Verdidebatt

Ein draum om helsebot

Den draumen eg ber på, at alle nordmenn skal ta til å ause av ei uuttømmeleg kjelde av ord og uttrykk dei ikkje har visst om.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sverre Hatle

Vise- og salmediktar

Eg er ein sytepave som ottast for helsa og framtida til morsmålet mitt, at engelsksykja i tillegg til kroniske seinskadar etter den tusenårige latiniseringa skal legge norsken på sotteseng.

No har eg bestemt meg for å sjå etter lyspunkta. Ein dag var det ein bladfyk her i avisa som skreiv om scenenekt. Tenk at han kom på eit anna ord for det som folk elles kallar no platforming. Det var ein modig maur! Det er helsebot i slikt, ikkje recovery.

Lydspor eller sound track?

Ein dag kjem nokon på å kalle Trump ein hurragut i staden for ein cheerleader. Eller skrønemakar i staden for newsfaker. Og skrytepave i staden for greatmaker. Men brubyggjar blir like misvisande som bridgemaker og peacemaker.

Eg drøymer om at nokon kjem på sporet att og finn eit lydspor der andre berre høyrer sound track. Da blir eg både glad og fegen, ja, beintfram heppen, og ikkje happy. Det ville ha gjort meg meir avslappa og sinnsroleg, og eg skulle gløyme kor forkjært det er å vere laidback. Og så vil nokon syte for oppussing i staden for makeover. Sjølv kallar eg det for omvøling, men det er sjølvsagt borti granskogen uforståeleg.

Ein dag trur eg at nokon gjenoppdagar slagordet gjere for å lære i staden for å make play work for education. I mi studietid heitte det learning by doing, men den norske varianten rimar til og med. Kav norsk, reinhekla norsk, hardcore norsk, ja.

Nokre heilnorske synonym på vegen

Dessutan drøymer eg om ei ny tid når eg slepp å undrast på om den som har kvantitativ kompetanse er ein som kan mykje, ein tusenkunstnar, kanskje? Og ein dag trur eg at alle skal slutte å implementere og berre sette i gang, slutte å optimalisere og berre finne den beste løysinga, slutte å fasilitere og berre stelle til, slutte å adressere, og heller seie beint ut at dei vil vise fram eller peike på noko, utfordre, klage, avsløre og gje skulda for noko, kanskje til og med skjelle nokon ut. Da kan flyktningane få flytte hit og busette seg utan å relokaliserast.

Draumen eg ber på

Da blir det gildt å finne snarvegar utan quick fix, der alt er berre blåbær og ikkje peanuts, ta ein pust i bakken utan time out, og komme fram til vendepunktet utan turnover, og sistpå finne ut at det eine kjem av det andre når it comes with the territory. Gjev meg handa di, venn, ikkje gimme five!

Dette er den draumen eg ber på, at alle nordmenn skal ta til å ause av ei uuttømmeleg kjelde av ord og uttrykk dei ikkje har visst om.

LES MER:

90 dåpssalmer har blitt til tre finalister. Her kan du prøve å spille dem selv

Her kan du lese tekstene til finalistene i dåpssalmekonkurransen

«Det er ikke rart man blir sint når gamle hvite menn ikke forstår hva kebabnorsk er»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt