Verdidebatt

Galskapen i TTIP og TiSA er avslørt.

Med dei siste lekkasjane som Greenpeace Nederland nyleg kom med, er avtalane TTIP og TiSA grundig avslørde.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.


I tillegg til å vise kva slags bikkjeslagsmål mellom særinteresser i USA og EU denne sokalla transatlantiske partnerskapen faktisk er, så får vi no grundig dokumentert kor usannsynleg udemokratiske desse avtalane er.
På same tid som forhandlingsleiarane for USA og EU, ambassadør Froman og kommisær Malmström,  prøver å imøtegå kritikk mot avtalane med å påstå at  "desse avtalane ikkje vil vanskeleggjere (impede) regjeringane sitt arbeid med å vedta nye reguleringar" ,  så viser altså desse lekkasjane at regjeringane må "stå skulerett" for storselskapa for å bevise at reguleringane er nødvendige, at målsettinga berre kan oppnåast gjennom dei foreslåtte reguleringane, osv, osv.  Påstandane frå Froman og Malmström blir på denne bakgrunnen rimeleg latterlege. Dersom dette ikkje er å legge hindringar i vegen for politiske styresmakter sitt arbeid, så er det ingen ting som er det!

Når vi så veit at lekkasjar frå TiSA-forhandlingane om det foreslåtte Transparency Annexe, viser eit nokså identisk opplegg for den avtalen, så ser vi at begge avtalane er grundig avkledde med ein stygg forakt for demokratiske prinsipp.
Også for TiSA går forslaget ut på at "alle land skal på førehand offentleggjere alle tiltak/reguleringar som dei har planar om å innføre".  (2. a. publish in advance any measure referred to in paragraph 1 that it proposes to adopt."

Tilsvarande krav til storselskapa om innsyn, som kunne hindre skattesvindel frå uland (og andre) og ditto korrupsjonsskandalar vi alt ser for mykje av, er derimot ikkje å skimte i avtalane...

Særleg Arbeiderpartiet, men også Kristeleg folkeparti, har så langt utvist ei uforståeleg positiv haldning til TiSA-avtalen, den avtalen som Norge er direkte med i forhandlingar om utanfor WTO-stystemet. Dei har presentert visse krav til avtalen, som det virkar som om dei trur dei kan få gjennomslag for, og dermed ser ut til å kunne finne på å stemme for ein litt modifisert, men farleg, avtale i Stortinget dersom den skulle kome så langt...

Uansett kva som blir det endelege resultatet for visse punkt i desse avtalane, så viser desse avsløringane at dei som "skriv" avtalane, har ein skremande mangel på respekt for demokratiet og interessene til folk flest. Det vil vere meir enn uforståeleg dersom ikkje Ap og Krf ikkje no snart "oppdaterer si haldning til TiSA og tonar klarare flagg mot den avtalen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt