Verdidebatt

Krokodilletårer for oppsagte sjøfolk? Eit TiSA-apropos.

Representantar for reiarlaget GC Rieber Shipping påstår at «– Vi synes det er sterkt beklagelig at markedet påtvinger oss et slikt tiltak», etter at dei no sparkar 66 fast tilsette sjøfolk for å leige inn billegare arbeidskraft.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når leiinga i eit norsk reiarlag kjem med eit slikt utsagn er det faktisk ting som skurrar ein god del.

Det skurrar fordi dette reiarlaget er medlem i Norges Rederiforbund som aktivt argumenterer for at «markedet» nettopp skal bli slik at det vil «påtvinge» bedriftene slike tiltak. Anten er reiarlaget si leiing ikkje klar over at det er det rederiforbundet gjer, eller så er det rimeleg drygt av dei å legge skulda for denne «misæren» på «markedet», slik dei her gjer.

Norges Rederiforbund er klar i talen: «Regjeringens varsling om en mer offensiv handelspolitikk og friere handel ønskes velkommen.» Dette er å lese i ein fersk kommentar rederiforbundet har lagt ut på sine nettsider med tittelen «Viktige signaler fra UD i ny Globaliseringsmelding».Dei argumenterer altså for eit slikt brutalt marknad, og gjer dermed «beklagelser» frå reiarhald som den frå GC Rieber Shipping, rimeleg hule.

Gløymer TiSA-avtalen.

I det omtalte skrivet frå rederiforbundet, kommenterer dei  «det nye handelspolitiske landskapet som preges av regionale forhandlingsinitiativer». Det er i den samanheng oppsiktsvekkande at dei så skriv at «TTIP-forhandlingene står her i særskilt stilling», men unngår å nemne TiSA-avtalen som er den enorme avtalen som Norge faktisk er aktivt med i forhandlingane om, saman med 50 land! Ettersom maritime tenester er ein viktig del av TiSA, så er det nesten utenkeleg at rederiforbundet ikkje er godt orientert om at desse forhandlingane pågår. Kanskje hjelper dei her regjeringa når denne prøver å snakke så lite som mogleg om denne avtalen?

Det er elles bortimot latterleg når det i skrivet også står at «Vi støtter fullt opp Regjeringens primære handelspolitiske interesse som er å bevare og styrke det multilaterale handelssystem». Det er latterleg fordi «det multilaterale handelssystem» faktisk betyr WTO, og vi samtidig veit at TiSA-forhandlingane kom i stand i klart brudd med WTO, fordi storinvestorane ikkje fekk til den liberaliseringa av tenester slik dei ynskte det innanfor WTO-systemet. Dette forholdet er noko som også regjeringa har eit svært «lemfeldig» forhold til, i sitt forsøk på å unngå politisk debatt om denne høgst diskutable avtalen TiSA.

TiSA er diskutabel fordi den opplagt vil vere ein trussel for langt fleire arbeidsplassar («markedet vil beklageligvis påtvinge oss oppsigelser») enn den vil skape nye. Denne diskusjonen unngår både regjeringa og Arbeiderpartileiinga i det lengste…

Dersom GC Rieber Shipping virkeleg bryr seg om dei sjøfolka som dei no sparkar, då bør dei be Norges Rederiforbund om å arbeide for at TiSA-avtalen blir stansa, slik at dette «markedet» ikkje blir endå meir brutalt enn det alt er.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt