Verdidebatt

Kling no klokka, ring og lokka frå tusen tårn

Bispemøtet oppfordrar kyrkjelydar å gjere bruk av denne tida, til å utforske den gamle kommunikasjonsmåten som har vore så viktig både for kyrkja og lokalsamfunna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På ei klokke frå Hällstad i Västergötland i Sverige frå 1463 kan vi lese at «klokka lovprisar Gud, kallar saman folket, kallar saman prestane, gret over dei døde, jagar bort pesten og kastar glans over festane.»

Ringe helga inn

Kyrkjeklokkene er lyden av folkekyrkja lokalt. Kyrkjeklokkene har for mange av oss vore så sjølvsagte at vi ikkje har hatt behov for å setje ord på kva dei betyr for oss, som kyrkje og som folk. Før no, i denne tida då kyrkjer over heile landet har vore stengde på grunn av smittefare.

I koronatida blir dette ein av kyrkja sine måtar å markere helg og høgtid på, og vi har kome med ei tilråding at ein lokalt ringer inn helga laurdagar kl. 17.00. Dette er etter gamal skikk. Klokkene ringer som eit teikn på nærvær og forbøn. Som desse kyrkjeklokkeinskripsjonane uttrykkjer det: «Land, land, land, hør Herrens ord: Tro – Håp – Kjærlighet»

For mange er helgedagane sterkt knytt til klokkeringing. Her er det mange lokale tradisjonar, men dei fleste av oss fekk høyre på klokkene ringe høgtida inn på påskeaftan. Det same vil skje pinseaftan 31. mai kl. 17.00.

Lang tradisjon

Lyden av kyrkjeklokker har i uminnelege tider vore ein uunnverleg del av kulturlandskapet. Klokkeringinga har i generasjonar vore viktig for å halde greie på tida, til kvardags og ved alle høgtider. Dei har kalla inn til gudsteneste og har samtidig gjort evangeliet nærverande i folk sine liv. Dei har vore viktige i sorg og i fest, ved gravferder og ved bryllaup. Klokkene har også vorte brukt for å oppfordre folk til å be.

Frå eventyr hugsar du kanskje at dei vonde kreftene måtte gi tapt mot klokkelyden, Og kanskje var du ei(n) av dei som fekk augo, eller øyra, opp for den store, kulturhistoriske verdien av kyrkjeklokker gjennom Lars Myttings roman Søsterklokkene.

Om vi i kyrkja ikkje har snakka så mykje om kyrkjeklokkene, har vi sunge om dei: Kim alle klokker (NoS 49) og Kling no klokka (NoS 65). Overalt i Noreg finst det kyrkjeklokker, kvar med sin eigen historie og klang.

LES OGSÅ: Teologiprofessor Marius Timmann Mjaaland: Nå må kirkene åpne

Lokale ringetradisjonar

No vil vi i Bispemøtet oppfordre kyrkjelydar og kyrkjelege tilsette å gjere bruk av denne tida då vi ikkje har gudstenester i kyrkjeromma, til å utforske dei lokale eksempla på denne gamle kommunikasjonsmåten som har vore så viktig både for kyrkja og lokalsamfunna.

Kva for historie har innskriftene og klangen i dei ulike klokkene? Arbeid gjerne med dette saman med lokalhistorielaget, turlag, speidegrupper og andre lag.

Kva finst av lokale ringetradisjonar? Er det tenkjeleg å ta nokre av dei i bruk igjen? Kan det arrangerast lokale pilegrimsvandringar frå klokke til klokke, der ein på kroppen kan finne ut kor langt unna ein kan høyre klokkene frå, og så gå etter lyden?

Forslag til bøn

Her er eit forslag til ei bøn ein kan gjere bruk av i denne viktige kyrkjeårstida mellom påske og pinse:

«Gode Gud, lyden av kyrkjeklokkene minner oss om historia til evangeliet i vårt land og på denne staden. Klokkene kallar oss stadig til samling, til å høyre kva Du vil seie oss og til å be saman.

Gud, la klokkeklangen være ei utfordring til å samle oss om det som er viktig no, for oss sjølve og for våre medmenneske.

Vi ber for alle dei som klokkene ringer for, verda over.

Vi ber for alle menneske som er redde no og for dei som sørgjer.

La klokkene også vere ei påminning om det håpet Jesus, din son, vår bror, har gitt oss ved sin død og oppstode.

Hjelp oss slik at klokkelyden kan få oss til å sjå framover mot ei pinsehøgtid då vi igjen saman kan feire at Du som Heilag Ande, Livgivaren, er nærverande i våre liv og gudstenester. Amen.»

Atle Sommerfeldt, konstituert preses i Bispemøtet og biskop i Borg

Kari Veiteberg, biskop i Oslo

Solveig Fiske, biskop i Hamar

Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg

Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark

Alle Lise Ådnøy, biskop i Stavanger

Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin

Ingeborg Midttømme, biskop i Møre

Herborg Oline Finnset, biskop i Nidaros

Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, biskop i Sør-Hålogaland

Olav Øygard, biskop i Nord-Hålogaland

Knut Erling Johansen, konstituert biskop i Borg

LES MER:

Norges eneste klokkestøperi har smidd 3.350 kirkeklokker

No vil dei finne ut korleis kyrkjene kan opnast igjen

Tomm Kristiansen hyller nettgudstjenester: Nå fyller kirka fotballstadioner

For Sunniva Gylver har det blitt endå tydelegare at kriser rammar hardast dei som er hardt ramma frå før

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt