Verdidebatt

Krossveg for KrF

I alle år har har eg innerst inne trudd at KrF er eit sentrumsparti som vil bygde-Noreg vel. Dei to siste åra, og særleg dei siste vekene har eg vorte meir i tvil.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

"Samarbeidsavtale med Høgre og FrP" vert det kalla, det som KrF og Venstre har bunde seg til som støtteparti for regjeringspartia. "Lefling med liberalpopulisme" er eit meir høveleg namn på det som med vitende og vilje skjer. I sak etter sak, vedtak etter vedtak spring KrF og Venstre etter regjeringspartia med lua i handa. Stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Senterpartiet har treffande kalla det "KrF og Venstre sin nye bremse-ideologi". For kva skjer når regjeringspartia har ein gjennomført strategi med å gå ut med ekstremt liberalistiske forslag, vel vitande om at KrF og Venstre etter ein passe drøy debatt hyller sine "bremse-tiltak" som eigen seier og deretter godtek vedtak, forskrifter og lover som er langt, langt meir ekstreme enn sentrumsparti nokon gong elles ville godteke? Ekstra ille vert det når opposisjonen på same tid er samla, og vil kunne oppnå fleirtal dersom KrF og Venstre støttar det som i grunnen er eigen politikk, i staden for å springe etter dei blåblå med "slukkeutstyr".

Dersom dette no får halde fram fryktar eg for framtida til bygde-Noreg. Det "brenn" alt for fleire kjernesaker: eit mangfaldig landbruk over heile landet, busetjing i alle bygder, lokal sjølvråderett i kommunane, ein human og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk. Den "brannen" som alt no ulmar i bygde-Noreg, kan kome til å koste  både KrF og Venstre dyrt ved neste krossveg: får dette halde fram vil båe partia utvilsamt verte straffa av veljarar som kjenner seg svikne og skuffa. Regjeringspartia fører ein gjennomført by-politikk, det er som om mantraet er "by og land, mann mot mann", der ein frå tidlegare tider kjenner "by og land, hand i hand". KrF og Venstre er her i same båt, uansett korleis partileiinga definerer dei politiske måla partiet til ei kvar tid set seg og kva for verdiar ein skal leggje mest vekt på, er det mange av veljerane som er opptekne av god politikk for bygde-Noreg. Ein har allereie sett korleis det gjekk med SV etter år med å gå bort frå eigen politikk.

Forslaget frå næringskomiteen om endring av konsesjonsloven er den siste saka som ber preg av "brannslukking". Det er tydeleg at ein ikkje har vurdert konsekvensane av endringane, men i staden har vald å korrigere på regjeringspartia sine liberalistiske forslag. Det er unntak i det vide og breie, for forpakting, tilleggsjord, bruk under 35 dekar dyrka jord og ein vil til og med gi frå seg råderetten over heile lova, ved å forskriftsfeste når priskontroll og buplikt skal inntre. Geir Pollestad omtaler desse unntaka meir som "låvedører" enn "smutthol". Næringspolitisk talsmann i Høgre Gunnar Gundersen har uttalt til Nationen at: "Vi tenker aldri på smutthol når vi kjem med forslag. Intensjonane med forslaget er gode". Underforstått, lova skal endrast, uansett konsekvensar. Intensjonane er klare, men ikkje gode for bygde-Noreg. Å setje si lit til at ei høyring skal endre særleg mykje er fåfengd, i beste fall naivt når Stortinget no har vedteke dei politiske føringane.

Regjeringspartia ønskjer å privatisere NSB, og KrF og Venstre uttaler seg positivt om å legge halvparten av jernbanestrekningane ut på anbod. Ein kan kome med så mange reservasjonar ein vil, men har ein fyrst bidrege til å få "snøballen til å rulle" er ein også ansvarleg dersom den veks og ikkje let seg stoppe. For store deler av bygde-Noreg er jernbanen ei livsnerve, og det handlar om meir enn berre å kome fort og rimeleg mellom to byar. Store europeiske land har ikkje lukkast med slik storstilt privatisering. Kven skulle trudd at to sentrumsparti vil stå medansvarleg for slike eksperiment med så mange ukjende konsekvensar?

Kommunereforma vert dytta på oss frå alle kantar, "robust" er vorte eit så slitt omgrep at ein mest berre tenkjer på kommunereforma når ein høyrer det. Når regjeringspartia manglar argument for å syne kvifor kommunesamanslåing er føremålstenleg, vert det truga med inntektsbortfall og økonomisk ruin. Truslane, om enn innpakka i fine ord, kjem stadig tettare ettersom dei påtvungne svarfristane nærmar seg. KrF og Venstre har gjennom tidene alltid vore opptekne av lokaldemokrati og lokal sjølvråderett. Kvifor skal partia no stillteiande støtte prosessane som går føre seg i kommunal- og finansdepartementet? Opposisjonen har allereie samla seg om å halde på frivillige avgjerder i høve til kommunereforma. Støttepartia har dermed eit svært stort ansvar i høve til kva for side dei vel i denne saka.

Erfaringane frå dei to siste åra tilseier at regjeringspartia ikkje synest at lokaldemokratiet skal tilleggjast større vekt. Eg må gjenta same spørsmålet som både Senterpartiet og Arbeiderpartiet har stilt: skjønar KrF og Venstre kva for ansvar dei tek på seg når dei let slike endringar skje? Mange av desse endringane er irreversible.

Det er på tide at KrF og Venstre "kjem heim", til sentrum i politikken der dei høyrer til, og ikkje som haleheng til regjeringspartia. Ettersmaken kan verte svært kostbar i 2017.

Håvard Holeplass, Cand. agric.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt