Verdidebatt

Fri, villig og heit?

Som leiar på ein frivilligsentral har eg erfart ein ganske annleis frivilligheitskvardag enn i Den norske kyrkja. Der eg jobbar no får livskompetansen til den frivillige bløme utan å bli «overskugga» av profesjonar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eleni Maria Stene

Administrasjonsleiar, Sagene Frivillighetssentral

Den siste tida har frivilligheit vore aktualisert i Vårt Lands spalter. Marie Landrø, frivillig i både i NMS og Dnk skriv om positive og negative erfaringar knytt til rolla som frivillig. (VL 23.08) Stephen Sirris og Beate Jelstad Løvaas ved VID vektlegg at frivilligheit må dyrkast fram og pleiast. Då trengs det aktiv frivilligheitsleiing. God kjennskap til frivillige og deira motivasjon er ei forutsetning for dette. (VL 20.08) Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum skriv at det er viktig at frivillige sjølv er med å definere og utforme arbeidet. Samstundes viser rapporten «Betingelser for frivillig innsats» frå Institutt for samfunnsforsking at frivillige som bli leia av tilsette er mest nøgde. (VL 08.09)

Frå kyrkje til frivilligsentral

Mitt innsteg i debatten er prega av erfaringar som dagleg leiar i ein kyrkjelyd i Dnk og no som adm.leiar på ein frivilligsentral. Begge leiarjobbane har gitt god erfaring med frivillige. I tillegg har eg vore frivillig sjølv i ulike organisasjonar. Eg tykte det var kjekt å jobbe med frivillige i kyrkja, men erfarte at tida ikkje strakk til. Vi skulle brukt meir tid og lytta meir til kva idear, gleder og utfordringar frivillige hadde. Tilsette og kyrkjelydsråd diskuterte kva som kunne gjerast for å få med fleire frivillige. Fokuset var mest på rekruttering og mindre på oppfølging og utvikling. Det mest vellukka frivilligarbeidet var eit kor leia av ein engasjert kantor. Kormedlemmene likte å syngje, opplevde fellesskap og anerkjenning gjennom konsertar. Mange viktige motivasjonsfaktorar var på plass.

LES OGSÅ: Hun skrev om frivillige som ikke blir sett. Men så tok menighetsrådslederen kontakt

Tilhøyrsle er viktigare enn plikt og kall

Når frivilligheit lukkast, er det ofte fordi den frivillige opplever sjølve oppgåvene interessante, får fellesskap, verdsetting og har verditilknyting til organisasjonen ein engasjerer seg i. Altså oppfyllast grunnleggjande, indre motivasjonsfaktorar. Frivilligheit er kanskje ikkje meir mystisk enn som så. Indre motivasjonsfaktorar må tilfredsstillast for at menneske i vår tid vil engasjere seg. Det beste er om sjølve arbeidsoppgåvene er interessante, men nesten like viktig er kjensla av tilhøyrsle, å bli sett og å kjenne seg nyttig. Eit anna viktig aspekt er at mange frivillige vil realisere seg sjølve og finne meining i eige liv. Plikt- og religiøs kallskjensle er ikkje så sterke motivasjonsfaktorar lenger.

Kanskje må ein stille nye spørsmål i høve til frivilligheit i religiøse organisasjonar. Kva slags oppgåver legg ein til rette for? Har Dnk og andre større, ideelle organisasjonar blitt så profesjonaliserte at dei frivillige slit med å finne sin plass? Blir avstanden mellom profesjonane og frivillige så stor at dialogen svekkast? Eller er det tida som ikkje strekk til? Korleis er eigentleg statusen for frivilligheitsarbeidet i Dnk? Og kva kan Dnk lære av andre organisasjonar som driv på med frivilligheit? Dette er spørsmål ein kunne jobba vidare med i lokale kyrkjelydar og forsking.

Verdiar i praksis

Som adm.leiar på ein frivilligsentral har eg erfart ein ganske annleis frivilligheitskvardag enn i Dnk. Statistikk for 2019 viser 430 frivillige og vel 17.000 timar frivilligarbeid berre på vår lokale sentral. Totalt finst det 468 frivilligsentralar i Noreg i dag.

Nye frivillige meldar seg kvar veke. Alle er velkomne uansett politisk synspunkt, religiøs tilhøyrsle, alder, kjønn eller legning. Nye frivillige blir intervjua og referansar blir sjekka. Dei frivillige får moglegheiter til ulike typar engasjement som t.d. besøksteneste, drive kafé og praktiske oppgåver. Dei arrangerer festar, høgtidsfeiringar og turar i skogen. Nokon jobbar med utlån av gratis sportsutstyr til barn og unge. Fellesskapet i kvardagen er viktig. Vi tilsette er saman med mange av dei frivillige kvar veke. Vi drikk kaffi saman, deler eit måltid, planlegg aktivitetar og heiar fram nye idear. Terskelen er lav for å bidra. Tida kort frå idé til praksis. Det verkar motiverande både for frivillige og tilsette.

Vårt lokale motto er «Bedre hverdag». Vi jobbar for ein betre kvardag for folk i bydelen. Å vere eit medmenneske og drive diakonalt arbeid er noko alle kan bidra til. Ei dame i rullestol er besøksven for ei dame med angst som ikkje tør å gå ut. Ein pensjonert ingeniør er leksehjelp for innvandrarbarn. Ein ung mann i fri soning bakar julekaker til julaftanfeiring for eldre. Det handlar om å gi tillit og handlingsrom, uansett utgangspunkt. Det skapar eigenverdi for den enkelte og gjev meirverdi for lokalsamfunnet.

LES OGSÅ: VIDs nye tilbud om utdanning i frivillighetsledelse får ikke nok søkere til å gå i gang

«Frivilligsentralen er familien min!»

Mange av dei frivillige har vore med i årevis – andre i kortare periodar. Felles for dei er lysta til å bruke seg sjølve, finne fellesskap og få vener. Dei får ein betre kvardag og skaper ein betre kvardag for andre. Frivillige realiserer verdiar som er viktige; å bruke seg sjølv, oppleve fellesskap og meining. Mange opplever mindre utanforskap og einsemd.

«Frivilligsentralen er familien min!» sa ei eldre dame gledestrålande. Ho var lukkeleg over at vi hadde normale opningstider etter koronastengt. No kunne ho endeleg møte vener og jobbe frivillig i kafeen igjen.

«Jeg elsker dere», seier Ervin frå Balkan. Han er aleine i Norge. Gjennom sentralen har han fått praktiske oppgåver og nettverk. Han opplever å vere til nytte, praktisere norsk, bli inkludert og få støtte.

Som adm.leiar opplever eg at det å få aktive frivillige handlar om å sjå menneske, ha dialog og fellesskap kvar dag. Å gje anerkjenning og handlingsrom er grunnleggjande. Skiljet mellom tilsette og frivillige opplevast også mykje mindre enn t.d. i Dnk. Livskompetansen til den einskilde frivillige får bløme utan å bli «overskugga» av profesjonar. Mange frivillige har fått ny meining i livet og er fri, villig og «heit» på nye oppgåver og kvardagar. Det er verdifullt for den enkelte, for verksemda og for samfunnet!

LES MER:

Oslo kommune kutter i kirkebudsjettet. Jakob kirke frykter for framtiden

«Frivillig arbeid forandret min forståelse av integrering i praksis»

Abid Raja: «Jeg har reist rundt i Norge og tror jeg har funnet hva som kjennetegner nordmenn»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt