Verdidebatt

Kvifor ikkje samisk kyrkje i Oslo?

SAMISK KYRKJELIV: Det finst over 100 kyrkjelydar for ulike etniske minoritetar i Oslo. Men ingen for våre eigne urfolk.

Då eg hadde budd nokre år i Oslo, blei eg invitert med på noko eg ikkje visste fanst: nynorsk gudsteneste i Uranienborg kirke. Første gong eg deltok, blei eg våt i augo då eg fekk be Fadervår på hjartespråket mitt i ei storbykyrkje.

Å trekkja ein parallell mellom å vera nynorskbrukar og å ha samisk som morsmål, kan vera som å tenkja at ein gresk strandferie gir deg peiling på livet i flyktningleiren Moria. Det er umogleg for meg som ikkje er same å forstå korleis det er, når ditt eige folk har vore tvinga til tausheit av ein umenneskeleg fornorskingspolitikk.

For nokre år sidan ringde eg sametingspresident Aili Keskitalo og stilte henne spørsmålet «kva er det vakraste du veit?» for Areopagos sitt blad Tørst. Ho svarte: «Å høre døtrene mine snakke samisk sammen. Det gikk jeg selv glipp av som barn.»

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Beskjeden kyrkjesatsing i Oslo

Nyleg vedtok Samisk kirkeråd ein handlingsplan for dei neste tre åra. Det er lett for majoritetsnordmenn i Sør-Noreg å tenkja at slike planar ikkje angår oss, det handlar om dei samiske busetjingsområda oppi nord.

Men landet sør for Sápmi (som jo strekkjer seg langt ned i Innlandet) har svært mange samar, sjølv om dei går under radaren vår. Det finst ikkje noko etnisk register her til lands, men Sametinget sitt valmanntal viser at det bur folk med samisk bakgrunn i absolutt alle kommunar.

Viss baptistar og pinsevenner legg til rette for mange av desse, kvifor gjer ikkje Den norske kyrkja noko liknande for den samiske minoriteten?

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Oslo er ein av dei største samiske byane i Noreg. Likevel er satsinga beskjeden. Kyrkjerådet har vedtatt at ein vil «gå i dialog med bispedømmer i Sør-Norge angående samisk prestetjeneste i Sør-Norge». Etter det eg forstår, ønskjer ein seg ein ambulerande prest.

Kva med å dra på litt og jobba for ein samisk kyrkjelyd i hovudstaden også? Det kunne blitt eit kraftsenter for ei samisk kyrkjesatsing sørpå. Den kunne vore knytt til ei kyrkje i drift eller gitt liv til ei nedlagt soknekyrkje. Ein spesifikk møtestad, der oslofolk visste at her er det samiske kveldsgudstenester, babysong og eldretreff.

Oslo er jo full av immigrantkyrkjelydar for folk som ønskjer å bruka morsmålet og kulturuttrykket sitt på gudsteneste. Viss baptistar og pinsevenner legg til rette for mange av desse, kvifor gjer ikkje Den norske kyrkja noko liknande for den samiske minoriteten?

Lytt til samane i Oslo

I Den norske kyrkja er geografi grunnprinsippet som organiserer kyrkjelydane. Me vil ikkje at folk skal flokka seg saman i såkalla kategorial-kyrkjelydar: kyrkjer basert på ulike medlemssegment sine teologiske syn, liturgiske preferansar eller etniske bakgrunn. Me vil ikkje drenera sokna for aktive medlemmar eller dei lokale kyrkjelydane for ressursar.

Folk skal få det dei treng der dei er. Nettopp derfor er det eit uttalt mål i kyrkja at «samiske språk og kultur brukes og er synlig i gudstjenester i hele landet, på en måte som er tilpasset lokalt samisk kirkeliv, med en flerspråklig tilnærming» (Strategiplan for samisk kirkeliv).

Samtidig hender det at tankar ikkje blir formulerte, fordi dei eksisterande strukturane ikkje ser ut til å ha plass til dei.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

I dei sokna ein har gudstenester med samiske innslag, er desse ofte opningsorda eller velsigninga. Eg spurde leiaren for Samisk kirkeråd, Sara Ellen Anne Eira, om verdien av å bruka slike språkmarkørar i Sør-Noreg. Særleg når hennar morsmål blir til mi hjelpelause stotring.

– Ved å ha eit par liturgiske ledd eller ein salme på samisk, rekkjer kyrkjelyden ut ei hand. Både til dei med open samisk identitet og dei som ikkje gir seg til kjenne. Ho fortalde også at kyrkja sine nettressursar kan hjelpa folk med uttalen.

Eira har aldri budd i by, og i kyrkjelyden hennar er samane i fleirtal.

– Så eg veit ikkje korleis det er for den samiske minoriteten i Oslo, om det beste er at lokalkyrkja deira har samiske innslag i liturgien, eller om dei ville dratt til ei kyrkje med endå meir samisk. Det er dei me må lytta til, minner ho om.

Har eksisterande strukturar plass?

Det ville vera meiningslaust å tre ein kyrkjedraum nedover hovudet på nokon. Kanskje har den allereie hatt eit langt liv ein stad. Samtidig hender det at tankar ikkje blir formulerte, fordi dei eksisterande strukturane ikkje ser ut til å ha plass til dei.

I mitt eige nynorsktilfelle skulle det ikkje meir til enn ei halvårleg gudsteneste i Uranienborg, for å bli overraska. I dag er Den norske kyrkja er ein føregangsinstitusjon på mange område som gjeld samisk kyrkjeliv, ikkje minst når det gjeld å synleggjera det samiske språket.

Kanskje finst det likevel noko å læra av migrantkyrkjelydane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt