Verdidebatt

Håp som kristen drivkraft

Det er ei oppgåve for kyrkja å tale saman med og på vegner av dei som tørstar etter rettferd og som vil skape fred, om ein vil vere blant Jesu disiplar i vår tid.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kva er gode kriterier for kyrkjeleg samfunns­engasjement? Stundom­ handlar debatten om dette meir om kva kyrkja ikkje skal seie og gjere, enn kva ho skal få fram, i ord og handling. Kva inneber den kristne trua for ei opa kyrkje i ein open samfunnsdebatt?

Eg vil leggje inn eit godt ord for eit spesielt kriterium: Håp. Det kan verke litt stort og lite konkret. Ved litt ettertanke er det kanskje nettopp dette det må handle om?

Temaet vart nyleg formulert i ein samanheng på engelsk: ­«Advocacy and service, a matter of faith?» «Advocacy» er eit ord som gir retning: Det er ei oppgåve for kyrkja å tale saman med og på vegner av dei som tørstar etter rettferd og som vil skape fred, om ein vil vere blant Jesu disiplar i vår tid. Uttrykket er ofte brukt om økumeniske tiltak for å ta opp aktuelle og vesentlege verdispørsmål om rettferd og fred i verda.

Det vert gjerne­ reist i Kirkenes Verdensråd (KV) sitt arbeid i tilknytning til heilt konkrete problem, så som anerkjenning av at armenarane vart utsette for eit folkemord, eller om det kritiske målet for Paris­avtalen skulle vere 1,5 eller 2 grader (fordi det betyr vere ­eller ikkje vere for folk og kyrkjer på stillehavsøyane), eller om det er rett av Ungarn å stengje grensene sine med piggtrå, eller om Israel kan byggje muren/gjerdet utanfor internasjonalt anerkjente grenser.

KV har tatt stilling til desse spørsmåla. Det skjer i samarbeid med medlemskyrkjene, stundom også i ein krevjande dialog med dei. Sjølv om KV arbeider ut frå prinsippet om konsensus, har vi tatt stilling etter grundig føre­buing på ein kritisk og konstruktiv måte til slike spørsmål.

KV vart ofte før skulda for å vere «for ­politisk», til dømes av evangelikale talsmenn. Den kritikken er stilna noko. Det hender vi høyrer vi burde sagt noko meir, eller noko anna. I dag har vi konsensus i uttalelsar om menneskerettar, krig, forsoning, fattigdom, miljø, flyktningar, rasisme, og det er ofte ei felles plattform vi deler med både evangelikale og katolske stemmer.

Ikkje minst har Pave Frans vist korleis kyrkja ut frå si kristne tru må engasjere seg i lagnaden åt medmenneska gjennom tydelege ord om konkrete spørsmål inn i det offentlege rom. Han har vist at han også vil stå saman med andre kyrkjer i dette vitnemålet.

Heldigvis er det ofte vi i KV kan fremme rettferd og fred saman med stemmer frå andre religionar eller med partnarar så som FN-organisasjonar. Det skjedde sist veke i Genève då vi hadde ein to dagars konferanse om flyktningkrisa saman med UNICEF, UNFPA og UNHCR.

Når KV i denne perioden etter generalforsamlinga i 2013 samlar alt ­arbeid under temaet «Ei pilegrimsreise for rettferd og fred», er det nettopp denne samanhengen vi prøver å få fram. Det er pilegrimsferd i konkret eller åndeleg forstand (som jo høyrer saman) som ei felles rørsle, ei reise i tru.

Trua er motivasjonen til å gå vidare, på veg mot det heilage, inn i det ukjente, i møte med dei som vi lever saman med, og med vilje til forandring. Saman ber vi Fadervår: Lat riket ditt koma, lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Den norske kyrkja sitt motto «Meir himmel på jorda» uttrykkjer det same. Vi arbeider for det som kjenneteiknar Guds rike: rett og fred og glede.

Det er difor håp er eit kriterium på kva trua på den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus inneber og skal føre til. Og kriteriet på kva som er håp, er at det er drive av kjærleik til dei andre. Det kan ikkje vere berre eit håp for meg og mi gruppe og mine interesser.

Kjærleiken er motkrafta til urettferd og konflikt, elles vert det mykje tom tale. Dette kan ein som kjent seie med sterk og god støtte for eksempel i Paulus sitt fyrste brev til kyrkjelyden i Korint.

Det kristne­ håpet kjem frå evangeliet om krossen og oppstoda. Gud har ikkje gitt opp kampen mot synda;­ sjølv ikkje den største urett som fører til døden skal ha det siste­ ord. Soning og forsoning er ­mogeleg.

Oppstoda peikar alltid framover.

Ikkje for å invitere til å vente og sjå kva som skjer, men nettopp for å vise at vi trur at forandring er mogeleg, at Guds rike kjem. I håpet om rettferd og fred på den nye jord, får vi nettopp større respekt for og omsut for denne jorda og alt som lever her og er skapt av Gud.

Og vi får mot til å tru at vi kan vere med på å skape meir rettferd og fred. Alt anna ville vere nettopp det motsette av kjærleik, som er størst av alt. Det er også difor «advocacy» må høyre­ ­saman med «service», tenesta for andre, for verda, for Gud. Begge deler er uttrykk for den trua på Kristus som vi deler.

Om eg skal oppsummere det to viktige røyster i Den norske kyrkja har sagt meg, og som no er tagna, er det nettopp dette. Både Berge Furre og Karsten Isachsen, kvar på sitt vis, fekk fram at kristentrua nettopp gjev håp om at forandring er mogeleg, og at vi kan vere ein del av denne forandringa.

I to store sakskompleks som KV og kyrkjene i Noreg og andre land har ­arbeidd mykje med, er det viktig at vi ­bidrar nettopp med håp som tru på framtida og kjærleikens vilje til forandring. Eg skulle ha siste innlegg på plenumsdebatten på COP21 i Paris på vegne av «faith based communities».

Eg sa at som representantar for «tru» har vi håp saman med heile det sårbare skaparverket. Vi hadde rett til å håpe at ministrane kunne sjå på kva som gagnar menneskeætta, ikkje minst generasjonar etter oss. Vi fekk eit teikn på håp til slutt. No må alle følgje opp.

I Europa i dag er det ei særleg oppgåve for kyrkjene å gi håp til dei som har flykta frå alt dei har. Det skjer gjennom inter­religiøst fredsarbeid, ved humanitær innsats i krigsherja land, i nabo­landa og der dei strandar, som kritiske røyster mot stengde grenser (ofte i nasjonalisme eller kristendomens namn), og i samarbeid om integrering.

Kyrkja skal ikkje tvinge samveta. Den norske ­debatten har sine særpreg, gitt vår bakgrunn og kontekst. ­Etter å ha vore statskyrkje, kan det kanskje henge att tankar om at Den norske kyrkjas talsmenn/talskvinner representerer øvrigheita, og at no skal dei i alle fall ikkje tale med eit slikt mandat?

Dei bør då ikkje tale om det andre skal ha greie på, og som folkekyrkje heller ikkje tale mot politikarane, folks flest, eller avis­kommentatorane sine oppfatningar?

Demokrati inneber vel at alle bidrar med innsikt og verdiar i opne ordskifte. Og livet er nå ein gong konkret. Folkets valde skal fremme det felles gode for alle, skape rettferd og fred. Kva det inneber, bør ei folkekyrkje ha noko å seie om, og gjere noko med det, slik at det gjev håp for dei som særleg treng det.

Først publisert i Vårt Land 28.01.2016

LES MER: «Kirken - ikke en aktivistorganisasjon», skriver Trond Bakkevig

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt