Verdidebatt

Skal me tillate mangfald eller ikkje?

TRO OG SKULE: Kven er det som vil stå ute i 20 minus i eit møte? Eg veit ikkje om Sogndal kommune har høyrt om ytringsfridom? Eg som kristen føler meg sterkt diskriminert.

Å vere kristen på skulen kan vere hardt nok frå før. Men å gjera det ulovleg å samlast! Eg veit ikkje om Sogndal kommune veit korleis det å stå for noko upopulært kjennest, å føla seg som den einaste blant 200? Ein av dei få gangane du kan føla deg trygg og sett, er når du samlast for å ha eit møte, fellesskap og søka støtte. Det er det skulelaget bidrar med for dei kristne.

Behalde det mangfaldet me har

Hensikta me ha livssynsnøytral skule er vel å ikkje diskriminere nokon? Det er vel at ungdommane skal bestemma sjølv? Dersom det skal vera ein perfekt livssynsnøytral skule må det vera mange buddhistar, jødar, hinduar, muslimar, kristne, humanetikar og sekulære. Det går jo ikkje an. Men me har både muslimar, kristne og humanetikar på skulen vår. Burde vi ikkje behalde det mangfaldet me har og jobba for eit større mangfald? Er det ikkje det samfunnet har oppfordra til dei siste åra?

Det er eit ordtak som Sogndal kommune burde lære: «Don’t fix what’s not broken»

Eg har altså ei utfordring til Sogndal kommune som eg vil få eit svar på: Skal med vere eit mangfald eller ikkje? Eg vil gje dykk eit realistisk scenario: Kva med muslimar som må be til faste tider fem gongar om dagen? Det er eit påbod i Islam. Skal dei ikkje få lov til det? Då hindrar de både kristne og muslimar, og da byrjar de å diskriminera ein ganske grei andel folk i kommunen. Det går jo ikkje an!

.

Var ikkje noko problem

Så sitte eg her lure kvifor de skapte dette styret, når det ikkje var noko problem frå før? Det er eit ordtak som Sogndal kommune burde lære: «Don’t fix what’s not broken.» Skal de ikkje ta omsyn til alle i kommunen?

Ytringsfridomen er ein grunnstein i eit demokrati, og de har akkurat rokka ved den. Derfor vel eg no å bruka den mens me ennå har han.

Innlegget vart først publisert i Sogn avis

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt