Verdidebatt

Gud vil frelse.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ja, Gud "vil at alle menneske skal bli frelste", seier Skrifta. Samstundes er det på sin plass med ein viss eksegetisk edruskap i møte med enkelte skriftord.

Når Jesus seier at han skal dra alle til seg, så kjem det på bakgrunn av at nokre grekarar har søkt å få kontakt med han, altså eit misjonsperspektiv. Så langt ein kan forstå, vert dette ei stadfesting for Jesus av det som snart skal skje med liding, død og oppstode. Og i framhaldet talar han om å tru på lyset. Det handlar altså om det som skal skje etter Jesu oppstode og himmelfart. Perspektivet blir dermed det same som han i misjonsbefalinga uttrykkjer med å gjere "alle folkeslag til læresveinar".

At Gud skal vere/ fylle alt i alle står òg i ein tydeleg samanheng. I slutten av Ef 1 står det om noko som gjeld "Kristi kropp", altså Jesu kyrkje. Og der det står i 1. Kor 15, oppstodekapittelet, der er det "dei som høyrer Kristus til" som er den næraste referansen nokre vers framom.

Derfor må evangeliet forkynnast til frelse, så Guds vilje for alle og Jesu visjon for hans verk kan bli ein stadig rikare røyndom både i vårt land og i verda elles. Korleis det skal gå med dei som ikkje har høyrt evangeliet, lyt vi overlate til Gud. Det vi kan kome fram med her, vert berre spekulasjonar, og dei er naturlegvis ikkje eigna tolkingsnøklar til Skrifta.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt