Verdidebatt

Kor går Venstre?

På sitt beste har det liberale partiet Venstre samla breitt, på tvers av geografiske, religiøse og sosiale skilnader. Andre gonger har det rike sjelelivet gjort mange forvirra, og berre dei mest ihuga har gått og røysta på dei. Kor Venstre går no, veit få, men politisk redaktør i Vårt Land. Berit Aalborg gjer sitt til å gjere dette verre og vanskelegare enn det det er. I «Borgerlig tibakekomst» 15. desember forsøker ho å danne eit bilde av at ei høgreside har fått dominere Venstre, og «vunnet kampen om Venstres sjel». Skuldnarane er Det Liberale Folkepartiet, Civita og Unge Venstre, som «tilhører grovt sett den mer borgerlige og næringsorienterte fraksjonen i partiet» som er «noe mindre opptatt av det «sosiale» perspektivet i partiets liberale profil».

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Aalborg tek feil eller skriv for enkelt om mykje. Ikkje alle skuldnarane er skuldmenn med rette. Unge Venstre er framleis ein aktiv miljø- og asylopposisjon i Venstre, og vil gå lenger enn moderpartiet. Det ville det også under Sveinung Rotevatn.

Feil om 1972

Splittinga av Venstre var ikkje ei splitting i ei høgrefløy, og i ei venstrefløy, og det var ikkje DLF som var garantisten for eit borgarleg samarbeid. I valkampen i 1973 garanterte Halvard Eika (V) for at eit borgarleg fleirtal skulle gi ei borgarleg regjering. Han sa at tida ikkje var inne for eit samarbeid med venstresida. Venstre skulle samarbeide med Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og om nødvendig Høgre. DLF derimot opna for samarbeid «med den demokratiske arbeiderbevegelsen», og vil ikkje låse seg til å støtte ei regjering som mindretalet i Venstre ikkje ville inn i. Dette kan Aalborg og alle andre sjå i opptaka som ligg tilgjengeleg på nettstaden til NRK. DLFs syn på makt, og lite velvilje til å gå inn i regjering, minner om motsette krefter av dei syn Aalborg har fremma i  leiarar, kommentarartiklar og redaksjonelle val.

Aalborg nyttar Gunnar Garbo som døme på «vinnarsida» i Venstre i 1972. Det er berre delvis rett. Sjølv då han var leiar var Gunnar Garbo like ofte i mindretal som i fleirtal. Han skriv interessant om dette i si eiga bok om å vere til venstre for Venstre.

Feil om næringspolitikarar

Aalborg forsøker å lage eit bilde av at det finst ei høgrefløy som er meir oppteken av næring, og ei venstrefløy som har eit større sosialt hjarte. Idet legg Aalborg som føresetnad at ein må liggje litt til venstre politisk for å tenkje sosialpolitisk. I Venstre er ikkje det riktig. Engasjementet for verdiskaping og verdipolitikk samstundes er ein sentral del av det liberale prosjektet. I biografien om næringspolitikaren Sponheim kan ein til dømes lese at han vurderte å bli barne- og familieminister i Bondevik II, fordi dette var saker som var oppriktig viktig for han.

Terje Breivik er den i leiinga som er mest skeptisk til regjeringssamarbeid. Samstundes er det få som er meir oppteken av næringsprofilen til partiet enn han. Ordføraren i Bø, Olav Kasland, som også er mot regjering, har fleire gonger forsvart Venstres harde linje mot LO.  Sveinung Rotevatn, som fleire plasserer til høgre, har snakka engasjert om barnefattigdom, dyrevelferd og rusomsorg. Med andre ord: Venstre er vanskelegare å kome inn på enn Aalborgs grunne analyser opnar for. Når ho har klart å gjere seg til ekspert på Venstres politikk i eigne spaltar og på NRK, er det fordi ho meiner mykje om partiet, ikkje fordi ho kjenner det.

Feil om sosialt samvit

Sosial samvit er ikkje noko venstresida har hevd på. Universelle løysingar på den eine sida, og tilpassa løysingar til den enkelte på den andre sida, er to ulike sider av sosialt samvit, sosialt engasjement og ønske om utjamning. Venstre har oftast arbeidd for å balansere desse ulike ytterkantane.

Venstre-folk vil heller prioritere mest ressursar i skulen der utfordringane er størst, ikkje ha like mange lærarar på alle skular i heile landet. Venstre vil halde på barnetrygda, men tilpasse ho slik at dei som treng det mest får meir. Venstre ville i si tid sikre folketrygd for alle, ikkje berre dei fagorganiserte. Venstre ville også sørge for at alle hadde like pensjonsordningar, og ikkje nytte statlege middel til AFP for dei få.

Ruspolitisk har Venstre gått i litt raskare takt enn andre parti, men få som har vore på eit venstrelandsmøte vil seie at det er fri flyt av narkotika dei har kjempa for, dei som har ville endre ruspolitikken. Blant dei som har gått i front for endringar er Odd Einar Dørum. På eit landsmøte sto også ei dame i bunad og forsvarte «Lisboa-modellen», ikkje fordi ho ville gi heroin til alle, men fordi ho var villig til å finne radikale løysingar på store problem. Det er eit anna fellestrekk for Venstre-folk.

Feil om liberalisme og sosialliberal

Vårt Land har i vekevis forsøkt å dra opp eit skarpt skilje mellom eit distrikts-Venstre og eit urbant Venstre. Så enkel er ikkje verda. Til dømes har ordførarane i Fjaler, Granvin og Bø fått spalteplass i denne avisa for å vere talerøyr for den regjeringsskeptiske fløya. Ordførarane i tre liknande kommunar: Eid, Vanylven og Vestre Slidre stør regjeringsforhandlingane. Dei får vesentleg mindre spalteplass.

Aalborg trekk fram stortingsvalprogrammet i 2013 som eit døme på at den liberale fløya vann, og at eit sosialliberalt mindretal tapte. Alle medlemmar i komiteen som var på det voterande møtet, er med i vekslande fleirtal og mindretal.  Guri Melby, som Vårt Land ofte tek med i ei høgreside, var mot karakterar etter 7. steget,  i motsetnad til tidlegare Leikanger-ordførar Rolf Nesheim. Begge gjekk inn for å regulere bokmarknaden. Leiaren av Venstrekvinnelaget Åsta Årøen og eg – som har blitt presentert i Vårt Land som ein motkulturmann – var for altruistisk surrogati, men også for reservasjonsrett for fastlegar i abortspørsmålet. Skiljelinjene i Venstre gjekk då, som no, i enkeltspørsmål. Sjelelivet til liberale folk, anten dei er sosialliberale, kristenliberale som eg har kalla meg, eller rett og slett liberale, er mangfaldig.

Det er mange grunnar til at Vårt Land og andre kan vere i mot at Venstre går i regjering denne gongen, og andre gongar. Det synet må likevel ikkje hindre evna til å vere nyansert og etterretteleg. Ei svart-kvitt-framstilling gagnar berre dei som vil skape større skilnader i Venstre, i sentrum og i norsk politikk. Det trur eg eigentleg Vårt Land vil unngå. Det vil i alle fall eg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt