uttrykk for tru i fleire samanhengar. Det blir viktig å vera på den sikre sida. Sogndal-saka har avdekkja eit byråkratisk bakkemannskap som i staden for å leggja til rette for elevinitiativ, let eigne preferansar bli ein sporvekslar som fører samfunnet i meir sekulær retning.

Ein sekulær tsunami slått innover landet vårt og brått har det blitt ei allmenn sanning at det sekulære livssynet er normalt og nøytralt

Korleis kom vi eigentleg dit, at ei som Malin, ein engasjert og oppegåande elev, ei initiativrik jente som i ung alder både akslar ansvar og viser mot, er den som møter byråkratiets rynka bryn? Hadde ho møtt same type institusjonell motstand om ho var leiar for ei klima- og miljøgruppe, eller ein leseklubb som bad om eit treffpunkt i storefri? Vi veit sjølvsagt ikkje. Ut frå argumentasjonen til skule- og kommuneleiinga, tyder likevel mykje på at problemet til Malin og dei andre i skulelaget, nettopp er at dei er religiøse. Det har blitt ein akseptert byråkratisk ryggmergsrefleks å vurdera slike interesser som «støytande og krenkjande» og ekskluderande, uansett om alle er like velkomne der som i ballbingen.

Ingen er nøytrale

At skulen skal vera nøytral, er ironisk nok blitt ei slags sekulær læresetning, utan forankring i lovverket. Langt verre er det at omgrepet «livssynsnøytral» verken har rot eller referanse i det verkelege liv. Ingen er nøytrale når det gjeld livssyn. Sjølvsagt florerer det med ulike funksjonelle livssyn som ikkje er meisla ut i tråd med ei lære, men dei er ikkje mindre livssyn av den grunn.

Det kunne sjølvsagt vore ønskeleg at byråkratar og skuleleiing viste meir kunnskap og innsikt på livssynsfeltet, og ikkje let frykt dominera i spørsmål knytt til trusfridom. Men Sogndalsaka bør også mana til sjølvransaking blant kristne. Unge folk som Malin, betalar no prisen for at eit par generasjonar har tenkt at det beste er å gå stilt i dørene, halda trua privat og tilpassa livssynet til eit sekulært skjema. Mens mange har nikka og smilt og teke til takke med ein bukett raskt visnande «kristne verdiar», har ein sekulær tsunami slått innover landet vårt, og brått har det blitt ei allmenn sanning at det sekulære livssynet er normalt og nøytralt.

Ein diskusjon som den vi hadde for nokre år sidan, om omgrep som «aktiv kristen» eller «personleg kristen» er kurant eller ei, verkar i lys av Sogndalsaka heilt irrelevant. Den som vil la andre enn det sekulære livssynet koma til uttrykk, må nemleg vera aktiv og personleg engasjert. Alt anna vil berre garantera ein vidare totaldominans for det sekulære.

I den grad ei elevinitiert livssynssamling «støyter og krenkjer» nokon må vi læra opp folk til å bli meir robuste demokratar

Må lære opp

I mellomtida, minner Malins mot og Sagatun skulelag oss alle om verdien av å stå imot og stå opp for det ein trur på. Å la ulik tru og ulike livssyn leva side om side, er ikkje eit uttrykk for diskriminering, det er tvert imot ein umissande verdi og ein kvalitetsmarkør for eit samfunn. I den grad ei elevinitiert livssynssamling «støyter og krenkjer» nokon, som byråkratane i Sogndal nærast intuitivt legg til grunn, må vi læra opp folk til å bli meir robuste demokratar. I det livssynsopne samfunnet må vi ha meir å gå på.

Det sekulære livssynets formidable gjennomslag i samfunnet vårt kviler på eit feilaktig premiss om at det er «nøytralt», men også på at vi som samfunn har gått med på at dette er normalen og at alle andre stadig må forhandla om armslag. I så måte er Sogndalssaka ei nyttig realitetsorientering. Håpet er at Sogndal vartar opp med ei god løysing som kan visa veg mot eit samfunn som verkeleggjer sitt livssynsopne ideal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt