Verdidebatt

Det er her Saugstad og eg skil lag

ABORTLOV: Når Saugstad viser til høge aborttal verda over, skuldast dei i hovudsak illegale abortar. Den mest logiske handlinga dersom ein ynskjer å få ned aborttala, er å gjera abort meir tilgjengeleg.

Ikkje uventa svarer Ole Didrik Saugstad meg og presenterer dei same fakta som eg, og som om dei er i motsetnad til det eg skriv.

I tillegg demonstrerer han veldig tydeleg det eg skreiv i kronikken, om at for mange abortmotstandarar er det sinnelaget dei er opptatt av. Dei ynskjer å gjera abort vanskeleg tilgjengeleg berre fordi dei syns det bør vera det, også uavhengig av realitetane i konsekvensane. Som Saugstad har skrive i si bok Når grenser flyttes: «Abort kan etter min mening aldri bli en rettighet, men kan kun forsvares ut fra en nødvergesituasjon».

Mette Løkeland, phd, overlege i kvinnehelse og fødselssykdommer

Høgast der abort er ulovleg eller dyrt

Det er her Saugstad og eg skil lag. Eg er mest opptatt av konsekvensane, og eg er opptatt av kvinnene. Konsekvensane er at ei liberalisering av abortlovene aldri har ført til auka aborttal.

Når han viser til høge aborttal verda over, så skuldast det i hovudsak illegale abortar. Det er i land der abort er vanskeleg tilgjengeleg fordi det anten er ulovleg eller dyrt, at ein har dei høgste aborttala. Den mest logiske handlinga dersom ein ynskjer å få ned aborttala, er å gjera abort meir tilgjengeleg.

For meg er det kvinner sine rettar og konsekvensane av forbod som gjeld, medan Saugstad meiner abort ikkje bør vera ein rett

Prevensjon har fått tala ned

I dei same landa med høge aborttal er det også gjerne vanskeleg tilgjengeleg og dyrt å skaffe prevensjon. Det påverkar sjølvsagt tala.

Saugstad har heilt rett når han seier at det sannsynlegvis er prevensjon som har ført til nedgang i aborttala dei siste 15 åra i Noreg og fleire andre vestelege land. Det er ikkje i motsetnad til det eg skreiv. Det er det same som eg skreiv.

Det er heller ikkje abortlova, men når i svangerskapet ein legg fosterdiagnostikken og tilgangen til den, som påverkar talet på seinabortar etter veke 18. Det skreiv eg også, så eg skjønar ikkje at han framstiller det som eit resultat av lova.

Han er derimot imot at ein skal kunne ta abort på bakgrunn av sjukdom hjå fosteret. Det står han jo fritt til å meine. Så lenge vi har fosterdiagnostikk og dei som er gravide får den informasjonen, så kjem dei til å ta val basert på den informasjonen. Dersom dei ynskjer abort, kjem dei til å få til det, uavhengig av kva lova, han eller eg skulle seie.

Ei medisinsk grense for sjølvbestemming

I tillegg prøver han å forferdeleggjera meg og andre abortrettsforkjemparar ved å skildre eit scenario der kvinner kan ta abort når som helst i svangerskapet dersom ein liberaliserer abortlova. Det finst ikkje noko absolutt øvre grense for abort i Noreg, sidan kvinna sitt liv alltid tel mest dersom ho får alvorleg svangerskapsforgiftning eller treng kreftbehandling.

Det er heller ikkje ei øvre grense dersom fosteret ikkje er levedyktig. I land som ikkje har ei øvre grense, er det nettopp for å sikre dette. Det gjer ikkje at dei har fleire seinabortar enn i Noreg. Dette er blant dei konsekvensane eg viser til i min kronikk. I tillegg meiner eg det er fornuftig å setja ei medisinsk grense for sjølvbestemming ved veke 22.

For meg er det kvinner sine rettar og konsekvensane av forbod (som berre fører til farlege abortar for kvinner og ikkje reduserer aborttala) som gjeld, medan Saugstad meiner abort ikkje bør vera ein rett.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt