Verdidebatt

Uroa lever framleis der ute

DISTRIKTSOPPRØR: Det eine partiet etter det andre heiv seg på i kampen om distriktsvelgarane, før klima tok all merksemd. Men den som vitjar grender, vær og skogsbygder kring om i landet vil sjå at uroa framleis lever der ute.

Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet som slåst i motvind, greidde dei å hente fram att ein distriktspolitisk debatt som i nær 30 år har samla støv inst inne i eit ny-liberalt politisk klesskap.

Bjørn Egil Flø, Bygdeforskar, NIBIO

For brått starta kommentatorane i hovudstadsavisene å skrive om Distrikts-Noreg igjen. Frå å ha vore forvist til dei glansa sidene i avisenes helgebilag, stappa med idylliske middelklasse-skildringar om det gode livet på landet, vart no distriktspolitikken løfta inn på side to i moderavisene.

På universiteta og forskeria i instituttsektoren, vart distriktspolitikk på nytt eit aktuelt forskingstema. Der snakka professorane om knusing av bomstasjonar og ramponering av anleggsmaskiner som reidde grunnen for vindmøller og eit påstått grønt skifte, og samanlikna det med franskmenn i gule vestar, Trump veljarar i Amerika og britar som ville ta England ut av EU.

Brått var norsk distriktspolitikk blitt ein del av ei internasjonal politisk rørsle med potensial til å truge sjølve grunnlaget for demokratiet, nemleg tillita mellom folket og dei folkevalde.

Partiane vaknar

Her heime var det gladguten i Senterpartiet som fyrst evna sjå den politiske beitemarka som låg der så grøn og lokkande i sola. Og premien for å vere den fyrste som såg «folket» var 22 prosent på meiningsmålingane.

Den enorme veksten for Vedum skaka hans politiske motstandarar på båe sider, som i årevis hadde framvist ei omfattande ignoranse for kvardagslivet åt folket på bygdene. Men nå kom provet på at den som vil vinne valet lyt elde opp smia og starte varme på emnet for ein ny norsk distriktspolitikk.

Sjølv om høgresida rett nok freista å framstille seg som om dei hadde ein distriktspolitikk, var nok såra etter dei mange reformene for djupe. Høgre spelte ut sine tradisjonelle kort om formueskatt og ein laksemilliardær på Frøya vart løfta fram i den rosa pressa, slik drukna ein elles viktig debatt for dei mange små og mellomstore produksjonsbedriftene langs vestlandskysten.

Berre Framstegspartiet evna å sko seg på ei generell distriktsmisnøye i siste liten.

—  Bjørn Egil Flø

Partiet Venstre på sin side, har nok enno ein og annan distriktsprofil, som mellom anna på det forblåste Stadtlandet, men valresultatet syner at det var besteborgarane i Bærum, Oslo og Asker som løfta partiet over sperregrensa. For Kristeleg Folkeparti gjekk kanskje det distriktspolitiske toget då Hareide tapte sidevalet og sjølv om guterom-saka kanskje ikkje skada partiet så mykje som mange frykta, så hjelpte det heller ikkje.

Berre Framstegspartiet evna å sko seg på ei generell distriktsmisnøye i siste liten. Alt i skulevalet såg me at «drill baby drill» retorikken hadde appell i partiets «hjarteland» og kanskje hjelpte det at Sylvi snakka same språk og endatil same dialekt som kjerneveljarane.

Venstresida sleng seg på

På den andre sida, meldte det eine partiet etter det andre seg på i kampen om distriktsvelgarane. Steg for steg la Støre kursen til venstre for den Arbeiderpartiet hadde navigert etter sidan Stoltenberg vitja Tony Blair, for å lære om helse- og utdanningssektoren av New-Labour i 2000.

I «pappaperm-partiet» Sosialistisk Venstreparti stod distrikts­profilane Knag Fylkesnes og Fiskaa fram som truverdige alibi for eit elles så urbant belasta akademikarparti.

Og ein veltalande Moxnes i Raudt vitja bonde-, kyst- og distriktsopprørarar samstundes som han sjonglerte oljeskatt- og klimadebatten på ein oppskriftsmessig måte.

Også Miljøpartiet dei Grøne prøvde å kople seg på, men sjølv om intensjonen hjå fleire av partiets distriktsrepresentantar nok var god, greidde dei aldri heilt å oppnå truverd som distriktsparti.

Klima vant mediekampen

Etter kvart som valkampen drog seg til, såg me at Senterpartiet starta leke veljarar. Kanskje seig alvoret inn over veljarane som eigentleg aldri hadde sett på Vedum som ein truverdig statsministerkandidat? Kanskje spela også den kategoriske avvisinga av regjeringsdanning med SV inn, samt Vedum sin flørting med høgresida på saker som olje og gass, innvandring og forsvar?

Uansett slo rapporten frå FN sitt klimapanel i august inn som ei bombe for partiet. Rapporten vart for kommentatorane ein «game changer», noko som førte til at distriktspolitikken gradvis vart skyvd ut på sidelinja til fordel for Klima. Og Senterpartiet sjølve gjorde det ikkje betre ved å sende Ola Borten Moe på politisk kvarter i NRK for å fronta partiets klimapolitikk.

Godt hjelpt av redaksjonane i dei største mediehusa vant klimapolitikken kampen om merksemda

—  Bjørn Egil Flø

Godt hjelpt av redaksjonane i dei største mediehusa vant klimapolitikken kampen om merksemda og partia med eigarskap til klimapolitikken fekk taletid for sine løysingar. Dermed vart Senterpartiet brått redusert frå 22 til nær 11 prosent og dei fire «miljøpartia» løfta seg tilsvarande.

Me såg det valforskarane omtalar som ei «orkestervogn-effekt», der veljarar hiv seg på tendensar som alt er i gong og slik sett styrkar effekten av dei alt pågåande tendensane.

Uroa lever framleis

Men orkestervogna rakk ikkje fram til bygrensa før vallokala stengde, og mange vart nok overraska over at valresultatet vitnar om eit så sterk distriktspolitisk omsut hjå veljarane. Men den som vitjar grender, vær og skogsbygder kring om i landet vil sjå at uroa framleis lever der ute.

Lokalbefolkning ser dei jamt meir svekka lokalsamfunna, dei ser konsekvensane av det dei opplever som ei systematisk demontering av grunnleggande velferds- og sørvistenester og ei jamt veksande økonomisk- så vel som kulturell kløft mellom bygd og by. Det er denne uroa den nye regjeringa treng å lækje.

Dei treng å halde lovnadane og syne at det dei sa under valkampen også er det dei leverer på i regjering. Berre då kan me unngå dei gule vestane, berre då kan me vedlikehalde tillita mellom folket og dei folkevalde, berre då kan me sikre demokratiet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt