Verdidebatt

Der forbøn har sin viktigaste funksjon

FUNKSJONSHEMMING: I fortvilinga over barrieren mellom meg og min funksjonshemma son, kunne eg mange gongar ønskt at Gud kunne ha gjort eit under.

Er det eit uttrykk for svak tru når menneske er alvorleg sjuke eller har funksjonsnedsettingar? Slike tankar skal vere vanlege i karismatiske miljø, kan vi lese i Vårt Land. Det er ille, og svært ubibelsk.

I det kyrkjelege miljøet eg har levd i med min utviklingshemma son i snart førti år, har eg aldri møtt på slike tankar, uttalt. Og det er eg glad for. Kva folk har tenkt, det veit eg ikkje. Men det er jo også slik at for menneske som trur at Gud høyrer bøn, så er det naturleg å be om at dei ein kjenner og er glad i skal ha det bra.

Eg har bedt mykje

Det er for lettvint å seie at å be om helbreding er uttrykk for at ein berre aksepterer det perfekte. Eg har bedt mykje for sonen min. Men bønene har nok endra seg litt med åra. Til dels har eg akseptert at han aldri blir frisk eller det mange kallar «normal». Og litt etter litt har eg oppdaga at han er den han er, nettopp med sine funksjonshemmingar. Han ville ha vore ein framand om han plutseleg vart lækt.

Og med sine grenser, som eg meir enn noko hadde ønskt ikkje skulle vore der, har han lært meg mykje. Det han aller mest har lært meg, er verdien av å vere gjensidig avhengig. Der trur eg den djupaste kjærleiken ligg gjøymt. Men dette er så tvert i mot dagens fridomsideal og sjølvrealiseringstanke at det er vanskeleg å kommunisere til andre.

Eg har bedt mykje for sonen min. Men bønene har nok endra seg litt med åra.

Der forbøn er viktigst

Eg trur det er der helbredinga kan og bør skje. Og at det er der forbøn har sin viktigaste funksjon. Vi kan be om at Guds grenselause og nådige aksept av alle oss ufullkomne menneske må prege relasjonane våre til kvarandre. På liknande vis som livet generelt er ei gave til oss, så er også vi menneske ei gave til kvarandre. Vi kjem i ulik innpakning, men om vi tør å pakke ut og ta i mot, så blir vi rikare.

Når det er sagt, så må vi heller ikkje «normalisere bort» den smerte og sorg som ligg i det å ha ei alvorleg funksjonshemming. Vi kan bli så programmatisk tolerante at vi definerar alt som normalvariasjonar. Eg sluttar aldri å bli lei meg og fortvilt over at eg ikkje kan sette meg ned å snakke verbalt med sonen min. Og han sluttar ikkje å bli frustrert over at vi som kjenner han best av alle, ofte ikkje forstår kva han vil.

I den fortvilinga kunne eg mange gongar ønskt at Gud kunne ha gjort eit under. Om så berre for ein dag eller ein time. Men kan hende handlar den kristne helbredinga om at vi kan tru at ordet til Paulus også er til oss: Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.

Og at vi også har eit perspektiv ut over dette livet og inn i det evige.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt