Verdidebatt

Brutal frihandelsideologi dominerer

I skuggen av frihandelsavtalane TiSA, TTIP, TPP og CETA, legg no EU-kommisjonen også eit stygt press på fleire afrikanske land for å få dei med på tilsvarane avtalar direkte med EU.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mellom andre det franske vekemagasinet Politis som har oppslag om dette. Sjå evt denne: http://www.politis.fr/articles/2016/06/chantage-et-coup-de-pression-leurope-impose-le-libre-echange-en-afrique-34950/

Dersom dei seks landa Ghana, Elfenbeinskysten, Kenya, Botswana, Namibi, og Swaziland, ikkje innan 1. oktober har signert ein sokalla økonomisk partnerskapsavtale (APE) med EU, så vil EU straks auke sine tollsatsar på produkt frå desse landa, er trusselen. Den APE-avtalen vil kreve at desse landa drastisk reduserer det tollvernet dei så langt har fått aksept for.

Ei rekke franske frivillige organisasjonar er sterkt kritiske til denne endringa i politikken overfor slike afrikanske uland, og meiner at dette evt vil vere katastrofalt for utviklinga av næringslivet i desse landa. Frå 70-talet og framover har det vore aksept for at slike land treng særlege vilkår i handelen med dei industrialiserte landa. Denne haldninga ser no ut til å vere erstatta av ein brutal frikonkurranseideologi. Det er tydelegvis dei same kreftene som vil ha TiSA og TTIP m.fl. som no også styrer politikken overfor dei afrikanske landa.

I artikkelen går det fram at EU-kommisjonen ser ut til å gi etter for presset frå dei store europeiske konserna som opererer på det afrikanske kontinentet. Også her er det altså snakk om at interessene til dei store transnasjonale konserna går framom omsynet til dei folka dette går ut over.

I midten av juli skal Europa-parlamentet uttale seg om denne trusselen mot dei afrikanske landa skal settast ut i livet. Den same månaden, den 5. juli skal EU-kommisjonen i tillegg bestemme om dei ulike nasjonalforsamlingane i EU-landa skal få lov til å uttale seg i samband med ratifiseringsprosessen for CETA, frihandelsavtalen mellom Canada og EU, som er ei slags miniutgåve av TTIP-avtalen som også er under forhandling...

Og parallelt med dette går prosessen om den like farleg TiSA-avtalen vidare.

Så ultraliberalistane har travle dagar for tida.

Klarer vi å stanse denne galskapen?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt