Verdidebatt

Ny statsekretær med dårleg forsvar for TiSA-avtalen

Den nye statssekretæren i UD, Tone Skogen, prøver som den forrige å forsvare handelsavtalen TiSA. Denne gongen vedgår ho i det minste at også denne avtalen ikkje utelukkande har fordeler, men også kostnader (“forpliktelser“) for Norge

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den nye statssekretæren i UD, Tone Skogen, prøver som den forrige å forsvare handelsavtalen TiSA, nyleg i ein disputt i Klassekampen med kritikarar av avtalen frå Attac, Nei til EU og Handelskampanjen. Denne gongen vedgår ho i det minste at også denne avtalen ikkje utelukkande har fordeler, men også kostnader (“forpliktelser“) for Norge.

Likevel gjentek ho eksempelvis den velkjende - og så smått absurde - påstanden om at “handelsavtaler er et gode for Norge”. Det må gå an å vere ærleg nok til å vedgå at dette heilt vil avhenge av korleis avtalen er innretta. Kan Skogen for eksempel forklare kvifor Uruguay har trekt seg frå TiSA-forhandlingane dersom TiSA så opplagt ville vere “et gode” for landet?

Når statssekretæren faktisk kjem med fleire eksempel på områder der Norge i forhandlingane har sett seg nøydd til å reservere seg mot den liberaliseringa som er det generelle hovedprinsippet og målsettinga for TiSA, så tydeleggjer ho (ufrivillig) med det, den potensielle faren for å redusere det politiske handlingsromet som ligg i avtalen. Kan ikkje Skogen forstå at det er mange i dette landet som ikkje finn grunn til å stole på ei liberalismefrelst regjering, når det gjeld å sørge for at Norge i desse forhandlingane reserverer seg på alle dei områdene der vi burde gjere det?

Når Skogen skriv at “Det inngår allerede i våre internasjonale forpliktelser fra Gats i 1995 at vi har handlingsrom til å treffe regulatoriske tiltak”, så er det verdt å minne statssekretæren om at ambisjonane for TiSA er å gå vesentleg lenger enn det som har skjedd i GATS-samanheng. Frå tilhengarar av TiSA-avtalen, er det gjennom søk på nettet, lett å finne setningar som denne “TISA market access commitments wouldgo well beyond GATS commitmentsand services offers tabled in the Doha Round“.

Når regjeringa finn det formålstenleg å avspore TiSA-debatten med faktisk å sette igong konsekvensutgreiing av TTIP (som ikkje Norge, men EU og USA-forhandlar om) istaden for å få dette gjort for TiSA(!), så ytterst merkeleg... Når den blir pressa til å kommentere TiSA, så kjem også statssekretær Skogen med bagatelliserande halvsanningar om denne avtalen. Ein avtale som ikkje berre “gir Norge og norske bedrifter tilgang til utenlandske markeder”, men altså vil vere ein trussel for dei bedriftene som vil bli utsette for ein endå hardare konkurranse FRÅ utanlandske aktørar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt