Verdidebatt

Kyrne på beite til ære for statsministeren

Biletet av Erna Solberg som klappar kyrne til «Fremtidsbonden» på beite, er berre eit landbrukspolitisk postkort.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

(Foto: Statsministerens kontor)

I september 2014 inviterte statsminister Erna Solberg og dåverande landbruks- og matminister Sylvi Listhaug seg til mjølke- og kornbonde Bjørn H. Westby i Akershus. ­Besøket kom etter landbruksoppgjeret i mai i fjor der striden stod om stordrift. Etter brot i tingingane nekta fleirtalet i Stortinget for ein gongs skuld slavisk å følgje statens siste tilbod.

Storbonde Bjørn H. Westby investerte i mjølkerobot etter valet i 2013. Til han drog Solberg og Listhaug. «Sammen med landbruks- og matministeren møtte hun på kyrne ute på beite», skreiv Solbergs folk på ­regjeringen.no etter besøket, under overskrifta «Fremtidsbonden». Dei skreiv også:

«Regjeringen er opptatt av å legge til rette for økt matproduksjon uten at dette skal gå på bekostning av mattrygghet og dyrevelferd. Vi innretter statlige­ overføringer slik at det skal lønne­ seg å produsere mat, sa Sylvi Listhaug.»

Sist veke viste NRK Brennpunkt eit lengre intervju med «Fremtidsbonden» sjølv, Bjørn H. Westby. Han snakka om stordrift, vekst og framtidstru. Han viste fram mjølkeroboten. Og han fortalde at gjester gjerne vil sjå kyrne­ på beite. Men i praksis er ikkje kyrne ute. Om sommaren opnar han fjøsdørene for å få frisk luft inn. NRK viste bilete av kyr som stod i døropninga og såg ut.

Bileta av statsminister Solberg som klappa kyrne på beite, viste altså ein meir og meir utdatert postkort-versjon. Kyrne på beite var til politisk glede for det storfine besøket. Sidan Listhaug la vekt på dyrevelferd, håpar eg ho veit at det er inneliv for kyrne som er den verkelege resepten for framtidsbonden.

Eg skal ikkje ta frå Westbye framtidstrua. Men eg festa meg ved Brennpunkt sin reportasje frå Veitastrond, ei lita bygd i min eigen heimkommune­, Luster. Arne Nes ville byggje ny fjøs til sju millionar for 25 kyr, men Tine gav klar beskjed: Skulle han satse, måtte det vere med minst 50 kyr. Det hadde han ikkje jord til. Arne Nes la ned drifta, han og kona fann seg anna arbeid. Han føreslår for Tine å byte ut bileta på mjøkekartongane: I staden for kyr på beite kan bileta vise ein mjølkerobot.

På Veitastrand og i dei andre bygdene i Luster er det svært usikkert kva som skjer når ­dagens ­generasjon bønder må gje seg grunna alder. Dei har all grunn til å spørje om dei er fortidsbønder. På desse gardane – også på garden der eg vaks opp – er kyrne framleis på beite­, først rundt husa før dei vert sende på saftig fjellgras. På beite er dei til langt utpå hausten. Dette jordbruket utnyttar fjellgraset og grovforet, før kraftforet supplerer.

Økonomien krev at bønder har arbeid ved sida av. Kvar gong eg er heime, er det som regel endå ein bonde som har gitt opp mjølkekvoten. Og dei som nærmar seg 70, veit det kan vere slutt – fordi ingen vil ta over. Såg du Einar Øygarden (71) – frå ein av nabogardane i heimbygda mi – på Dagsrevyen i vinter, veit du kva dette handlar om. Han starta som 15-åring. Dagsrevyen var der då han sende siste kua til slakteriet. Han er fortidsbonden.

Framtidsbonden treng jorda til naboane, store mengder diesel for å frakte fôret til gards – og kyr som knapt nok kjem ut av industrifjøset. Dyrevelferd?

Brennpunkt intervjua to pensjonerte bønder på Veitastrand. Dei mintest dei gode 70-åra då unge par vende tilbake til bygda for å drive med geit. I 1978 intervjua eg Astrid og Magnar Heggestad, for ­avisa Gula ­Tidend. To år før hadde dei og tre barn vendt tilbake frå Oslo – livet i ei blokk på Tveita var ikkje freistande. Dei tok over garden, bygde hus og fjøs og satsa på geit. Dei var dei første av eit rush med utflytte som kom tilbake og gav nytt liv til den vesle bygda Veitastrand som har trassa tidsånda.

Korleis det gjekk? Astrid og Magnar har ikkje angra ein dag, trass det harde arbeidet. I knapt 20 år gjekk det i geit døgnet rundt, i sterkt fellesskap med dei andre geitebøndene, før dei overlet garden til dottera – dei valde å byggja opp ei lita industriverksemd.

Dottera leiger i dag jorda bort til naboar. Dei andre geitebøndene driv framleis. Dei som driv med ku, held det vel gåande til alderen krev sitt. Er stordrift kravet, blir det få igjen. Robotar er framtida. Kyr på beite er fortida.

Først publisert i Vårt Land 23.2.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt