Verdidebatt

Opne refleksjonar om bibelfag og teologi

Kyrkja og teologien treng meir enn "historiefaglege" lesingar av Det gamle testamentet. Eg deler nokre opne refleksjonar om problemstillinga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg viser til innlegg om teologiutdanning, av student Fredrik Stormark (S) og respons frå GT-professorar Berge, Kartveit og Weyde (BKW). Nokre korte innspel frå mi side, som teolog og prest:

Godt med diskusjon

a) Det er godt at ein diskuterer forholdet mellom teologi og bibelforståing. For det er sant: Utfordringar for kyrkje og prestestudium i dag har også å gjere med teologi (om enn slett ikkje berre bibelfag).

Klassiske problemstillingar i moderne teologi

b) Studenten tek opp fleire ulike problemstillingar. Mange av dei er rimeleg "klassiske" i moderne teologi. Dei har særleg å gjere med forholdet mellom dei ulike greinene i teologien, samt meir spesifikt forholdet mellom bibelfag/historie og teologi. Desse problema blir ope drøfta i faglitteraturen.

Gapet mellom frikyrkjer og teologistudium

c) Det er legitimt at ein student peikar på problemstillingane, er uforståande, blir frustrert. For det kan verkeleg vere store gap mellom det ein lærer særleg i frikyrkjelege samanhengar, og det ein lærer i teologistudiet. "Hva skal vi diskutere?", spør GT-professorane. Vel - ulike sider ved dette gapet, ville eg seie. (I nokon grad har dette skjedd, i norsk samanheng, det skal seiast - også av dei aktuelle professorane).

Ein bør ikkje her vente at studentar skal kunne ha gjennomtenkte "syn" på desse komplekse tinga. Det vil krevje anten at ein står i ein seriøs tradisjon, eller at ein sjølv arbeider i mange år med stoffet.

Sameine greiner i teologien

d) I norsk teologisk drøfting har ein stundom tala om fagteologien som "ein knust spegel", eller om at det er eit "jernteppe" mellom bibelfag og systematisk teologi. Ei tydeleg utfordring for fagteologien må vere å få desse greinene i betre kontakt med kvarandre, slik studenten etterspør. 
Gjere greie for problemstillingane

e) Men dette er krevjande i teologien, av mange årsaker. Det bør i det minste vere mogleg å gjere greie for problemstillingane, konfliktane, utfordringane - og moglege løysingar og vegar vidare. Dette reknar eg som ei særleg oppgåve for professorar i teologien. Dette er det då også gjort ein god del godt arbeid med, også i norsk samanheng.

Ny kunnskap som krev nytenking

f) Fleire av problemstillingane - inkludert dei som studenten peikar på - spring ut av ny kunnskap i moderne tid, til dømes om GT-historie, eller om moderne røyndomsforståing. Då treng teologien å forholde seg til nye innsiktar, og drøfte dei og inkorporere dei (ikkje dermed sagt at kyrkjelæra, vedkjenningar, liturgi etc. treng å gjere det same. Vitskaplege funn er reviderbare og kontinuerleg opne for tolking, så det er god grunn til å vere varsam).

Vår spesifikke kulturelle kontekst

g) Mange av problemstillingane blir likevel også forsterka av den spesifikke kulturelle vegen vi har gått i dansk-norsk-tysk protestantisme, samt vestleg opplysningstid. Dette er ein veg som også pregar den forma som teologisk utdanning har, i vår kulturelle sfære.

For GT-faget sin del: Her står ein tradisjonelt sett i "tysk" tradisjon, Leopold von Ranke og co. Ein ynskjer å vere "vitskapleg" og ta i bruk ulike typar av verktøy, knytt til arkeologi, kjeldegranskning, undersøking av ord osb. Målet har vore å finne ut "kva som eigentleg skjedde."

Dette er viktig arbeid som ofte har påvist avstand mellom oss og tidlegare generasjonar (Moses, Jesus, Augustin, Luther etc.), i mange forståingar av tekst og historie og røyndom. Det opphavlege målet var å "finne Gud" i teksten (jfr. Luther), men dette prosjektet viser seg ofte å føre til fragmentering og uvisse, slik også studenten peikar på.

Bibelstoffet forholder seg til røyndomen som heilskap - og til teologien
h) Men bibelstoffet er også kontinuerleg, og på komplekst vis, i kontakt med røyndomen og livserfaringa som heilskap - mediert av eit tradisjonsberande, liturgisk fellesskap (d. e. Israel/synagoge/kyrkje).

Her kjem teologien inn - som jo seier noko om  røyndomen og livserfaringa som heilskap, for kyrkja sin del uttrykt i trua på den treeinige Gud, og i "evangeliet". Merk vel at denne trua, frå NT og oldkyrkja av, aldri var eksklusivt bygd på "Bibelen" el. l., men på breie kjelder som inkluderte erfaring, filosofi, tradisjon, historie etc.

Faglege lesingar av GT som går "utanom" den breie røyndomskonteksten som vi alle står i - og som kyrkja freistar å uttrykke i si tru - kan i praksis stå i fare for å behandle teksten utan i særleg grad å forholde seg til det teksten talar om, peikar mot, eller kreativt kan skape.

(Difor er det også i det heile problematisk å uttale seg om teologi, opplever eg. Som også understreka av Andrew Louth. Kven veit kva ein eigentleg veit, eller kva ein eigentleg seier? Kven tør uttale seg om endeleg røyndom? Så også dette VD-innlegget må takast med meir enn éi klype salt).

Og i kyrkjeleg GT-fag synest det viktig for meg å involvere ulike typer av "kjeldelesingar" av GT, kanskje særleg frå jødisk historie og kyrkjehistorie, som kan fostre ein breiare og meir open mentalitet i møte med tekstane.

GT-faget sin snevre innfallsvinkel

i) Noko av grunnutfordringa, slik eg kan sjå det, er dermed å klargjere korleis GT-faget pdes. kan vere vitskapleg i "tysk" tradisjon - samstundes som ein gjer det klart for seg at dette er ein snever, avgrensa og utilstrekkeleg innfallsvinkel til teksten som sådan. Ein kan godt kalle denne tradisjonen for "vitskap", så lenge ein har det klart for seg kor avgrensa og kulturelt betinga eins perspektiv er.

(Slik "avgrensa" er eigentleg alt vitskapleg arbeid, slik vitskapshistoria fortel oss. I norsk samanheng er det likevel noko motkulturelt å poengtere dette, sidan "vitskap" for mange fungerer som eksklusiv kjelde for livssynsbyggjing - i alle fall i teorien).

Bryte opp skjelning mellom generell og spesiell openberring

j) I det heile handlar dette om ein brei innfallsvinkel til røyndomen, og dette inneber å bryte ein del av den moderne skjelninga mellom det "sekulære" og det "sakrale" - evt. mellom "generell" og "spesiell" openberring.

Desse skjelningane er nemleg i mangt moderne konstruksjonar, underbygd og informert av no forbigåtte materialistiske metafysikkar, designa for (ofte med rette!) å skape politisk fred og orden, eller for å sikre statleg politisk makt.

Respekt for professorane og deira arbeid

k) Til slutt eg vil eg seie, som seg hør og bør, at eg har stor respekt for det mangfaldige faglege og personlege arbeidet som dei tre professorane har gjort, over mange år, i eit stundom krevjande livssynslandskap. Dette arbeidet fortener dei også stor takk for.

Nokre av dei mest sentrale utgangspunkta for refleksjonane:

- Arbeid av Pannenberg (systematikk, openberring, historie etc.); James Kugel (om GT samt den "nye" historiske forståinga av GT); D Allison (om historieforskninga på Jesus samt moderne kristologi); J Milbank/ E Feser/B Gregory (om overgangen til tidleg modernitet, mtp. kyrkje, metafysikk, politikk); A Thiselton (om hermeneutikk); DB Hart, T Ware, J Behr (om oldkyrkjeleg hermeneutikk - her er eg berre ein halvstudert røvar, er eg redd); James P Mackey (om logos-kristologi som mogleg utgangspunkt for skapingsbasert teologi i moderne tid).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt