Kirke

Arbeider med retningslinjer for å kunne opne kyrkjene

– Når heile samfunnet no arbeider med å opne opp, så må kyrkja gjere det same, seier KA-direktør Marit Halvorsen Hougsnæs.

KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter arbeider no med retningsliner for korleis ein gradvis skal opne opp for kyrkjeleg aktivitet. Mykje av den kyrkjelege verksemda har vore stengt sidan 12. mars.

Direktør i KA, Marit Halvorsen Hougsnæs, fortel at arbeidet med å lage ein bransjestandard for kyrkja, er noko KA gjer saman med med Kyrkjerådet, Bispemøtet og fellesråda.

Mangfaldig verksemd

– Kvifor gjer de dette no?

– Alle må ha retningsliner. Det skal vere trygt å kome til kyrkja, den skal ikkje vere ein smittestad for verken tilsette eller besøkande. Utan retningsliner, må vi halde stengt. Når heile samfunnet no arbeider med å opne opp, gradvis og kontrollert, så må kyrkja gjere det same. Vi brukar den same metodikken som andre gjer.

Ho understrekar at Den norske kyrkja er ei samansett verksemd som driv med mange forskjellege ting. Barnehagar, gravplassverksemd, undervisning, diakonalt arbeid, gudstenester – lista er lang, og behova er forskjellege.

Hougsnæs seier dei no går gjennom alle områda som kyrkja arbeider med. Der det allereie finst retningsliner, vil ikkje kyrkja lage nye. Som til dømes i barnehagar. Diakonar og prestar som driv sjelesorg, kan bruke dei same retningslinene som psykologar har fått, for éin-til-éin behandling, ifølgje Hougsnæs.

– Men der det ikkje finst gode parallellar, som med gudstenester, der må vi lage eigne retningsliner, seier ho.

Kva som vil bli foreslått, er endå ikkje klart, ifølgje Hougsnæs.

– No må kyrkjene opne

Kvifor er kyrkjene framleis stengt? Det lurer teolog Marius Timmann Mjaaland på. I ein kronikk i Vårt Land argumenterer han for at det er på tide å avslutte forbodet mot gudstenester.

«Dette handler ikke bare om smittevern, det er grunnleggende samfunnsspørsmål som står på spill», hevdar Mjaaland.

Han viser til våre naboland, der kyrkjas rolle under koronaepidemien er blitt diskutert grundig. Han etterlyser meir informasjon frå Den norske kyrkja og skriv: «Prester og menigheter er rådville, de erfarer at deres tanker og motforestillinger ikke blir hørt.»

Mjaaland foreslår å opne for kyrkjebesøk 10. mai. Hougsnæs i KA har ikkje høve til å kommentere Mjaalands kronikk fredag.

Tidsplan

Fredag hadde KA møte med alle arbeidstakarorganisasjonane i kyrkja. Hougsnæs veit ikkje når retningslinene vil vere ferdige, men seier at dei jobbar så fort dei kan.

– Det kan godt hende at retningsliner for forskjellege verksemder innan kyrkja vert ferdige på ulike tidspunkt. Tidsplanen for åpning av ulike former for kyrkeleg verksemd kan òg bli ulik, seier ho.

I tillegg er det viktig å gjere klart kven som har ansvar for å bestemme når dei ulike former for verksemd kan opne.

Når arbeidet er ferdig, skal retningslinene sendast til Folkehelseinstituttet (FHI), for godkjenning.

LES MER:

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke