Verdidebatt

- Klimahåp

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

- KLIMAHÅP

Berit Hagen Agøy har i Dagen av 12.8. klimakrisa i fokus. Der er ho på lag med alle som ser at miljø/klimakrisa er i ferd med å leggja jorda øyde – men trur at dersom me set inn alle ressursane, vil me makta ein snuoperasjon – og berga vår jord.

«Det viktigste vi som kirker kan bidra med er håp». Det er sant, men kva håp er det ho siktar til? Er det eit håp om at slutt med fossilt brennstoff, kjeldesortering, sykkelbruk, flaskepant og el-bilbruk skal stoppa jordoppvarminga? Nei, dette er eit falskt håp. Som leiar i Dnk veit ho kva Bibelen seier om jorda si endelykt:

Gud har fasiten og kjenner utgangen til denne vår jord og har meldt at tida er ute  – jorda går undergangen i møte og brenn opp.

BHA  forvekslar framtidsvona dei kristne har til Den Nye Jord - med den miljø/klimafaren som all verda er oppteken av å meistra – og som kan bergast med ein samstemt miljø/klimainnsats.

Lenger ute i artikkelen nemner ho ei lite påakta sanning: «Klimakrisen er grunnleggende sett resultat av grådig overforbruk av ressursene i den rike del av verden……klimaløsninger som bygger på fortsatt økonomisk og materiell vekst hos oss er urettferdig».

Dette er reelle problemstillingar som ingen politikar vågar å ta opp  - om han ynskjer attval. Alle burde innsjå at det er kravet om årleg økonomisk vekst som stengjer for klimamåla. Me er fanga inn av den hedonistiske livsstilen – brød og sirkus.

Verda er dømd til undergang, og domen kan ikkje omstøytast. Dei vanakta domedagsprofetane – som ikkje kjende til klimakrisa – peika på ei løysing.

Det burde DnK også gjera, og ikkje som BHA  gjer: viser til eit falskt håp - når ho skriv: «Klimakrisen er menneskeskapt, vi har ansvar for den. Derfor må – og kan vi gjøre noe med den. Forandring er mulig. I det ligger håpet».

Nei, løysinga er å få tilgang til Den Nye Jord ved å ta i mot Frelsaren.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt