Verdidebatt

Kven har bevisbyrda, Høie og Melby?

RUSREFORM: Den generelle avkriminaliseringa av rusmiddel får langt frå solid støtte. Likevel vil regjeringa trumfe den gjennom, og legg bevisbyrda på andre.

Regjeringa har lagt fram sitt forslag til ny rusreform. Reforma inneheld ingen tiltak for førebygging, eller behandling og ettervern på rusfeltet, og skal ikkje koste regjeringa pengar.

I realiteten er den difor ei rein avkriminaliseringsreform for narkotika. KrF tok avstand frå reforma sjølv før den var lagt fram. Altså har den knapt nok støtte i eiga regjering.

Har regjeringa lese høyringssvara?

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og partileiar i Venstre, Guri Melby, kom med ein dårleg skjult trussel då dei presenterte reforma. Ifølgje dei ligg bevisbyrden no på dei som er imot avkriminalisering. Meiner dei det er bevist at reforma ikkje vil gi auka narkotikabruk i samfunnet? Ein skulle tru at Høie og Melby ikkje har lese høyringssvara til si eiga reform.

Rusreformutvalget sjølv var meir forsiktige i sine uttaler: «Utvalget har konkludert med at den beste tilgjengelige kunnskapen per i dag tilsier at det er lite trolig at avkriminalisering som sådan vil forårsake en nevneverdig endring i bruken av narkotika.»

I sin høyringsuttale reiser Folkehelseinstituttet (FHI) likevel tvil om denne føresetnaden. FHI skriv at den ikkje er tilstrekkelig vitskapleg grunngjeve, og at ein ikkje kan utelukke auka narkotikabruk som følgje av reforma.

Mange åtvarar

Barneombodet skriv i sin høyringsuttale: «Det er en vesentlig svakhet ved utredningen at det konkluderes på bakgrunn av mangelfull kunnskap om eventuelle konsekvenser de foreslåtte lovendringene vil ha for narkotikabruk blant barn og unge».

Av omsyn til barn og unge kan vi ikkje støtte ei generell avkriminalisering av narkotika.

—  Kjersti Toppe

Politidirektoratet skriv at: «Det er grunn til å tro at en avkriminalisering (…) vil kunne oppfattes som en ufarliggjøring av narkotikabruk, særlig blant unge. Et slikt signal er det all grunn til å advare mot.»

Landsgruppa for helsesjukepleiarar skriv at reforma etterlatar dei nærmast utan verktøy til å følgje opp ungdom som rusar seg (Østlandsposten, 20.2). For desse ungdommane vil resultatet bli mindre helsehjelp og oppfølging enn i dag. Det er dei mest ressurssterke ungdommane, med foreldre som tek rusbruken på alvor, som vil kome best ut av reforma.

Sp vil ha førebyggingsreform

Regjeringa vil gjera det straffefritt å bere på seg mengder som ifølgje det offentlege tilbodet «Rustelefonen.no» svarer til 80 doser kokain og 50 doser cannabis. Vidare skal det som hovudregel gis påtaleunnlating til for opptil 200 kokaindoser eller 75 cannabisdoser. Dette er eit svært farleg signal å gi norske ungdommar.

Dei fleste er einig i at tunge rusavhengige må sleppe straff og få helsehjelp. Den generelle avkriminaliseringa får langt frå like solid støtte. Likevel vil regjeringa trumfe den gjennom, og legg bevisbyrda på andre.

Senterpartiet føreslår ein førebyggings- og behandlingsreform, der rusavhengige får helsehjelp samstundes som førebyggingsarbeidet blant ungdom blir styrka. Av omsyn til barn og unge kan vi ikkje støtte ei generell avkriminalisering av narkotika.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt