Verdidebatt

Ingen perler for svin

Forbrukarane seier dei er bevisste på dyrevelferd. Men når dei skal gå til innkjøp, går dei for dei billegaste varene.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då har også eg fått sett meg ned og sett Brennpunkt-dokumentaren om svinenæringa. Som regel når der kjem videoar og ymse frå dyrevernsaktivistar er det behov for å nyansere, forklare og rette opp i ein del faktafeil. Men etter å ha sett dei skjulte opptaka i denne dokumentaren, må eg berre slå fast at det blir heilt feil å skulle byrje å mot­argumentere og nyansere her.

Oppgitt og lei meg

Mange har hatt sterke reaksjonar på det ­videoane viser. Også eg som er svinebonde er oppgitt, lei meg, og ikkje minst overraska over kva haldningar ein del av desse svinebøndene viser.

Spesielt reagerer eg på ­behandlinga, eller rettare sagt den manglande behandlinga dei sjuke grisane får. Det var svært frustrerande å sjå både purka og grisungane som tydeleg hadde det vondt, berre bli liggande å døy sakte over tid utan at dei fekk behandling eller vart ­avliva. For meg er det uforståeleg at ein bonde kan vise slik apati ovanfor sjuke dyr, og eg undrar meg over korleis dei kan trivast i jobben, når dei har slike grunnleggande likegyldige haldningar til dyra dei omgir seg med.

Ekstra oppfølging

Husdyr kan sjølvsagt verte skadde og sjuke. På lik linje med ville dyr, og for så vidt også menneske. Det kan vere situasjonar som ikkje ser bra ut. Nett som ein del av skrekkscenarioa ein kan sjå på eit sjukehus. Men grisar – som menneske – treng ved sjukdom og skade ekstra omsorg og pleie. I grisehuset har eg, som alle ­andre bønder, fleire sjukebingar. Binger som stort sett står tomme, men som eg somtid nyttar til gris som treng ro og litt ekstra oppfølging. Enten dei er skadde eller sjuke.

Har dei feber, sår, ledd­betennelse eller liknande, får dei ro i ein eigen binge for seg sjølv, og ved behov for medisinsk ­behandling i samråd med dyrlege. Om grisen ikkje viser­ betring på behandling, har store­ smerter­ ­eller liknande, er av og til ­avliving utvegen for best mogleg dyrevelferd. For mange kunne nok avlivingane i dokumentaren, med blod og det som følgjar med sjå fælt ut, men som svinebonde kjentes det som ein lettelse når bonden endeleg fekk surra seg fram med slaktebolten.

Unison frustrasjon

Eg er medlem i eit par lukka forum for svinebønder på Facebook. Eg har ikkje sett ein kommentar der nokon prøver å forsvare det som kjem fram i dokumentaren. Frustrasjonen frå svinebøndene er unison, og den er retta mot bøndene, ikkje aktivistane. Dette er ikkje greitt, desse kan finne seg noko anna å jobbe med. Svinenæringa har ikkje rom for slike bønder. Eg meiner ein skal vere forsiktig med å stemple dei som dårlege menneske, men som bønder har dei ein stad på vegen mista heilt fokus.

Det er mykje og mangt ein kunne kommentert frå opp­taka, noko også forklart. Men eg har lyst til å sette fokus på bodskapen aktivistane ynskjer å få fram: Svineproduksjonen i Noreg er industrialisert. Eg må seie meg heilt eining. Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre.

Det går ikkje eitt fjøsstell på ­sumarhalvåret der ikkje eg tenker­ tanken på kor fint det hadde vore å sleppt grisane utandørs. Eller kor mykje betre dei hadde hatt det om dei kunne hatt dobbelt så stor tumleplass i bingen. Så kvifor gjer ikkje me svinebønder det på den måten?

Reiser utanlands

Forbrukarane er bevisste på dyrevelferd når det kjem til sosiale media og spørreundersøkingar. Men når dei skal gå til innkjøp, går dei til dei billigaste butikkane, og finn dei billegaste varene. Mange reiser til og med utanlands for å hamstre kjøt, då ein der kan finne kjøt til endå billegare prisar­, og spare nokre tiarar.

På vegne av forbrukarane presser difor matvarekjedene slakteria og bøndene til å levere kjøt så billeg som mogleg.

Eg som slaktegrisprodusent sit att med omlag 300 kroner i forteneste på ein gris som vert slakta. Det betyr omlag fire kroner per kilo kjøt. Når forbrukaren et ein god middag på omlag 250 gram svinekjøt, sit bonden som har ansvaret for den levande ­delen av produksjonen att med ei krone av fortenesten.

Betre for grisen

Paradokset er då, at om du som forbrukar var villeg til å betale ei krone ekstra for den middagen, og den gjekk til dyrehaldet og ikkje til Reitan, kunne økonomien til bonden framleis gått rundt med halvparten så mange grisar i fjøset. Grisen kunne altså hatt dobbelt så stor plass i fjøset. Betre for grisen, men også betre for bonden.

Slik systemet er sett opp, er det diverre ingen vilje til å ­betale denne ekstra krona. Forbrukaren vil ikkje betale ei krone ­ekstra for å gi grisen dobbelt så stor tumle­plass i bingen. Den same forbrukaren som får bakoversveis av bilete frå moderne grisehus. Eller som irriterer seg over bøndene under landbruksoppgjeret, som prøver å kommunisere at å produsere god mat kostar.

Det er ikkje oss bønder som ynskjer denne industrialiseringa. Me blir dratt motvillig inn i den av storsamfunnet. Bondeorganisasjonane kjemper imot med nebb og klør, men utviklinga dei siste 50 åra er likevel færre­ og større bruk. Lågare prisar skal kompenserast med høgare ­effektivitet og lågare kostnader.

Inga løyndom

Dokumentaren heiter svinenæringas løyndomar, men når det kjem til industrialiseringa, vil eg bestemt hevde at me svinebønder ikkje har noko å skjule. Men me har forbrukarar og politikarar som ikkje er ­bevisste på korleis jaget etter ­billeg mat slår ut på produksjonen og dyra som er ein del av det.

Eg blir pressa til å produsere og yte maks utifrå plassen eg har i fjøset. Det er enormt små marginar, og vegen til økonomisk tap og kroken på døra er kort.

Eg slepper gjerne grisane mine ut på skogen i sumarhalvåret. Men grunna auka aktivitet veks dei nesten halvparten så fort og et nesten dobbelt så mykje. Det kostar. Ein har allereie produsentar som driv på denne måten, men marknaden er smal.

Svin på skogen

Det er kanskje ikkje å vente at Olav og Kari Nordmann som stadig er på pris­jakt kjem til å handle frigris på dagleg basis, og svin på skogen er kanskje eit ytterpunkt. Men ein kan kanskje håpe på ein produksjon som ligg ein stad der imellom­.

Kanskje kan det kome noko godt ut av denne dokumentaren. Kanskje kan forbrukaren verte meir bevisst på at eit godt ­dyrehald kostar, og at kvar penge­seddel forbrukaren bruker på den eine eller den andre matvara er ein stemmeseddel om korleis dei ynskjer at maten skal produserast.

Fram til det skjer har eg som svinebonde to val: Å avvikle drifta­, eller å produsere med maks yting på oppdrag frå det norske folk, for å klare å få økonomien til å gå rundt.

Innlegget vart fyrste gong 
publisert på forfattarens Facebookvegg.

Jørund Kvaale Hansen

Svinebonde

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt