Verdidebatt

Religionsfridom i spel?

Viss alt til slutt vert ein kamp for religionsfridomen, kan det øydelegge for dei kampane der religionsfridomen verkeleg er i spel.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er oppteken av ordbruk og misbruk av ord, og i sommar har eg tenkt ein del på det ­siste. Heilt ­sidan eg blei engasjert i ­politikken har eg høyrt argumentet «dette er eit ­angrep på religionsfridomen min» bli brukt i eit vidt spekter av saker. Eg har brukt ­argumentet mange gonger sjølv også. Den siste tida har eg sett argumentet bli brukt i oppheta debattar om samlivssyn blant kristne, og i debatten om dei såkalla ­mirakelpredikantane.

I utide. 

Det må vere unikt for eit i-land for å hevde at det er åtak på religionsfridomen å få kritikk mot samlivssynet sitt eller kritikk for å tene pengar på å be for folk over telefon. Gjer ordet religionsfridom i det heile meining viss det skal brukast så vidt? Kan ordet brukast både om mirakelpredikantar sin rett til å tene pengar på bøn over telefon, samstundes som det brukast om fengsling, avretting og forfølging av kristne i andre delar av verda? Tvert om, omgrepet står i fare for å miste meiningsinnhaldet sitt når vi sleng det rundt i tide og utide.

Dokumentasjon.

Somme tider kan det høve seg å sette ting litt i perspektiv. ­Somme tider kan det høve seg å spørje kristne i Nord-Korea, Afghanistan eller Somalia om kva religionsfridom eigentleg er, eller endå viktigare: korleis mangel på religionsfridom eigentleg ser ut? Eg trur ikkje dei vil byrje å snakke om mirakelpredikantane sin rett til å ta betalt for bøn eller at dei får kritikk for samlivssynet sitt i offentlegheita.

Når folka bak World Watch List – som dokumenterer grove forfølging av kristne rundt om i verda – lagar lista si, er det desse spørsmåla dei stiller seg i arbeidet med religionsfridomen:

- Gir eit land si grunnlov og/eller lovverk religionsfridom? Er det ifølge lova tillete for enkeltpersonar å konvertere til ­kristendommen?

- Vert kristne drepne for si tru? Vert kristne sende i fengsel, arbeidsleirar ­eller innlagt på psykiatrisk sjukehus?

- Har kristne fridom til å trykke og distribuere kristen litteratur? Blir kristne publikasjonar forbodne eller sensurert i det gjeldande landet?

- Er det åtak på kristne møtestader ­eller dei kristne sine heimar ut frå anti-kristne motiv?

Grunnleggande.

Sjølv om desse spørsmåla har eit særskilt fokus på kristne, er det ingen tvil om at dei kan vere gyldige òg for andre trussamfunn og livssyn. Desse spørsmåla ligg nærare kjernen i spørs­målet om kva religionsfridom eigentleg er for noko, enn slik vi ofte høyrer omgrepet vert brukt i debattar her heime. Det kan derfor vere lett å gløyme kva religions­fridom er, når omgrepet vert tøygd og strekt i mange retningar.

Eg seier ikkje at debattane om samlivssyn eller mirakelpredikantane ikkje er viktige, men at vi alt for ofte lar vi oss freiste til å springe til den lettvinte løysinga om å bruke religionsfridoms-­argumentet i debattar som handlar om ting som er mindre grunnleggande enn som så. Alt kan ikkje vere heilt grunn­leggande samstundes.

Ulv.

For når vi tar ordet religionsfridom i munnen vår, bør vi vere klar over at det er noko heilt grunnleggande. Det handlar om retten til å ha ein religion eller ei tru. Det handlar om fridom til å utøve religion og tru. Det handlar om rett til fellesskap med andre som trur.

I ein sakleg debatt med saklege ­argument fins det som regel ei rekkje ­andre argument som kan brukast før vi må dra inn religionsfridomen. Det gjeld både for debattane om kristent samlivssyn og om mirakelpredikantane.

Ord er makt. 

Alle som har høyrt den gamle historia om guten som ropte «ulv, ulv» veit det. Historia fortel endå meir om kva konsekvensar misbruk av ord kan få.

Trykket i Vårt Land 25. juli 2018 i spalten Ideologi. 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt