Verdidebatt

Identitet og miljø

Identitet har ingenting med miljø å gjera. Lenge leve respekten for identitet!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eivind Trædal klagar 17. desember på «Hatet mot miljøbevegelsen». Og det fyrste dømet på hat som han deler med oss, er negative kommentarar i sosiale media om han og hans eigen nære familie. Han snakkar også mykje om negativitet mot sitt eige parti - Miljøpartiet dei grøne.

Trædal med familie har fått mykje motbør av ein type som dei ikkje fortener. Likevel bør Trædal kanskje vurdera om det kan vera sider ved hans eigen måte å kommunisera på som kan virka tilbake på han sjølv.

Mange fekk til dømes med seg Trædal sin måte å diskutera med mellom anna Hans Rustad m.fl. på i Dagsnytt 18 tidlegare i år – Trædal greidde t.d. å gjera det til eit poeng at han ikkje forlet studio. Den debatten handla ikkje om miljø men er likevel eit godt døme på ein overlegen tone Trædal somme gonger synest å bera fram bodskapen sin med. Eg kunne ha gjeve døme på den bråkjekke Trædal når det gjeld miljødebatten òg.

Han synest rett som det er å ha litt vanskeleg for å innrøma andre retten til å ha sine eigne synspunkt. Og jamvel om det det litt for ofte kanskje kan vera lurt å ikkje lyda for mykje på alt som vert sagt, så framstår det å innta ei overlegen halding som eit dårleg utgangspunkt for ein person som –  slik som Trædal – ønskjer å endra folk sine oppfatningar.

Trædal nemner ulv, bil og olje som miljømessige konflikttyngdepunkt. Til slutt spør han - retorisk – kvar aggresjonen kjem ifrå: Han meiner det handlar om trussel mot eigen identitet:

«Oljenedturen handler naturligvis om mer enn synkende inntekter til staten. Det handler også om såret stolthet og en truet identitet. Det har aldri vært nok for Norge å kalle oss verdens rikeste land, vi vil også være de klokeste, de snilleste og de grønneste.»

Og her går analysen til Trædal i baret. For kven er det som – umedvite (sannsynlegvis) – har som identitet at dei både er dei rikaste og dei grønaste? For å seia det slik: Slike folk finn du fleire av der eg bur, på Oslo Vest, enn i ulvedistriktet Hedmark. Slike folk køyrer heller dyr Tesla enn ein gamal Mazda. Slike folk regulerer heller ting ifrå eit direktorat enn å pumpa olje på ei platform.

Identitet er knytt til det du gjer på - til dine gjennomtenkte og ugjennomtenkte handlingar: God far. Sprek ektefelle. Konsekvent vegetarianar. Ivrig billist. Prinsippiell togreisande. Aktiv i miljølrørsla. Stemningsskapar i AmCar-klubben. Sauehaldande bonde. Målmedviten nynorsking. Alt saman er handling. Og kvar handling er identitet. Me driv ikkje me tøys. Me gjer ikkje desse handlingane – og ber ikkje desse identitetane – for moro skuld.

Men fordi vi gjer på så veldig mange ulike ting, hamnar me i identitetskonflikt: Lovlydig borgar eller ulovleg ulvedrepar er, for nokon, ei slik konflikt. Og fordi handlingane/identitetane er så viktige for oss, hamnar me rett som det er i reelle konflikter.

Det finst, vil eg hevda, to hovudtypar av handling og dermed to hovudtypar av identitet: Avsendar og mottakar. Det spesielle med å stilla det opp på den måten er at det då blir tydeleg at ingen av desse identitetane eigentleg er viktige. For det det handlar om, dersom du er ein god avsendar og ein god mottakar, er at det som avsendar sender og det som mottakar mottek får sin rette plass og si rette oppmerksamheit.

Det er saka - ikkje avsendar eller mottakar – som er viktig. Og nettopp difor er avsendar og mottakar også heilt essensielle!

Det kan henda at avsendar kan - og må - gå ei ekstra mil for å få levert det ho vil levert til ein utilgjengeleg mottakar. Og det kan henda mottakar må gjera det same for å greia hanskast med det avsendar har sendt.

Her nyttar det ikkje å stå på sin identitet. Du er berre avsendar dersom du får sendt og mottakar dersom du mottek. Men respekten for identitet er likevel viktig fordi det er ein del av det å senda at ein har respekt for mottakar og ein del av det å motta at ein har respekt for avsendar.

Miljørørsla er mangfaldig. Og det finst mange gode måtar å høyra til henne på. Men Fredrik Hauge og Bellona var nokon av dei fyrste til å bryta med den tradisjonelle miljørørsleidentiteten. I den grad me faktisk kan snakka om eit hat mot miljørrørsla, så er kanskje løysinga å ta endå meir lærdom av Hauge/Bellona sin måte å fokusera minst mogeleg på identitet og mest mogeleg på resultat.

Lukke til som far, Trædal!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt