Verdidebatt

Kvifor kan ikkje kvinner provosere?

Eg er lei. Kvinner må kviskre, gå stille i dørene og for all del ikkje starte debatt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mai Lene Fløysvik Hæåk

Masterstudent i politikk

Det er rart korleis ein ganske god og fornuftig tekst kan vekke så mykje harme som teksten til Gyrid Gunnes gjorde. Bør vi rive Nidarosdomen, spør ho. Svaret hennar er sjølvsagt nei. Men refleksjonane ho gjer seg i denne teksten, om kva symbol me let representere oss og korleis desse symbola er forma vel så mykje av samtida og majoritetskulturen som av kristen tru, trur eg det er viktig å ta med seg.

Det er rart korleis ein ganske god og fornuftig tekst kan vekke så mykje harme som teksten til Gyrid Gunnes gjorde, skriv Mai Lene Fløysvik Hæåk

Ein treng ikkje å vere samd i alt ho skriv, og noko kan ein la seg provosere av, men denne teksten gjorde meg medviten på noko eg ikkje har tenkt på før.

• LES OGSÅ: Gunnes åpner opp for vold i ordets bredeste betydning

Tvilen til gode

Det som gjorde meg langt meir provosert enn teksten til Gunnes, er korleis han vart motteken. Eg vart freista til å starte ein såkalla debatt om debatten. Det som slo meg då eg las kommentarane og innlegga om denne teksten, er at jammen er det skilnad på når kvinner provoserer og når menn provoserer.

Når menn skriv, har dei berre «spissformulert seg», og korleis kan nokon kome på at dei faktisk meiner det heilt bokstaveleg? Nei, her er det berre å lese mellom linjene og finne fram til den eigentlege bodskapen, intellektet som ligg bak spissformuleringane.

Når kvinner skriv, då blir spissformuleringar til «tenk å seie noko så dumt». I teksten til Gunnes har mange hengt seg opp i ordet «naturleg», at det er eit naturleg spørsmål om Nidarosdomen burde rivast. Korleis kan nokon finne på å spørre om dette? I eit kommentarfelt såg eg at ho vart kalla standup-komikar.

Andre passar på å berre legge ut ein skjermdump eller eit bilete av overskrifta slik at dei som ikkje abonnerer på Vårt Land skal få med seg at Gunnes, ho vil rive Nidarosdomen ho (nei, ho vil ikkje det). Det er som om overskrifta har hindra folk i å faktisk ta innover seg teksten. Det er ikkje snakk om å lese mellom linjene eller at overskrifta ikkje nødvendigvis reflekterer heile bodskapen. Kontrasten er stor til teksten.

• LES OGSÅ: Gyrid Gunnes har ikke fått med seg hovedpoenget, nemlig at Olavsøksen er en martyrøks

Forskjellsbehandling

Berre få dagar før teksten til Gunnes stod på trykk, skreiv Erik Andreassen ein kronikk om populariteten til kristne kyrkjelydar på Facebook under Covid-19: «Kirken ble relevant, populær og innflytelsesrik. Med andre ord: alt det djevelen fristet Jesus med, og som han takket nei til.» Teksten til Andreassen fekk kritikk, men eg merka meg ikkje at nokon kalla han stand-up-komikar eller ein karikatur av seg sjølv fordi han spissformulerte seg i ingressen.

Nidarosdomen 

Skulle eg ha tolka Andreassen som enkelte andre tolkar Gunnes, hadde eg sagt at han meiner at kyrkjene dei siste månadane har utført djevelens verk, men etter å ha lese teksten forstod eg bodskapen meir i retning av at popularitet ikkje burde vere det endelege målet til kyrkjelydane.

Me må kviskre

Dessverre verkar det som om kvinner i større grad enn menn blir mistolka, og at reaksjonane blir langt sterkare. Det er truleg ikkje medvite, men det ville gjort mykje for debatten i kristennorge om ein kunne innsjå at kvinner og menn blir handsama ulikt når dei debatterer, ytrar meiningane sine og spissformulerer seg.

Eg er lei. Eg er lei av at kvinner ikkje kan provosere, ikkje spissformulere, ikkje kan stille spørsmål som blir eit blikkfang for lesarane. Me må kviskre, skrive med små bokstavar og vere nyanserte. Me må gå stille i dørene. Og me må for all del ikkje starte debattar om majoritetskultur eller kva symbol ein let representere kyrkja.

LES MER:

Usynlig rasisme skjer hele tiden, skriver MF-professor Tone Stangeland Kaufman

Vil rive statuer av 'hvit Jesus'

Plutselig var vi alle rasister

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt