Verdidebatt

Det jødiske kallet

KLIMA: Finn din indre reparatør.

Ann Kristin van Zijp Nilsen, klima, debatt

Viss du er jøde, er sjansen stor for at du kjenner uttrykket «tikkun olam». Det betyr noko slikt som å «reparera verda», eller å perfeksjonera henne.

Eitt perspektiv på tikkun olam er at Gud skapte verda fullstendig god, men gav oss rom til å forbetra skaparverket – med vilje. Eit anna legg vekt på det fellesmenneskelege kallet til å reparera den verda me har skakkjørt.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Heile Danmarks rabbinar

For meg var uttrykket ukjent fram til danske Bent Melchior (92) døydde i sommar, han som avisa Politiken kalla «hele Danmarks rabbiner». Den tidlegare overrabbinaren var ein institusjon i samfunnsdebatten, kjend for eit utrøytteleg humanistisk engasjement. Han bygde bruer i staden for å grava grøfter. (Han var forresten farfar til den norske rabbinaren Joav Melchior og far til Michael, overrabbinar i Oslo og tidlegare Knesset-representant i Israel.)

Ein journalist brukte «tikkun olam» om innsatsen til den gamle mannen, som aldri pensjonerte seg når det gjaldt kampen for eit betre samfunn.

«Jeg tror på de messianske tider, det er veldig sentralt for meg; at den evige fred skal komme, hvor løver og lam gresser sammen, og enhver kan sitte i fred under sitt sedertre. Men gjennom årene har det handlet mindre og mindre om når og hvordan Messias skal komme, men om hva jeg kan gjøre for å skape disse tidene, skritt for skritt,» sa Melchior.

Kode raud

Få dagar etter at han døydde, slo FN alarm: Nå har klimakrisa «kode raud». Nettopp det kallet til å «reparera verda» er umogleg å ignorera for mange av oss. Samtidig kjennest det neste umogleg å handtera.

Klimapsykologen Per Espen Stoknes har forska på passiviteten vår i møte med klimakrisa og kva som trengst for at me skal handla. Svaret får du i boka hans og TED-talken som er sett 3,2 millionar gonger. Psykologen verkar ikkje så veldig opptatt av den åndelege sida av oss, men han forstår kva som kan engasjera: «Lufta du nettopp pusta inn inneheld 400.000 argon-atom som Gandhi pusta inn i si levetid.»

Ifølge utrekningane Stoknes siterer, pustar du også inn argon-atom frå samtalen rundt bordet under det siste kveldsmåltidet til Jesus og disiplane. Og argon-atoma du nettopp pusta ut, vil ha reist rundt heile kloden om eitt år.

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men slike bilde får noko til å dirra litt inni meg.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ein tredje vei til innsikt

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men slike bilde får noko til å dirra litt inni meg. Kanskje dei treff åndelege strenger som ikkje er stivna av dommedags-mjølkesyre.

I den nyaste boka si, Lysninger (2021), skriv Sindre Skeie at det må finnast ein tredje vei til innsikt, i tillegg til den logiske og empiriske, «som åpner verden for oss og lar oss ane hva den har å si oss. Og den evnen som gjør dette, må være den samme som lar oss se hvor vakkert regnbuen tegner seg mot himmelen. Denne (...) sensitive erkjennelsen er den som all religiøs tro lever av, og dermed også kirken.» Den sanninga som kyrkja må søkja innsikt i og formidla, er den som «lar verden tre frem som en meningsfull helhet».

I møte med behovet for klimareparasjonar av ufattelege dimensjonar har menneskeheita ikkje berre logikken og empirien som allierte, men også den åndelege arven vår.

Forsonast med Jorda

Førre veke var det jom kippur, den jødiske forsoningsdagen. I tida fram mot den blir dei truande oppfordra til å «erkjenne feilene som er blitt gjort, reparere skadene vi har forårsaket og å komme oss videre», ifølge jødedommen.no. Nettstaden er Det Mosaiske Trossamfund sitt folkeopplysings-skattkammer.

Korleis kan me menneska forsonast med Jorda? Det er ikkje vanskeleg å «erkjenne feilene som er blitt gjort». Kanskje treng me å kle oss i sekk og oske og ropa ut dei såraste klagene våre over alt som er øydelagt. Men når me kjem til å «reparere skadene vi har forårsaket og å komme oss videre», handlar det om både djupt eksistensielt og kvardagsleg arbeid.

Det felles slitet er ei berøringsflate mellom Gud og menneske.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Noko av det mest menneskelege i verda er å ha problem som må fiksast. Ting som må reparerast eller ryddast i – frå bukser og avløpsrøyr til mellommenneskelege forhold. Å reparera den tynne huda til Jorda vår har me aldri gjort før, men: Å vøla er like menneskeleg som å øydeleggja. Den eigenskapen er vilja og gitt av Gud.

Felles slit

Forfattaren Tomas Sjödin hentar mykje inspirasjon frå lærde jødar, blant anna rabbinaren Abraham Joshua Heschel. Han seier: «Jeg bedømmer mennesker utfra hvor mange dype problemer de er engasjerte i.» Heschel konstaterer at både menneske og Gud stadig slit med problem.

Det felles slitet er ei berøringsflate mellom Gud og menneske. For Sjödin er den tanken «uendelig trøstende. Og håpefull». For meg også.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt