Kirke

- Mange har nok med å kome seg gjennom dagar og netter

For Sunniva Gylver har det blitt endå tydelegare at kriser rammar hardast dei som er hardt ramma frå før.

Mykje er satt på vent. Det betyr ikkje at sokneprest Sunniva Gylver i Fagerborg kyrkjelyd i Oslo har fått mindre å gjere.

- Det er mange samtalar og møter, som vanleg, men det er stort sett over skjerm eller telefon. Eller utandørs med to meters avstand. Det tek tid å sette seg inn i alle digitale plattformar og appar der vi kan kommunisere, så læringskurva er bratt. Vi må stadig ta vurderingar om kva som skal avlysast, utsetjast eller gjerast på ein annan måte. I samband med påska, gjekk det med mykje tid til opptak i ei tom kyrkje, av gudstenester og filosofikafé, for å nemne noko. Det var både fint og sårbart å feire dåp med 14 menneske til stades 1. påskedag, og å ha gravferd med tilråda avstand og mange som deltek via skjerm. Det er sterkt å oppleve kor viktige rituala blir for oss i krisetider.

– Har du mindre å gjere no enn til vanleg?

– Eigentleg ikkje. Behovet for samtale og forbøn verkar endå større enn vanleg. Og det tek tid med opptak og redigering av gudstenester på ulike flater. Samtidig er det jo mykje som er sett på vent. Pulsen er nok litt roligare, så eg prøver å lese og fordjupe meg litt. Og be.

– Kva er den største utfordringa for deg?

– Å ikkje kunne samlast i kyrkja. Eg saknar intenst å feire gudsteneste i fellesskap, å kunne møte menneske ansikt til ansikt. Gi ein klem, gi eit handtrykk. Dessutan likar eg planlegging og det som er forutsigbart. I et globalt perspektiv, er dette små ting. Men eg kan også kjenne på kampen eg trur vi står i både som enkeltmenneske og som samfunn no. Kampen som står mellom behovet for å skjerme meg og mine, og behovet for å verkeleg trå til for fellesskapet.

– Har du lært noko nytt av denne perioden?

– Mange som eg har kontakt med, har nok med å kome seg gjennom dagar og netter. For min eigen del, er somme ting blitt endå klarare i denne perioden. Det har blitt endå tydelegare for meg at kriser rammar hardast dei som er hardt ramma frå før. Opplevinga av meining og tilhøyrsle blir endå viktigare. Vår kapasitet til endring er ekstremt mykje større enn vi trur. Og naturen tek planeten tilbake når den får høve til det. Mitt sterke håp er at denne erfaringa, og den oppattbygginga av økonomi og strukturar som vert naudsyn, kan ta oss i ei meir berekraftig og grønare retning.

Les meir om korleis prestar handterer koronakrisa:

• Stine Kiil Saga kom heim til eit forandra Noreg

Dorothee Ziller trur denne tida kan opne auga våre for kor verdifullt fellesskapet er

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke