Verdidebatt

Forsking og formidling er ikkje motsetnader

Dei teologiske fagmiljøa har gjort akademia til den første verda dei snakkar til, men kva med kyrkja? spør Åste Dokka i Vårt Land 8. mai. Som akademisk fag skårar teologien høgt og gjer det best innanfor det såkalla teljekantsystemet. Men til kva pris? Dokkas påstand er at teologien har vendt seg bort frå kyrkja og frå menneskelivet. Teologane snakkar berre med kvarandre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Forskarar må sjølvsagt snakke til og med kvarandre. Dei er del av ein felles fagleg diskurs som dei  må forhalde seg til. Dette følgjer av dei rammevilkåra som teologien som akademisk fag opererer innanfor.
 
Eg synest Åste Dokka svartmålar situasjonen. Ho gjev eit for einsidig og negativt bilete av den akademiske teologien. Etter mi meining konstruerer ho opp ein kunstig motsetnad mellom akademia og kyrkje, mellom forsking og formidling. Faktum er at dei mest produktive forskarane innanfor teljekantsystemet òg er dei beste og mest aktive formidlarane. Det er ikkje anten-eller. Eg trur derfor heller ikkje at teljekantsystemet i seg sjølv kan nyttast som sjølvstendig forklaring på den problemstillinga som Dokka reiser.
 
Det må strekast under at teljekantar ikkje er det einaste som blir vurdert ved tilsetjing i vitskaplege stillingar og ved opprykk til professor. Ei rekkje kvalifikasjonar tel med i slike vurderingar, også undervisning og formidling. Universitetet i Oslo – og dermed også TF – har fire pillarar: forsking, utdanning, samfunnskontakt og innovasjon. Formidling er ein viktig del av universitetets samfunnsoppdrag. Det sitjande rektoratet snakkar om kunnskap i bruk. Her følgjer TF opp.
 
Innanfor akademia blir det i aukande grad lagt vekt på forskingsformidling og samfunnsnytte. Et forskingsprosjekt kan ikkje seiast å vere fullført før resultata har vorte formidla. Derfor er det òg eit krav i så godt som alle søknader om forskingsmidlar at ein gjer greie for korleis forskinga er tenkt formidla til samfunnet.
 
Eg får snakke for det fakultetet der eg er tilsett: TF har mange gode formidlarar.  Fleire skriv populærvitskapelege bøker og artiklar for kyrkja og allmenta elles, publiserer lærebøker, leksikonartiklar og anna – og når vidt ut. Vi har mange som nyttar kompetansen sin aktivt i og for kyrkja. Fleire tek på seg ulike oppdrag for kyrkja, verkar til dømes som vikarprestar og føredragshaldarar i ulike samanhengar.
 
At dei teologiske fakulteta gjer det bra som akademiske institusjonar, bør ikkje brukast mot oss. At vi lukkast her, er viktig for teologien som fag – og bør vere det også for kyrkja. Men det er ingen motsetnad til også å drive formidling. Akademia er forplikta på begge delar.

Hallgeir Elstad

Forskingsdekan, TF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt