Verdidebatt

Den kyrkja som var mi

Ein gong elska eg kyrkja og hadde ein heim der. Ein gong var Gud så integrert i livet mitt at han var i pusten min og i pulsslaget. I dag står eg og undrast, kva ber eg med meg, og kva var det som greip meg så sterkt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kor er ho, den kyrkja eg var så glad i? Kor er den Gud eg trudde på av heile mitt hjarte og alt mitt sinn? Ja, eg finn kyrkja mi i små glimt av gjenkjenning. Og den Gud eg trudde på, kanskje fins han? Men det blei så trongt der inne som han skulle bu, Det blei så tette veggar at det var vanskeleg å pusta. Det var så mange restriksjonar og kodar ein skulle passa inn i. Det var forteiing, det var dekking over ting som ikkje var bra. Spørsmål blei trussel, og undring farleg. Eg opplevde at det blei ikkje plass til det å vera eit heilt menneske.

Og den Gud eg trudde på? Det var ikkje ein som sat framme i koren og skulle beundrast og dyrkast. Nei, den Gud eg trudde på, han gjekk ut på gater og streder og møtte slitarar av alle former. Han bøygde seg ned til den som var falle og sa du er elska, reis deg og ver fri. Han sette seg på benken saman med den som sørgde og la armen om han og sa du er ikkje aleine. Den Gud eg trudde på, han ville livet. Han sa, dans, elsk, ver glad, for det er slik du sprer mitt lys ut. Du lagar deg din eigen Gud, sa dei til meg. Du må lesa skrifta. Eg las skrifta. Biblen min er full av understrekingar og slitte blad. Men eg las noko anna enn mange andre. Eg las om glede, om frihet, om nåde, om tilgjeving om kjærleik, omsorg og varme. Eg las at fordømming, baktaling, splid og herskesjuke var det ein skulle passa seg for, ikkje kjærleiken i sine mange former. Eg las at det var  egoisme, pengebegjær og hovmod som var det farlege for livet, ikkje kor glad ein var i livet, og at ein vågde seg utanfor den gitte sirkelen.

Eg trudde på ein livsbejaande Gud. Og eg prøver sjå om han er der. Er det plass for han i det hus som blir kalla hans? Kyrkjerommet er vakkert og gir ein god fred, salmane kan vera lindring for sliten sjel. Det kan vera godt å vera gjest der. Men livet er meir. Livet er i kvardagen, ute mellom dei som slit, mellom dei som dansar, mellom dei som elskar og dei som tar ansvar for desse hans minste. For det er den aller viktigaste bodskapen eg las i min Bibel. "Det du gjer mot ein av desse mine minste, det gjer du mot meg". Og så det å sjå til dei framannde, dei einsame, dei som er på flukt, dei som er heimlause. Frykt ikkje, sto det. Det sit i meg, alt dette eg las. Det er blitt ein del av meg, alt dette eg fekk med meg frå mi tid då kyrkja var min heim. Eg håper ho er der, den kyrkja. Ho trengs.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt