På Dagsnytt Atten onsdag var det ein debatt om det er slik at vårt moderne norske velferdsamfunn primært er basert på kristne verdiar eller om dagens Norge primært er basert på dei liberale, sekulære verdiar som var fundamentet for grunnlova og 1814-strateganes tenking.
Utgangspunktet for debatten var KrF-ledar Kjell Ingolf Ropstad sin påstand om at det er kristne verdiar som me skal takke og motsvaret til sosiologiprofessor Gunnar C. Aakvaag om at dette er heilt feil – den kristne arven spelar liten rolle i dagens Norge.
Sjeldan eindimensjonale
Igjen får me ein klassisk enten/eller-debatt på eit tema der me er langt nærare eit både/og. Kvifor er det så krevjande å halde fast i ein grunntanke om at så komplekse ting som «arven til eit samfunn» sjeldan er eindimensjonale? Eg skjønnar at dette er debattens grunnform (to distinkte posisjoner), men kva om me prøvde oss med samtalens grunnform med lytting, utprøving, supplering og balansering?
Me er nettopp ferdige med 17. mai, dagen der landet blir dekka av flagget som det visuelle symbolet på Norge som land.
Og det er poenget. La oss stoppe opp ved nettopp flagget. For det norske flagget kan fortelje oss ein heil del om pilarane dagens Norge står på. Det norske flagget vart funne opp og etablert i tiåra etter 1814 etter masse merkverdige forslag, maktkampar og symbolske krumspring mellom den norske «1814-eliten», danske kongar og svenske kongar.
Det norske flagget bærer fire symbol i seg, fire symbol som alle peiker på sentrale dimensjoner ved norsk historie.
For det første: Dannebrog
Det norske flagget er basert på det danske. Som sjølvsagt peiker på at Danmark i mange hundreår har prega norsk historie, både direkte, ved at norsk statselite i stor grad var danskar i fleire hundre år. Delvis er desse embetsmannsslektene enno ganske mektige, så dette er ikkje kun «historie». Og delvis har denne arven fått meir indirekte konsekvensar. Denne sterke danske statsmakta gav ikkje stort rom for å etablere sterke norske elitar i form av mektig norsk adel eller sterke byborgerskap (med det hanseatiske Bergensborgarskapet som eit lite unntak). Dette peiker igjen på dei djupe røtene bak det norske samfunnets egalitet og grunnfesta likheitsideal. Dette er ikkje berre moderne ideal, dette er djupe historiske strukturer som understøtter og forsterkar desse ideala. Me skal berre til Sverige med sin mektige adel for å sjå kontrasten.
For det andre: korset
Det er da rett og slett tøv å hevde at dagens Norge ikkje lenger er spesielt prega av den kristne arven. Hundrevis av år med protestantisme, pietisme, lekmannsrørsler og haugianisme er framleis mulig å finne att som djupe straumar i norsk samfunnsliv. Listhaugianismen er eitt ferskt eksempel. Me forstår ikkje hennar posisjon, bodskap eller appell utan å kjenne desse ideologiske understraumane i visse deler av det norske samfunnet.
I tillegg har me sjølvsagt alle dei mentale modellane og symbola religionen drog med seg, alt frå helligdagar, livsritual og så bortetter. Det blir for banalt å bruke oppmøte i kyrkjene eller den delen som erklærer at dei er «truande» som bevis på at denne arven er «borte» i dag.
For det tredje: trikoloren
Det er ikkje tilfeldig at det er den franske revolusjonens sekulære ideal om fridom, likskap og brorskap – symbolisert med raudt, kvitt og blått – me finn att i det norske flagget (som i det franske, amerikanske og fleire andre). Norges grunnlov i 1814 var radikalt moderne og utvilsamt bygd meir på sekulære ideal enn religiøs kulturarv. Slik sett har sosiologen i denne debatten rett. Og han har rett i å peike på at det tok fleire folkerørsler for å realisere desse ideala og gradvis riste statsmakta ut av hendene til det etablerte embetsmannsveldet (altså – den danske arven)
For det fjerde: Flagget som sådan
Dette er symbolet på Norge som nasjon. Som peiker på den nasjonalromantiske arven og det voldsame nasjonsbyggingsprosjektet som vart skapt for å etablere Norge som eit djupt historisk fellesskap med ei stolt historie med vikingar og stordomstider, med brave menn som reiste ut i isøydet og alt det der. Me kan le litt av det, men me skal ikkje undervurdere denne delen av den norske tenkemåten. Sosial homogenitet kombinert med kulturell identitet gir eit ganske kraftig samfunnslim. Og dette limet er temmeleg uvurderleg når ein skal bygge så store konstruksjonar som vår moderne omfordelande velferdsstat.
Så tenk på det før du pakkar vekk 17. mai-flagget. Dette firkanta tøystykket kviskrar oss historia om fire pilarar i norsk historie, pilarar som eg er brennsikker på at enno «virker» på oss og som me må forstå om me vil forstå dagens Norge; den danske koloni- og embetsarven, 1.000 år med kyrkje og 500 år med pietisme, opplysningstidas sekulære, liberale ideal og nasjonalromantikkens insistering på eksistensen av det nasjonale fellesskapet og den norske identitet.