Verdidebatt

Verdidebatt?

Det er lite att av "landets viktigste debattforum ....."

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For nå har Verdidebatt tørka inn til ein sildrebekk – mot det han eingong var.

Korleis kan ein kalla det  debatt  når ein strupar ned og sjaltar ut dei som vil kommentera innlegga? Kven bryr seg – gidd å forfatta eit innlegg når det kanskje berre er kritisk replikk ein vil koma med til eit innlegg?

Ein debatt er eit ordskifte på direkten – det funkar ikkje når ein skal fylla ut ein formular – og så måtta venta i fleire dagar på å få stempelet «Godkjent».

Kor langt frå psykologisk teft går det an å koma?

Men eg trur ikkje det går på teft – men det er ei reint vilja styring: – Struping av dei spontane meiningsytringane som strøymde inn og ikkje alltid samstava med VL sin agenda.

Vel var det anmassande med N. Kristiansen sine 20 000 kommentarar til eitt og alt, - men som seriøse innleggsforfattarar peika på då de stengde kommentarfeltet: – Vårt Land tek sikte på å vera MSM og hoppa i hop med dei hine.

Det er ei klår innsnevring ytringsfridomen det VL har sett i verk – og syner kva for trendryttarar  de har vorte.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt