Verdidebatt

Folket verda vender ryggen

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gjennom tidene har mange folk og kulturar blitt utsletta, eller prøvd fjerna. Indianarane i Amerika er eit døme.Folkemorda på jødar og armenarar er to andre. I Norge (Norden) prøvde ein å rydde ut samisk språk og kultur. Heilt fram til 1970-åra hadde vi program for å få bort tatarane og deira levemåte.
Men meir og meir har slik framferd møtt avsky. Styresmaktene har bede om orsaking. Då rohingya-folket i Myanmar med mord og brann vart drivne til Thailand reagerte verda, som ventande var.

Men i Mesopotania, mellom elvane Eufrat og Tigris, og med Ararat som sitt høgste fjell, der lever eit folk ein framleis fritt kan trakassere: Kurdarane.
Ingen veit kor lenge dei har budd her. Språket deira er indoeuropeisk, som vårt.
Landet Kurdistan finnest ikkje lenger. Det har vore under framandt herredøme sidan 1555. Og medan nabofolket, armenarane, fekk sitt heimland etter første verdskrigen, vart Kurdistan i 1923 delt mellom Tyrkia, Syria, Irak og Iran. Sidan har desse fire landa prøvd å utrydde kurdisk språk og kultur,- slik vi i Norden lenge behandla samane. Protestar frå kurdararne vert brutalt slått ned: folk vert arrestert, fengsla og drepne. Tettstader lagt i grus. Saddam Hussein gassa mange på 1990-talet. Erdogan bomba, mellom andre den tyrkiske byen Cizre i 2015, og 257 kurdarar vart drepne.
I Norge, og andre vestlege land, bur i dag mange kurdiske flyktnigar på grunn av overgrepa.

Den 20 januar i år gjekk Tyrkia over landegrensa til Syria, - og bomba kurdarar i Afrin-provinsen.
I snart 40 dagar har kurdarane hatt Tyrkias hær herjande.
Men reagerer verda på dette overgrepet? - På dette klåre brotet på folkeretten?
Og: vert dette viktig stoff for media? Svaret veit vi alle:Nei, det er mest heilt taust.
Overgretpet mot kurdarane vert lite omtala, - slik det alltid har vore.
I Vårt land skriv Hedda Langemyr, 18 februar, ein artikkel der ho etterlyser debatt om Tyrkia sitt angrep på Syria. Ingen har svara ho.
Dette er ikkje spesielt for Norge. Ingen land bryr seg. Korkje i aust eller vest.
Einskildpersonar, og dei mange kurdiske flyktningane, har teke til gatene og prøvd vekje folk og styresmakter. - Men til lita nytte, så langt.
Kvifor reagerer ikkje FN ? Kvifor krev ingen at kurderane si sak vert teken opp?
Kvifor har Norge og NATO «forståelse» for Tyrkia sitt åttak?
Truleg er svaret at Tyrkia er ein viktig alliert for NATO. I tillegg har Tyrkia den siste tida knytt tettare band til Russland. Både Russland og NATO ynksjer å ha Tyrkia som ven, og er redde for å skyve det frå seg.
Så det korte og brutale svaret er: kurdarane sin fridom vert ofra for å trygge NATO-alliasen og freden for oss andre.
Men kan vi leve med ein slik fred? Har vi rett til å ofre eit folk for vår fred?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt