Verdidebatt

Når vi snur ryggen til religiøst hat

NIGERIA: Diverre snur Vesten ryggen til terroren og det religiøse hatet som gjer meir og meir av Nigeria til ei rein dødsfelle.

pinsedag nådde valdstragedien til den til no mest fredelege staten, Ondo, sørvest i Nigeria. I St. Francis katolske kyrkje i byen Owo vart kyrkjas fødselsdag feira. Islamistiske drapsmenn kasta dynamitt inn i gudshuset og fyrte laus med automatgevær. Blant dei drepne var mange barn som venta på at presten skulle velsigna dei. Eit ungt ektepar som gifta seg dagen før, låg livlause tilbake. Guvernøren kalla angrepet «satanisk».

Ed Brown og Johannes Morken

Endå ein gong kjem klager på at politiet, som er stasjonert like ved, først dukka opp då det var for seint. Ingen grupper har teke på seg ansvaret. Men augevitne er sikre på at drapsmennene kjem frå ein ekstrem milits frå gjetarfolket fulani.

Den tiårlange konflikten om beiteland, mellom fulani-gjetarane og fastbuande kristne bønder i det sokalla midtbeltet i Nigeria, har dei siste åra blitt langt meir blodig. Ekstreme militsar har fått tyngre våpen og har målretta blodige angrep mot kristne jordbrukssamfunn. Konflikten om beiteland er berre ein av fleire nigerianske konfliktar og heller ikkje lenger berre ein konflikt om ressursar. Det er i aukande grad blitt ein blodig etnisk konflikt med sterk religiøs drivkraft.

Nigeria står på kanten av stupet

—  Johannes Morken

Bandittar og terroristar

Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika, med 219 millionar innbyggarar. Kring halvparten er muslimar, kring 48 prosent er kristne. Grunnlova garanterer trusfridom. Men i det muslimske nord har 12 delstatar innført sharia som straffe- og familielov.

Den islamistiske terrorgruppa Boko Haram, med base i nordaust, har i årevis terrorisert delar av Nigeria, med massakrar og kidnappingar. Titusenvis er jaga på flukt. Boko Haram ligg i innbyrdes krig med utbrytargruppa IS Vest Afrika. Begge rammar kristne – og dei er brutale også mot muslimar som ikkje lever slik ekstreme islamistar vil. Det rammar kvinner. Barn blir jaga frå skulegang som er «haram» i Boko Harams ekstreme augo.

I vestlege delar har valdsgrupper i aukande grad kidnappa for løysepengar. Regjeringa som lenge kalla dei bandittar, har no sett terrorstempelet på dei og vedgår at dei er i ein uheilag allianse med islamistiske jihadistgrupper. Der høyrer også ekstreme fulani-militsar til.

Den nigerianske journalisten David Hundeyin meiner at poenget ikkje er kor vidt drapsmennene pinsedag er fulani eller ikkje. Han påpeikar at terrorceller i aukande grad har infiltrert også det kristne sør i Nigeria. Cellene berre ventar på å bli aktiverte. «Eg spreier ikkje frykt. Terroristane er her», skriv Hundeyin på twitter.

Religiøst hat

Den tidlegare (og no avdøde) visedirektøren i sentralbanken i Nigeria, Obadiah Mailafia, var blant dei første framståande som slo alarm om korleis ekstremistar av fulani-etnisitet har infiltrert i sør. I eit radiointervju i 2020 åtvara han om at medlemmar av tryggingsstyrkar samarbeidde med drapsmenn under angrep på kristne jordbrukssamfunn i midtbeltet. Han frykta borgarkrig.

Den anerkjende egyptisk-britiske utviklingsforskaren Mariz Tadros skuldar vestlege utviklingsaktørar for å nekta å ta inn over seg kor viktig religiøst hat er som drivar bak terror i Nigeria. Ho viser til mange målretta angrep mot kyrkjer, kristne landsbyar og prestar.

Det er i aukande grad blitt ein blodig etnisk konflikt med sterk religiøs drivkraft

—  Johannes Morken

«Angrepet på kyrkjas fødselsdag var makabert. Det er eitt av mange retta mot kristne. Jihad-terroristar frå Boko Haram, IS og fulani godtek ikkje kristen vekst i Nigeria. Vi treng hjelp, og vi treng religiøs fred», seier den katolske presten Obiora Ike som leier kristen-muslimsk dialog i Nigeria.

Ufortent premie

President Buhari fekk ein heilt ufortent premie frå USA i november: Nigeria vart fjerna frå «verstinglista» over land som bryt trusfridommen. Det førte til sterke reaksjonar også hos den amerikanske kommisjonen for trusfridom.

Nigeria står på kanten av stupet. Landet er ført dit også fordi vi i vest tragisk nok har oversett, eller jamvel nekta å ta inn over oss, kor sterkt det religiøse hatet er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt