Verdidebatt

Kristen forkynning i media

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er lang tradisjon i å ha kristen forkynning i radio og etterkvart i fjernsyn. Det er nokre år sidan det var berre ein radiokanal og andakten var fast innslag om morgonen på minst eit kvarter direktesending med talar og songarar i studio.


Mykje er forandra, noko til det betre, men også noko til tap. Fredagsandakten skulle bli betre, men i dag er alt som minner om andakt borte og erstatta av prat med folk på gata som kan le av kristen tru eller bekjenna at dei ikkje trur på kristne dogmer, men betrakter det som eventyr og myter.
I eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn, for ikkje å seia eit sekularisert samfunn, blir det stadig sett spørsmål ved retten for ei «lita gruppe» til å ha kristen forkynning, enda storparten av vårt lands befolkning fortsatt høyrer til eit kristent kyrkjesamfunn! Og er det berre kristen forkynning som er forkynning? Det er mange andre program som ikkje er nøytrale eller balanserte, men kan forkynna alle slags ideologiar, livssyn, ateisme eller andre religionar. Verdibørsen, som absolutt er eit flott og høyrbart program, er heller ikkje nøytralt. Det er mange interessegrupper med serprogram som ein må vera godt innanfor området for å forstå. Vitenskapsprogram, medisin, litteratur, teater, musikk, for ikkje å snakka om sport. Og det blir mange timar å slå av om ein ikkje er interessert i konkurransesport.

Når ein spør kva målgruppe NRK har for gudstenester og andaktar, så får ein til svar at det skal vera for alle. Difor ser vi også at innhaldet har vorte meir og meir utvatna i høve til kristen forkynning. Kanskje det ikkje lenger er så mange som set seg andektig ned ved radioen med Bibel og salmebok når andakten eller gudstenesta kjem, og i respekt for Guds ord ikkje gjer noko anna den stunda dei varer, ikkje ein gong handarbeid. Dei finst faktisk enno, sjølv om andakten no er så kort at ein knapt rekk å setja seg ned.

Kanskje NRK skulle ta meir omsyn til den interessegruppa som ønskjer å høyra gudsteneste og andakt, ja, som har bruk for det.

Det er ikkje gudsteneste kvar søndag i alle kyrkjer ut over landet, og somme lyttarar er for skrøpelege og gamle til å koma seg til kyrkje og samlingar. Dei ønskjer vanlege gudstenester direkte overført i radio og gjerne fjernsyn.

Denne gruppa interesserte ønskjer tradisjonelle andaktar med kristen forkynning ut frå Bibelen, Fadervår, velsigning og kristne salmar og songar, ikkje kåseri og filosofiske betraktningar, debattinnlegg eller småprat om kvardagslege ting, som kan vera interessant nok, men som ikkje er andakt til styrking av vår kristne tru, og som det er mykje av elles.

På ein seniorleir i haust vart det skrive eit brev til NRK med takk for kristne program, men med oppfordring til å få meir tradisjonell kristen forkynning ut frå bibeltekster og kristen song og salmar på norsk. Brevet vart underskrive av omlag 70 deltakarar og gjester. Det er mykje i ein slik samanheng.

Songen er ein del av andakten, og dei få minutta vil ein gjerne høyra kristne salmar og songar, t.d. frå vår flotte nye salmebok, gjerne i tradisjonell innspeling med klår tekst, helst på norsk eller svensk. NRK hadde eit strålande og populært program der alle salmane i den nye salmeboka sunge av kor og solistar og frammøtte i Vår Frue kyrkje i Trondheim, vart overførte i fjernsyn. Kvifor ikkje bruka noko av det, også i andakten?


Det har vorte mykje engelsk song i andaktane, slik som elles i NRK som skal vera ein kulturinstitusjon. Språket er noko av det viktigaste i eit folks kultur, så det skulle vera god nok grunn til å ta vare på den norske songskatten og bruka den i ein samanheng der ein veit at mange av lyttarane ikkje forstår engelsk, men også for andre. Det er vanskeleg å få tak i teksta også for den som kan litt engelsk. Og om det er på norsk, er det ofte profane viser og popsongar som ikkje har noko med kristen andakt å gjera. I ein andakt før påske som handla om Jesus som konge med tornekrone, presterte NRK å senda ein banal morosong som «Kanskje kommer kongen». I fastetida! Det er mange flotte salmar om Jesus som konge, t.d. «Konge er du visst, Herre Jesus Krist..»
Det må også vera mangel på innsikt eller respekt eller vilje når «Vår Gud han er så fast ei borg» blir sunge på engelsk etter ein andakt i Lutheråret om Luthers salmar og hans ønskje om at folket skulle syngja på sitt språk.


Så kan ein spørja kva målsetjinga og målgruppa for andakten er, eller for kristen forkynning. Når faste lyttarar seier at dei har slutta å høyra andakten «for det er ingen ting å få», så er vel ikkje det målsetjinga? NRK svarar at det er fleire som har på radioen under andakten no enn før.
Det kan bety at andakten har vorte så kort og utvatna og «ufarleg», og musikken så lik anna popmusikk, at ein lar radioen stå på, som bakgrunnsstøy, om ein er interessert eller ei. Å undersøkja kor mange som høyrer på gudstenesta vil vera meir målbart, eller kor mange som bevisst slår på radioen eller slår over på aktuell kanal for å høyra på andakten, vil vera nyttig og målbart.

Det kunne vore ei interessant undersøking.

Det hadde også vore interessant for oss brukarar å vita kva kriterier som blir lagt til grunn for utveljing av andaktshaldarar, kva kyrkjesamfunn og organisasjonar dei er utvalde frå, og grunnlaget for utveljing av salmar og songar. Kven bestemmer dette? Og er det interesse for å vita kva faste lyttarar ønskjer? Og da betyr det ikkje dei som berre lar P1 stå på, men dei som bevisst vel å høyra ein andakt.


Ein treng heller ikkje å forflata språket for den lyttargruppa som ønskjer religiøse program og som er familiær med «kanaans språk». Det gjer ein heller ikkje for andre interessegrupper, t.d. sport.
Det er ei sann glede når ein kjenner at andaktshaldaren forstår og har respekt for kva ein andakt er, når ein får bibeltekster og Guds ord forkynt, med Fadervår, velsigning og ein god kristen song eller salme, slik ein heldigvis kan oppleva enno. Er det for mykje å be om dette?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt