Verdidebatt

Vårt Lands omtale av Hege Storhaug og boka hennar om islam

VL spør i dag: "Hva er det med Hege?" Over fem sider let avisa fleire av hennar kritikarar gje oss svaret. Då spør eg sjølv: Kva er det med pressa og Vårt Land?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Linda Noor: Hege er populær av same grunn som Donald Trump

På framsida av avisa er det konvertitten Linda Noor som kjem til orde. Ho set Storhaug i bås med Donald Trump og hevdar begge er populære fordi dei er politisk ukorrekte. Viss det ukorrekte består i å seie sanne ting som folk sjølv ser og er samde i, kan det vere noko i dette, iallfall for Storhaug sin del. Men ho er seriøs der Trump er tankelaus og flåsete. Medan han har markert seg med populistiske slagord i valkamptalar og éin-linjes Twitter-meldingar, er Storhaug ein forfattar som har skrive ti bøker om dei sakene ho er opptatt av og ønskjer diskusjon om.

Kritikk utan kjennskap til forfattarskap

Nokon saksorientert diskusjon vil heller ikkje Vårt Land gå inn i. Det ser vi alt på side tre, der elles fornuftige Rimehaug er forundra over "mediefenomenet Storhaug", men vedgår at han "ikke har lest så mye av det hun skriver". Utan godt kjennskap til forfattarskapet, vågar han likevel å påstå at "hun sier så kraftig fra at det går an å henge alt du hater ved dine motstandere på henne". Og han hevdar at ho ikkje berre er ein hardtslåande kritikar av islam, men også av muslimar. Med ubunden form svevar ordet "muslimar" i skoddeheimen. Kvifor ikkje presisere og skrive muslimar som undertrykkjer kvinner, ønskjer sharia, vil ha hudud-straffer eller driv jihad, dvs dei ho i siste boka kallar Medina-muslimar?Og kvifor bidra både til "mediefenomenet" og til å setje henne i dårleg lys ved å skrive slik: "At hun virker så polariserende, kan ha med henne å gjøre. Folk som har forsøkt å kritisere henne, forteller at de får rasende reaksjoner." Ja, eg tvilar ikkje på at Storhaug er engasjert.Utan iver og innsatsvilje er det ikkje muleg å skrive ti bøker og kjempe i hard motvind gjennom fleire tiår. Rimehaug har sjølvsagt rett i at vedvarande motstand set nokon kvar i forsvarsposisjon. Spesielt blir reaksjonen slik mot journalistar som manglar kunnskap om innvandring og islam, men likevel har så sterke meiningar at dei vel å presentere eit skremmebilde av henne i staden for å la seg skremme av ytterleggåande islam.

"Kontroversiell og omstridd" kontra "sakleg fagmann"

På side fire og fem i avisa kjem ei rekkje andre kritikarar til orde. Linda Noor er først ute. Ho påstår at politikarane ikkje har tatt til orde for å opne grensene ukritisk. Nei, dei seier ikkje dette, men fører likevel ein politikk som vil gje innvandrarfleirtal i Noreg før dette hundreåret er ute. Er ikkje dét ukritisk, så veit ikkje eg. Noor meiner "problemet er folk som lar seg overbevise om at mediene hovedsaklig er venstrevridde". Men det er eit faktum at eit stort fleirtal av journalistane røystar på Ap, SV og Raudt. Det har dei sjølve fortalt oss i Medieundersøkelsen.

PR-rådgjevar Elizabeth Hartmann snakkar også om "høylydt å ta avstand fra muslimer", som om det er det Storhaug gjer, men har truleg rett i at mange kan ha røysta for Hege som årets namn i VG fordi ho er direkte, uredd og tydeleg. Men kvifor skal også Hartmann bruke karakteristikken "kontroversiell". Denne omtalen blir stadig oftare brukt til å utdefinere meiningsmotstandarar. Det skaper inntrykk av at vedkomande ikkje er sakleg, objektiv og kunnskapsrik, men står langt frå dei personane og miljøa som faktisk er det. Motsatsen til slik karakteristikk ser vi når Vårt Land presenterer dei som skal vurdere Storhaug og hennar forfattarskap. Då er det titlar som filosof, rektor, generalsekretær, presseekspert og islamforskar (!) som gjeld, ord som osar av tyngde, fagkunnskap og objektivitet. På side 32 kallar også VL Hege Storhaug for "den omstridte islam-debattanten".

Syse: Storhaug generaliserer, forenklar og karakteriserer. Har han lese boka?

Henrik Syse skuldar ikkje Storhaug for å skrive direkte usant, men seier at ho gjev "frykten og usikkerheten i samfunnet en stemme", at ho "har en tendens til å generalisere" og "ikke alltid ser behovet for å snakke om tro og kultur uten å stigmatisere og karakterisere for mye". Han meiner generelt at ho forenklar komplekse saker, og at ein derfor "skal være på vakt". Men noko belegg for å påstå dette kjem han ikkje med.

Meir balansert er derimot Helge Øgrim, redaktør i Journalisten, som meiner Storhaug er ei nyttig røyst, med djupt og ektefølt engasjement.Men også han er "bekymret for deler av retorikken hennes". Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, er både positiv og kritisk, medan Gunnar Brodahl-Johansen er begeistra for at folk vågar å bruke ytringsfridomen til å seie ting andre ikkje tør å ytre seg om.

Men Storhaug får også sjølv kome til orde og seier m.a.: "Jeg er egentlig forundret over at mediene er mer opptatt av å snakke om fenomenet Hege Storhaug fremfor å snakke om innholdet i boken."

Olav Elgvin, mannen bak "Muslimprosjektet" og Morgonbladets "slakt", får avseie dommen

På Kultursidene er oppslaget "Innvandringskritisk bok på salgstoppen". Også der får Storhaug seie sitt: "Jeg spør meg selv hvorfor norske medier ikke tør å gå løs på islam med den samme ramsalte kritikken de retter mot kristendommen. Islam vokser frem som maktfaktor og beskyttes av mediene.. Muslimsk brorskap, jihadister og salafister finnes over hele Europa og får mer og mer makt og innflytelse. Jeg er bekymret for hva som skjer hvis vi ikke klarer å stoppe folkevandringen fra den islamsk-dominerte verden."

Men i staden for ei drøfting av om ikkje Storhaug her har eit poeng, er det meste av spalteplassen gitt til Olav Elgvin, som er kjend frå Verdidebatt for si positive haldning til islam. Dette illustrerer godt det Storhaug seier ovanfor om å beskytte islam. Då Elgvin skreiv om "Islam. Den 11. landeplage" i Morgenbladet, påstod han at Storhaug med denne boka hadde meldt seg ut av samfunnsdebatten om slike spørsmål. I grunngjevinga overfor VL kjem han berre med nye påstandar: "Hun tangerer det paranoide når hun forestiller seg at Norge står i fare for å havne under sharia-styre i løpet av få tiår. Det er en apokalyptisk tenkning som jeg finner helt absurd.. Problemet er at de standpunktene hun inntar nå, er så ekstreme at det blir vanskelig å føre en dialog. Hun har blitt mer og mer ideolog.. Hun er gått over til å føre en ren ideologisk kamp mot islam.. og går inn for å forby moskeene." Elgvin påstår også at Storhaug "flere ganger har kommet med påstander som bevislig ikke har medført riktighet, uten evne til å ta nødvendig kritikk."

Kvinnene bak HRS er svært seriøse og sannferdige!

Sjølv har eg sett to artiklar på rights.no  der noko var feil, men begge gongene kom det ein korreksjon, ei orsaking og ei god forklaring på mistaket. Det er sjeldsynt i media, som kvar dag serverer oss halvsanningar, skjuler fakta i lengste laget og brukar eufemismar og omskrivingar for å pynte på realitetane når muslimar er involverte. Eg har sjølv lese fire av bøkene til Storhaug og hundretals av artiklane hennar, men ikkje sett anna enn at ho har sitt på det tørre. Elgvin sine påstandar er tekne ut av sin samanheng og prega av generaliseringar, som er nettopp det han og andre kritikarar skuldar Storhaug for å kome med.

Ytterleggåande liberalisme gjer oss forsvarslause, også mot eit islam som truar fridomen

Sjølv er eg slett ikkje samd med Storhaug i eitt og alt. Ho er ein sekulær feminist med fartstid frå Dagbladet og kjem såleis frå det kulturradikale miljøet som gjennom generasjonar har kritisert kristendom og verdikonservative haldningar, som no knapt er representerte i maktbastionane i samfunnet. Etter mitt syn er liberalismen er i sin ytste konsekvens ikkje løysinga, men hovudårsaka til samfunnsproblema i dag, både manglande kulturell og biologisk reproduksjon og ein liberal og einsidig, individualistisk menneskerettstenking som har som konsekvens at store muslimske folkegrupper tek over også vår vesle nasjon. Dette trugar fridomen vår på ei rekkje felt og primært den grunnleggjande ytringsfridomen. Dette siste har Hege Storhaug og HRS sett, formulert og dokumentert betre enn få andre. Og der har media elles svikta katastrofalt, inklusive VL, som har heller ikkje denne gongen består prøva, sidan avisa også no rettar skytset mot bodberaren og ikkje mot fridomens fiendar. Men realitetane ligg skjult i denne korte setninga frå bokomtalen i avisa: "Nå blir det likevel boksignering i Vestfold og Telemark på lørdag, med politibevoktning". Ja, kvifor det då?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt