Religion

Pastor: – Fekk beskjed om at eg ikkje ba rett sidan barna hadde funksjonshemmingar

INKLUDERING: Jens Arne Dolmen og Magne Hultgren har begge vonde opplevingar knytt til synet på funksjonshemmingar i kristenkarismatiske miljø. No etterlyser dei betre inkludering.

Denne saken ble først publisert i januar i år.

– Berre ein trur nok skal alt ordne seg, er tanken. Det er ei form for lykkeforkynning, og då skal ein ikkje vera svak, men blid, nøgd og sterk, seier Jens Arne Dolmen (42).

Han er født med cerebral parese (CP), og har mellom anna utfordringar knytt til tale og motorikk.

Det snør lett og gradestokken har krype godt ned på minussida i Porsgrunn. Men inne i det vesle rekkehuset til Dolmen er det varmt og godt. Her har han budd dei siste 14 åra.

Ved inngangspartiet blir ein møtt av ein liten hær med nissar som heng frå takrenna, på sopelimen og ytterdøra.

Jens Arne Dolmen

Fekk høyre at dei ikkje bad nok

I dag har Dolmen invitert sin gode venn Magne Hultgren (66) heim. Dei har funne saman gjennom felles erfaringar.

I 1979 kom Hultgren sin fyrstefødt, Ronny, til verda. Han hadde epileptiske anfall, og etter kvart blei det klart at hadde sterk utviklingshemming, og fekk diagnosen tuberøs sklerose kompleks.

Også veslebroren som kom til åtte år seinare fekk same diagnose. I mellom dei kom det ei jente utan nedsette funksjonsevner.

Hultgren er i dag seniorpastor i Porsgrunn Baptiskirke, og han var også pastor då Ronny kom til. Men det hindra ikkje venner og kjente i å skulde han i å ikkje tru «nok», fortel han.

– Me fekk høyre at me ikkje bad rett, eller at me ikkje trudde nok, for då ville barna våre vore friske.

Jens Arne Dolmen

Sjølv om det var sårt å få slike meldingar, valde Hultgren å ikkje møte det med sinne. Han ville ikkje la det gå meir innover seg enn naudsynt, og fortalde heller folk om alt dei hadde gjort; bedt sjølve, fått kyrkjelydsrådet til å salve og be for sønene, og meir til. Han sende ei oppmoding i retur:

– Viss de har den rette oppskrifta på korleis ein skal be så gjev eg dykk fullt frimot til å gjera det, for ingenting ville glede oss meir enn at barna hadde blitt lækt.

– Men då høyrde aldri noko meir frå dei.

Tankesettet om at viss ein berre trur nok vil ein blir lækt meiner Hultgren ein kan møte i ein del karismatiske krinsar.

– Eg reknar meg sjølv som ganske karismatisk, men eg håpar eg har føtene på jorda, seier pastoren.

Skremt i møte med det karismatiske

Også for Jens Arne Dolmen har møtet med meir karismatiske kristne samanhengar vore turbulent. Han har vakse opp i Norkirken i Porsgrunn, som i dag ligg få steinkast frå det kvite rekkehuset hans.

Men etter kvart har han vore innom mange ulike kristne samanhengar og fellesskap. Og spesielt i ein periode var han nysgjerrig på det meir karismatiske. Han kjenner godt att tanken om at viss ein berre trur hardt nok så vil ting ordne seg.

Dolmen opplevde å ikkje bli sett på som ein ressurs, han fortel at han fekk stygge kommentarar og opplevde også det han skildrar som skremmande og problematiske hendingar.

– Haldninga om at du ikkje trur nok viss du ikkje blir lækt er provoserande.

Jens Arne Dolmen

Dolmen meiner menneske med slike haldningar bør gå til Bibelen for å sjå om måten dei tenkjer på stemmer over eins med det som står der.

– Alle menneske er skapte i Guds bilete, og alle er like mykje verdt. Ein treng ikkje å halde ei flott preike for å vera til nytte. Ein kan rydde stolar, koke kaffi, styre lyd eller heilt enkelt høyre korleis det går med dei andre i fellesskapet, seier Dolmen.

Han brukar litt tid på å få fram orda, men er tydeleg engasjert. Dette er noko han og Hultgren har snakka mykje om.

– Eg og Jens Arne har møtt kvarandre veldig på kor viktig det er å få lov til å vera den ein er og få vera ein del av fellesskapet, seier baptistpastoren.

Ville ikkje ha han med i konfirmasjonsundervisninga

Sjølv har han opplevd at det har vore motstemmer mot at sønene skal få ta del i både sundagsskule og konfirmasjonsopplegg i kyrkjelyden, enten fordi dei forstyrra eller trong så mykje tilrettelegging.

Yngstemann er enno ikkje konfirmert på grunn av dette.

Jens Arne Dolmen

Ronny derimot fekk mykje ut av konfirmanttida. Han kunne ikkje mange orda, men us, for Jesus, blei hyppig brukt etter han fekk lære meir om kristendommen i kyrkja.

Generelt har det vore vanskeleg å få tilbod til barna, fortel Hultgren. Men han har sett nokon som har fått det til. Han dreg fram arbeidet i Den norske kyrkja, kalla SIMEN, eller Sammen i menigheten, som han sjølv har vore med på å ta initiativ til, som eit godt døme.

Her er tanken at ein både skal inkludere personar med nedsett funksjonsevne i det vanlege kyrkjelydsarbeidet, og ha tilrettelagde tiltak.

– Den norske kyrkja gjer eit fantastisk arbeid der. Det meiner eg mange både baptistar, pinsevener og andre frikyrkjer har mykje å lære av.

Av gode førebilete innan det karismatiske landskapet trekkjer Hultgren fram Nordic Harvest Missions Bønnesenter i Levanger og IMI-kyrkja i Stavanger. Begge stadar har han høyrt om korleis personar med funksjonsnedsettingar er sett på som store ressursar som frivillige i ulike tenester, som mellom anna i bønearbeidet.

Håpar ingen har kjent på skuld og skam

Hanne Therese Loftesnes er til vanleg pastor i IMI-kyrkja i Stavanger, og leiar for lækjedomslinje ved Acta bibelskule, men er for tida i morspermisjon. Ho er ordinert til prest i Den norske kyrkja og studerer også til ein doktorgrad innan bibelsk lækjedom.

Loftesnes seier dei er opptekne av at alle som har lyst skal få bidra i IMI-kyrkja.

– Det er ingenting som skil oss. Me har personar med både synlege og usynlege funksjonsnedsettingar i roller hjå oss, og det ynskjer me veldig sterkt at det skal vera rom og plass for. Men det er likevel noko me har godt av å bli minna på. Me kan alltid bli betre.

Loftesnes synest det er sørgjeleg å høyre om opplevingane til Hultgren og Dolmen.

– Å leggje skuld på menneske for at dei eller personar rundt dei har funksjonsnedsettingar er verkeleg ikkje greitt.

Pastoren meiner ho ikkje har nok oversikt til å uttale seg om denne typen teologi eller haldningar er utbreidde i ulike miljø, men seier ho håpar ingen skal ha kjent på skuld eller skam etter å ha blitt beden for i IMI-kyrkja.

Fallgruver og forbøn

– Let det seg gjera å kombinere trua på at Gud kan lækje med å tru at alle menneske er skapt i guds bilete, med alt det kan innebera av helseproblem eller funksjonsnedsettingar?

– Ja, absolutt. Reint teologisk så trur me på ei verd som ikkje er perfekt her og no. Det som er vanskeleg er når nokon brukar bøn til å påføre skuld eller skam. Det trur eg er eit større problem. Om du blir frisk av forbøn har ikkje noko med verdi å gjera.

Dette er noko dei fokuserer mykje på lækjedomslinja på bibelskulen. Eit anna tema er korleis det kan vera ei påkjenning for folk som har synlege funksjonsnedsettingar å stadig bli spurt om dei vil bli bedne for.

Men trass i fallgruvene er Loftesnes oppteken av at det skal vera rom for forbøn for alle, uansett om det ein bed om er trøyst, oppmuntring eller å bli fri frå fysiske utfordringar.

– Forbøn er ein viktig dimensjon med å møte menneske i ein sårbar situasjon. Men det er veldig viktig at det blir gjort med varsemd og respekt, legg Loftesnes til.

Noko av det vanskelegaste

Dette er perspektiv som i stor grad fell overeins med Hultgren sine tankar om forbøn.

Jens Arne Dolmen

– Noko av det vanskelegaste eg høyrer er når evangelistar og pastorar seier til menneske som blir bedne for: «Du hadde ikkje tru nok, så det skjedde ikkje noko». Dei gjev ansvaret over på den som kjem fram, heller enn å ta ansvaret sjølv.

Likevel vil han aldri slutte å be for menneske.

– Sjukdom, funksjonshemmingar og lækjedom er noko me alltid må overlate til Vårherre. Og uansett kva som skjer eller ikkje: alle like mykje verdt.

På veslejuleftan for fire år sidan døyde sonen Ronny av komplikasjonar knytt til helseutfordringane sine.

Å bety noko for andre

Hultgren og Dolmen vil vise oss baptistkyrkja fyrstnemnde er pastor i. Det er berre ein liten køyretur unna, og med ei stødig hand å støtte seg til er det ingen sak for Dolmen å koma seg opp dei snødekte trappetrinna til kyrkja som blei bygd på slutten av 60-talet.

For sjølv om dei begge har hatt vonde erfaringar i kristne miljø har dei også henta mykje glede, meining og støtte her.

Jens Arne Dolmen

Dolmen fortel om ei rekkje kristne samanhengar der han har kjent på å få bidra og å bli fullt inkludert. Dei siste åra har han mellom anna fått seg mange venner i Vatnar Kristne Fellesskap.

– Eg har aldri hatt det så bra som dei siste fem åra, fortel Dolmen.

Han er rett og slett veldig nøgd med livet. Noko av det viktigaste for å vera det trur han er å få bety noko for andre.

– Ein må sjå på alle personar som ressursar. Det får ein til å kjenne seg verdifull, og me har alle noko viktig å bidra med.

No håpar han oppmodinga han og Hultgren gjev kan hjelpe andre.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion