Verdidebatt

Når nasjonslause storkonsern dikterer handelsavtalane

Vi treng internasjonale avtalar, men det stikk motsett av det TiSA og TTIP legg opp til...

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje folkevalde representantar for dei ulike landa som styrer forhandlingane når dramatisk viktige handelsavtalar, som TiSA og TTIP, blir utforma. Det viser seg derimot å vere storinvestorane sine lobbyorganisasjonar. Dette er ikkje ein laus påstand frå mi side, men uttrykkeleg stadfesta av ein av EU sine sjefsforhandlarar, Michel Servoz. Han kunne stolt fortelje at forhandlarane faktisk aktivt konsulterer lobbyen for storselskapa, European Services Forum, ESF, for å få klarert EU sine posisjonar i TiSA-forhandlingane: "The positions of negotiation that we took, we verified them with ESF so that we could know whether it answered their need".Desse posisjonane var sjølvsagt ikkje klarerte på same vis med tilsvarande arbeidstakarorganisasjonar...

Den manglande politiske debatten, og regjeringa si ekstremt einsidige, og overflatiske framstilling av TiSA som ein god avtale for Norge, tyder på at det same forholdet gjeld like mykje her til lands.

Kva blir så konsekvensane av at slike avtalar ikkje blir forhandla fram for å ta vare på heile samfunnet sine interesser, men er sterkt påvirka av interessene til storinvestorane og dei mest konkurransedyktige “nasjonslause” konserna? Det mest innlysande er at den historiske maktkampen mellom arbeidstakarsida og det som i vår tid framstår som “finanseliten“, på dramatisk vis vil tippe ytterlegare i favør av finanseliten og storinvestorane. Det er dei mindre, lokale bedriftene i dei ulike landa, som blir dei opplagte taparane i dette spelet, noko den veksande protesten frå det haldet rundt om i Europa, vitnar om. Den nye generasjonen handelsavtalar, TiSA, TTIP og TPP, blir med rette kalla investeringsvernavtalar, og dei skal hindre at politiske styresmakter innfører lover og reglar som risikerer å redusere dei “nasjonslause” storinvestorane si “forventa inntjening på investert kapital”. Om slike reglar skulle vere aldri så godt motiverte for å verne miljø, eller trygge lokale arbeidsplassar med eit snev av anstendige løns- og arbeidsforhold, gir tydelegvis denne investorlobbyen blaffen i.

Det uhyggelege med TiSA og dei andre nye frihandelsavtalane, er at dei, på meir irreversibelt vis enn tidlegare, er i ferd med å låse oss faste i ein situasjon der demokratiske institusjonar har fråskrive seg autoritet på viktige områder i samfunnet.

Mange har vondt for å tru at slike påstandar som dette, er sanne. Dersom du er ein av dei, så kan det vere nyttig å ha fylgjande eksempel i tankane:

Sprøytemiddelprodusentane Bayer, BASF and Syngenta saksøker no EU-kommisjonen på grunn av at EU vil forby eit sprøytemiddel som dei fryktar drep bier i stor skala. Insekt som er heilt avgjerande for pollineringa, og dermed for landbruk og naturen generelt. (Sist sommar, vart det eksempelvis oppdaga 37 millionar daude bier berre på ein enkelt gard i Canada..) I staden for at Bayer, BASF og Sygenta normalt burde ha grunn til å frykte erstatningskrav mot seg pga dei skadane produkta deira har gjort, så er altså "investorlogikken" så dominerande at det er det motsette som skjer! Og det er altså ved hjelp av handelsavtalar av den typen det her er snakk om, at slike konsern kan saksøke land i slike saker.

Det er i alle fall tydeleg at storinvestorane veit at dei har store pengar å tene på å få viljen sin i slike avtalar. Elles ville ikkje eksempelvis pro-TPP-lobbyenbruke nærare 500 mill US$ på eitt år for å påvirke denne avtalen som USA har forhandla med land i Stillehavsområdet. (Lobbying expenditures by members of a pro-TPP coalition increased to $135 million in the second quarter of 2015, up from $126 million in the first quarter and $118 million in the fourth quarter of 2014, according to Senate Office of Public Records reports reviewed by Reuters).

Dette illustrerer på skremande vis kva slags krefter som er i sving..

Det er uforståeleg at norske styresmakter, og eit, med få unntak, passivt Storting, gjennom TiSA-forhandlingane er med på dette rotteracet mot sunn fornuft i økonomisk politikk. Faren er stor for at eit overflatiske informert Storting vil ratifisere TiSA ein gong i slutten av 2016.

Odd Tarberg

otarberg@mimer.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt