Verdidebatt

Rykk tilbake til start

Kva hadde kyrkja vore utan eit levande lekfolk?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei evangelisk-lutherske organisasjonane slit med tilgang både på medlemer og økonomi. Bedehusflokkane minkar. Å finne folk på lokal­planet til å ta ansvar for styra i misjonane er ikkje lett. Bedehusfellesskapa vert kløyvde, ein søkjer å skape sine eigne forsamlingar. Når ein så opp­lever at kyrkja driv bort frå klassisk evangelisk-luthersk lære, ­tømast gudstenestefelles­skapa. Kvar skal ein gå for å finne det åndelige samfunnet som kan føre til vekking og liv heime og ute?

Raude tal. 

NLM har lagt bak seg ei stor og sterk generalforsamling. Tilsynelatande utan for mørke skyer i horisonten, om enn gåvetilgangen viser tilbakegang. Normisjon si ­generalforsamling viser raude tal i gåveinntektene dei siste åra. Båe organisasjonar har misjonsstrategisk satsa på ­lokale forsamlingar og har opna opp for eigne trussamfunn for slike som ikkje lenger vil stå i vår kyrkje.

Kva er det som er i ferd med å skje? Får vi ei kyrkje der lek/misjonsfolket for ­indre- og ytremisjon ikkje finn seg til rette i, eit folk som etter trauste haugianske råd og seinare støtta­ av både av lekfolk og prestar, har hatt sitt sjelevinnarkall i folket vårt: I kyrkja, men ikkje under den?

Frå husmøte til fellesskap i bedehusa braut vekking og liv og misjonskall, og ein ­organiserte seg i sine særkall, utan å bryte ut av venesamfunnet. Men i dei 20-30 siste åra har vekkingane stilna, men prestar og lekfolk har prøvt å dele gudstenestelivet og vene­samfunnslivet i barne- og ungdomsarbeid, song- og musikkarbeid, misjonslag for ikkje å snakke om diakonalt engasjement og reising av barnehagar og skular på alle nivå!

Og lat det seiast: Organisasjonane har prøvd å omstrukturere seg for å «sikre seg». Fleire stader har det lukkast med eit blomstrande guds­teneste- og forsamlingsliv. ­Frimodig kyrkje held opp og fram dei evangelisk-lutherske sanningane og manar til ­ansvar og engasjement som bolverk mot den frie og liberalistiske «teologien» som svekkar åndslivet i kyrkja.

Tvingar seg fram. 

Sentrale leiarar i ulike organisasjonar opnar no for å gå saman att. Det å styrke fellesskapet om indre- og ytremisjon «tvingar» seg fram. Og ein treng ikkje ti bedehus i 20 kilometer omkrins. Kan vi sjå konturane av at dei ulike misjonsorganisasjonen kan gå saman i eitt og same bedehus (rundt om i by og bygd), finne saman slik som i den første tida?

Misjon vart skapt i fellesskap om heimemisjon som vaks fram i dei første husmøta og bedehusa, mange stader ­saman med presteskap som såg at her er kjernen også i eit godt gudstenestefellesskap. Biskop Nordhaug i Bjørgvin trekte fram dette i si tale ved 950-års jubileet for vår kyrkje under Seljumannamessa i sommar. Kva hadde kyrkja vore utan eit levande lekfolk?

Trykket i Vårt Land 6. august 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt