Verdidebatt

Harald Eia og potetpresten

Ein kan lura på kva den såkalla «opplysningstida» hadde vore utan prestane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Harald Eia fekk spørsmålet: «Hvor mye av æren skal kristendommen ha for at samfunnet vårt er blitt som det er blitt i dag». Han meiner at suksessen ikkje starta i år 1000 med kristendommen, men i 1750 med opplysningstida, og han vart raskt oppfatta som om dette var i motsetning til den rolle kristendommen har spelt i uforminga av samfunnet vårt..

Spørsmålet blir då kven som var «opplysarane» her i landet i 1750.

Svaret er at det først og fremst var prestane, som var utdanna i København og utnemnde av kongen.

Ein av desse ivrige opplysningsprestane var Peder Harboe Hertzberg som var sokneprest på Finnås frå 1764 til  1802 og prost i Sunnhordland frå 1784, og sonen hans, Nils,  som var prest i Rosendal og prost i Kinsarvik.

Peder  lærte bøndene i Sunnhordland å dyrka poteter og gå med tresko. Han gav ut eit hefte om potetdyrking som vart trykt i mange opplag. Det siste i 1918 av Landbruksselskapet. Potetene var årsaka til ein uvanleg stor folkevekst i Sunnhordland frå 1780 til 1800. Peder hjelpte og til så 16 familiar fekk seg husmannsplass og klarte seg godt. Han var medlem av Det vitenskabelige selskap i Trondheim, starta av biskopen der, og sende inn prøvar av vatn og bergartar til København for undersøkjing. Han starta oppatt marmorbrotet på Moster. Marmoren vart skoren til  marmorplater med fire sager parallelt på oppgangssaga i elva på prestegarden. Platene vart  eksporterte heilt til Karibien.

Sonen Nils rodde øya rundt og teikna det første kartet av Bømlo. Utruleg nøyaktig etter dei hjelpemiddel dei rådde over. Nils sette i gong med koppevaksine i Rosendal, ikkje utan motbør, og han lærte gutane å symja. Som prost i Kinsarvik fekk han spørsmål om å gå opp ein trase for veg over Haukelid, og han valde om lag den traseen der gamlevegen går frå Seljestad til Seljord. Han målte djupnene i fjordane og høgda på fjella, ja, til og med kor djup isen var på Folgefonna. Han inviterte engelske og franske rikfolk til Hardanger og gav dei losji i prestegarden, og slik introduserte dei norske fjordane for omverda.

Både Peder og Nils Hertzberg var den tids dokterar. Mens dei studerte i København vart dei oppmuntra til å hospitera på lasaretta i byen for å læra seg det mest grunnleggjande om førstehjelp og medisinbruk. Nils fortel frå barndomstida på Finnås at det knapt gjekk ei veke utan at det var sjuke folk i prestegarden.

Etter det eg har lese meg til, var dei på ingen måte tørre fornuftspredikantar, men levde seg inn i folks levemåte og snakka til dei inn i deira situasjon. Dei var glad i folk og såg det som eit livskall å betra levekåra til folk flest. Dei beundra skaparverket og ville utforska det til beste for menneska.

Så då kan ein lura på kva den såkalla «opplysningstida» hadde vore utan prestane. Det må vera rett å hevda at det var kristendom og opplysning hand i hand.

Ola Ersland

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt