Verdidebatt

Hagia Sofia er verken moské eller museum. Det blir underkommunisert i reportasjane frå Tyrkia.

Når no Hagia Sofia i Istanbul er omdefinert frå museum til moské, er det ein provokasjon og ein tragedie, ikkje berre for grekarane, men for alle kristne.

Solrunn Nes

Kunsthistorikar

Hellas har protestert, likeeins patriarken i Konstantinopel og pave Frans. Men Tyrkia, ved president Erdogan, meiner han er i sin fulle rett til å demonstrera makt på denne måten. Grekarane har opplevd okkupasjon og forfølging frå tyrkarane i fleire hundreår. Det mest symboltunge årstalet er 1453, året då tyrkarane inntok Konstantinopel.

Unik kyrkje

Hagia Sofia er verken ein moské eller eit museum. Den Heilage Visdomen kyrkje er ei unik kyrkje frå 500-talet som vart den bysantinske keisarens hovudkyrkje. Å hevda noko anna er historieforfalsking. Dette vert underkommunisert i reportasjane frå Tyrkia. Mange moderne tyrkarar ser på Hagia Sofia som ein osmansk juvel, sjølv om bygningen i realiteten er ein kristen katedral frå 500-talet som hadde austleg, kristen liturgi i 900 år.

Den ekstreme ikonoklasmen som fins innan enkelte retningar i islam, kan i verste fall også bli utøvd her. Eg hugsar tv-reportasjen frå Afghanistan i 2001, der Taliban sprengde vekk ei enorm Buddha-statue. Kva oppnådde dei med det? Slik eg ser det, vart jorda ein fattigare plass etter dette – for alle menneske.

Kva vil skje med dei mosaikkane som enno finst i Hagia Sofia? Vil dei bli kalka over, eller kanskje hakka vekk, slik det skjedde med mesteparten av utsmykkingsprogrammet på 1400-talet? Vil det bli problematisk for dei som skal delta på fredagsbøna å ha ein mosaikk av Maria med Jesusbarnet i kvelvingen over seg?

• LES OGSÅ: Hagia Sofia: Kristne ikoner skal dekkes til under muslimsk bønn

Flytur unna

Ein gong på 900-talet stod ein nordmann på galleriet og skribla. «Halfdan rissa desse runene» skreiv han på rekkverket. Grafitti heiter det i dag. Han var i den bysantinske keisarens teneste. Han hadde kome den lange vegen frå Norge til Miklagard – Den store staden, som var det norske namnet for Konstantinopel – Konstantins by. Kanskje Halfdan tykte liturgien var langdryg. Det greske språket var vanskeleg å forstå. Kanskje prosesjonane, bønene, røykelsen og den endelause songen gjorde at han vart søvnig. Han stod vakt oppe på dette galleriet, i nærleiken av staden der ein av dei vakraste bysantinske mosaikkane nokon gong skulle bli skapt; ei framstilling av Kristus, flankert av Maria og Johannes Døyparen.

Eg vil presentera eit lite tankeeksperiment. Sett at nazistane hadde vunne krigen. Norge vart ein del av Det tredje riket. Etter kvart hadde okkupantane vore her så lenge at dei meinte dei hadde hevd på landet. Den nasjonalsosialistiske ideologien skulle innprentast i alle samfunnsinstitusjonar. Nazistane kasta auga på stavkyrkjene våre. Nei, ikkje våre. Desse symbola tilhøyrde okkupantane no. Dei valde ut Urnes stavkyrkje som sjølve ikonet på ein arkitektur som kunne dreiast i norrøn retning. Dersom nordmennene våga å protestera på dette, ja, då fekk dei høya kven som hadde makta. Her er vi i dag. Berre ein liten flytur unna.

LES MEIR:

Erstad om Hagia Sofia: – Like mye et maktsymbol som et religiøst symbol

Kristen forstander: – Kulturarv som én gang ikke var deres. Imam: – Avhenger av brillene man har på

Hagia Sofia blir moské. – En brikke i Erdogans islamiseringsprosjekt, sier eksil-tyrker

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt