Verdidebatt

Populisme = demokrati

Vårt Lands innlegg "Kongens oppfordring"

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vårt Lands innlegg «Kongens oppfordring»  avdekkar ei tenkning og haldning som det er grunn til å setja spørsmålsteikn ved.

VL får seg til å seia: «Nå skal vi ikke tillegge våre politiske motstandere dårligere egenskaper enn vi har selv ………… den framvoksende populismen har som fremste virkemiddel å skape motsetninger mellom grupper».  (fordi dei utfordrar det etablerte – den styrande eliten, byråkratane - til ei endring av sin ufolkelege politikk?)

«Populist» er ein av dei verste merkelappane ein kan hengja på sin politiske meiningsmotstandar. Men ved å koma med ei slik utsegn plasserer ein seg i ein lite tiltalande posisjon. For når ein brukar populisme som skjellsord eller nedsetjande karakteristikk av personar eller folkegruppper  - fordømer ein seg sjølv  - eller syner at ein ikkje forstår kva ordet betyr.

Wikipedia definerer: Populister uttrykker mistillit til det eksisterende politiske system eller den politiske eliten – og lovpriser «folk flest» sin sunne fornuft».

Denne fana stiller eg meg så gjerne under, for dette er ekte demokrati.

Historisk er det populistane som har endra politikken til det betre.

Eit uttrykk for populisme er Sveits tradisjon med folkeavstemmingar.  Spør folket!

Store Norske Leksikon nemner andre karakteristikkar: «Populistene er for en bærekraftig miljøpolitikk – er i mot byråkratisering og sentralisering»

Er ikkje dette ein flott attest å få – og Senterpartiet sitt heiderlege varemerke?

Kva står i motsetnad til populisme?

Elitisme, byråkrati, globalisme – materialisert ved dei minst demokratiske politiske systema me har over oss: EU og FN. Ingen av dei uttrykkjer og fremjar folkemeiningane.

EU er to gonger avvist i folkeavstemming her hjå oss. Og den logringa for EU og FN som dei styrande i Noreg har praktisert i alle år er ei udemokratisk, ufolkeleg snik-EU-fisering som ingen ekte demokrat  kan vera bekjent av.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt